Kronikk: Sårbart og lukka samarbeid med skatteparadis

Skatteparadis
SkatteparadisFoto: Shutterstock

Forutsetningane for vellukka samarbeid er ikkje oppfylte, og myndighetene gjev ikkje journalistar og forskarar innsyn, skriv Annette Alstadsæter.

Skatteparadisas hemmeleghald må bekjempast gjennom internasjonalt samarbeid, informasjonsutveksling, åpenhet og sanksjonar, skriv Annette Alstadsæter i ein kronikk i Dagens Næringsliv 21. oktober.

Skatteparadis sel hemmeleghald som kan brukast til skatteunndragelse, kvitvasking, korrupsjon og andre kriminelle aktivitetar. Dette har nyleg blitt aktualisert gjennom det store internasjonale journalistsamarbeidet Pandora Papers som viser korleis hemmeleghald bidrar til å skjule eigarar av selskap og eigedomar, også i USA.

Norge deltar saman med over hundre andre land i OECD sin Common Reporting Standard (CRS) med automatisk utveksling av finansiell informasjon på tvers av landegrenser. Her er også mange skatteparadis med. Diverre manglar denne ordninga både åpenhet og truverdige sanksjonar.

Vi kjenner ikkje effektane av all denne informasjonsutvekslinga heller, på grunn av manglande åpenhet og analyse. Dette har Alstadsæter skrive om tidlegare, men lite har skjedd sidan den gong. Det vi veit, er at ordninga er med på å skape legitimitet for kjente skatteparadis, slik også Guttorm Schjelderup og Kristine Sævold har vist i ein nyleg publisert forskingsartikkel.

Ein kan jo håpe at auka informasjonsutveksling fører til reduksjon i skjulte formuer, men det kan vere at pengane bare byter land. Som NHH-forskaren Elisa Casi-Eberhard og kollegaer har vist ved å analysere andre tilgjengelege data, så ser det ut til å vere mindre pengar i skatteparadis når dei blir med i CRS. Samtidig kan det sjå ut som om pengar flyttast til USA, som ikkje er med i ordninga.

Ein viktig lærdom fra koronatida var at åpenhet hindra misbruk av offentlege middel. Full åpenhet om kven som fekk såkalla kontantstøtte til bedrifter førte til at journalistar avdekka misbruk, Skatteetaten fekk tips om mistenkelege utbetalingar og forskarar og etatar løpande kunne evaluere ordninga - men når det gjeld skatteparadis har vi den underlege situasjonen at meir internasjonalt samarbeid og informasjonsutveksling genererer nye hemmeligheter, fordi heile ordninga i praksis er skjerma frå innsyn og ekstern evaluering.

Vår nye regjering har satt arbeidet mot skatteparadis og ulovleg kapitalflyt på dagsorden, både i opposisjon og i den nye regjeringsplattformen.

Nå må dei følge opp.  

Heile kronikken kan lesast her.

Fakta

Abonner på nyheter fra Skatteforsk ved å melde deg på her.

Publisert - Oppdatert

Del på