Formuesskattens fortreffelighet

Av Annette Alstadsæter

Skatt, formue
Skatt, formueFoto: Shutterstock.com

Formuesskatten har ein fortreffelig bi-effekt: informasjon. Bare spør danskane om kor viktig det er.

Detaljerte opplysingar om formue blir samla inn av Skatteetaten for å rekne ut kva kvar enkelt skal betale i formuesskatt. Denne informasjonen er også viktig for kontroll, statistikkformål, politikkutforming og transparens. Skattedataene er ikkje perfekte, då dei ulike formueselementa inngår til skatteverdi og ikkje marknadsverdi, men det kan justerast for. Få land har så god informasjon om personars formue som Norge.

Eg har ringt rundt til ulike offentlege instansar med spørsmålet «Dersom formuesskatten blir fjerna i morgon, kva skjer så med formuesrapporteringa?», men utan å få noko klart svar. Denne kronikken går ikkje inn i debatten for eller mot formuesskatt; målet er å vise kor viktig det er med godt datagrunnlag.
Transparens og informasjon står sentralt for å hindre maktmisbruk og kriminalitet. Danskane måpar for tida over ein storsvindel som den danske skatteetaten SKAT vart utsett for, der kriminelle utanlandske nettverk i perioden 2012-2015 svindla statskassen for ein sum som til nå har kome opp i over 15 milliardar kroner. Det viser seg at ein saksbehandlar i SKAT aleine behandla alle krav frå utanlandske aksjonærar i danske selskap om refusjon av utbytteskatt betalt i Danmark.

Utanlandske eigarar kan ha legitime krav på ein slik utbytteskatterefusjon. Problemet er at ein i Danmark ikkje heilt veit kven som eig kva, slik at utanlandske eigarar (og i fleire tilfelle fiktive eigarar) fekk utbetalt refusjon av utbytteskatt som aldri hadde blitt innbetalt.
Ifølge Danmarks Radio har også andre land blitt utsette for same type svindel, deriblant Norge. Belgia skal ha utbetalt nærare to milliardar kroner i utbytteskatterefusjonar før svindelen vart avdekka.

Skatteetaten opplyser til Danmarks Radio at det i Norge vart utført ein feilaktig refusjon på ein halv million kroner i 2013 og at ti seinare krav på refusjonar på til saman 350 millionar kroner har blitt avviste. Aksjonærregisteret vart oppretta i 2004 som ledd i innføringa av utbytteskatt og gir god, men langt frå perfekt, informasjon om eigarstruktur i norske aksjeselskap. I motsetning til SKAT registrerer Skatteetaten kva som har blitt betalt i utbytteskatt for utanlandske eigarar og kan sjekke om dei har rett på refusjon.

Ulikhet er angitt som ei delforklaring på både Brexit og Trump, og auka ulikhet er ein mogleg trussel for politisk stabilitet og økonomisk utvikling. Godt statistikkgrunnlag og korrekt informasjon om faktisk ulikhet er heilt nødvendig for å kunne foreta reell omfordeling. I Norge er fordelingsanalysar sentrale i politikkutforminga på mange område og ligg til grunn for eitkvart skatteforslag. Men dersom ein til dømes definerer fattigdom etter inntekt på individnivå, utan å ta omsyn til verken hushaldseffektar eller formue, så vil kvar minstepensjonist og husfar/mor med låg eller ingen inntekt bli klassifiserte som fattige, sjølv om dei har høg formue eller har ein ektefelle med høg formue eller inntekt. Omfordelingspolitikk basert på slike analysar vil då kunne gi ganske så uheldige utslag.

Nyare metodar i statistikkproduksjonen tek omsyn til dette og klassifiserer ikkje ein person med låg inntekt som fattig dersom han samtidig har formue over eit gitt nivå. OECD poengterer dette i sine retningslinjer for statistikkproduksjon og framhevar også behovet for god formuesstatistikk.

Sverige fjerna formuesskatten i 2007, og med det forsvann også den generelle formuesrapporteringa til den svenske skatteetaten Skatteverket. Sverige har ikkje detaljert informasjon om individas formue etter 2007 og må bruke alternative og upresise metodar for å få formuesinformasjon.

Spørreundersøkingar blir i mange land brukte til å samle informasjon om personars formue, og denne metoden dannar grunnlaget for blant anna EUs formuesstatistikk. Men spørreundersøkingar har ofte låg svarprosent og kan generere ufullstendig og unøyaktig informasjon. Ein annan metode er å berekne formuen indirekte basert på tilgjengelig informasjon om kapitalinntekter og kapitalgevinstar. Men realiseringa av gevinstar kjem ofte stykkevis og delt, og forsking viser at desse berekningane av formue er sårbare for konjunkturar og endringar i regelverket.

Så kjære politikarar: ikkje gjer same feilen som Sverige. Uansett kva endringar de måtte bestemme dykk for å gjere i formuesskatten, pass på at det framleis er mogleg å administrativt innhente detaljert formuesinformasjon på individnivå.

Denne teksten vart først publisert i Dagens Næringsliv 23.mars 2017: https://www.dn.no/meninger/2017/03/22/1308/Okonomi/formuesskattens-fortreffelighet

Publisert - Oppdatert

Del på