CLTS Rapport: Jordleige og strukturendringar i norsk landbruk

Av Kateryna Krutskykh

Ny CLTS Rapport skrevet av Erling Berge "Jordleige og strukturendringar i norsk landbruk" er ein del av forskingsprosjektet "Jordleie og strukturendringer i norsk landbruk".

CLTS Rapport "Jordleige og strukturendringar i norsk landbruk" er ein del av forskingsprosjektet "Jordleie og strukturendringer i norsk landbruk". Prosjektet er eit forprosjekt der målet er å få til ei landsomfattande gransking av prosessane som flytter bruksrettar til jordbruksareal mellom eigarar og leigarar og kva typar kontraktar som vert tekne i bruk. Forprosjektfasen er finansiert av ei løyving frå NMBU sitt Tverrforsk program for 2014.

Prosjektgruppa, Stein Holden (leiar), Espen Sjaastad, Håvard Steinsholt og underteikna, studerer i forprosjektet situasjonen i 3 kommunar, Ås (0214), Norddal (1524), og Rissa (1624). Denne rapporten fortel om datainnsamlinga for Norddal kommune. Vi tar i bruk opplysningar frå fleire kjelder: Matrikkelen, Landbruksregisteret, kommunale arkiv og eigne intervju.

Prosjektet har støytt på fleire typar hinder som har seinka gjennomføringa. Det første hinderet var ein meir tidkrevjande prosess enn forventa med å få tilgang til registerdata. Det andre var problema med å få folk til å svare på eit tilsendt skjema med spørsmål. Svarraten vart for låg mellom eigarar som ikkje sjølv er aktive jordbrukarar til at vi kan bruke data som opphaveleg tenkt. Frafallet var særleg stort for Norddal der vi berre brukte web- og post-utsending av skjema. Der ein personleg leverer ut skjema og hentar dei igjen går det betre. Men det er ein metode som ikkje kan nyttast i ei landsomfattande gransking som var det langsiktige målet. Den er heller ikkje brukbar når eigarane er spreidd over heile landet.

Kombinasjonen av datakjelder gir likevel grunnlag for visse typar konklusjonar. Somme observasjonar vert presentert i innleiingskapittelet. Desse vil bli utdjupa i artiklar etter kvart.

Publisert - Oppdatert

Del på