Kronikk i DN: Tellende tiltak må til

NAV
NAVFoto: Shutterstock

Statistikken ser ut til å vise at Sverige har mykje lågare koronaauke i arbeidsløysa enn Norge. Men så enkelt er det ikkje, skriv Annette Alstadsæter.

I ein kronikk i Dagens Næringsliv 12. november samanliknar professor Annette Alstadsæter den norske og svenske arbeidsløysa.

Ved første augekast ser svenskanes krisehandtering ut til å ha vore gunstig for arbeidsmarknaden, sidan arbeidsløysa i Sverige «kun» auka med rundt 2 prosentpoeng frå 1. mars til 1. juni. I Norge viser tal frå NAV at arbeidsløysa auka med over 8 prosentpoeng. Ho skriv at det er ikkje like rett fram å samanlikne tala, fordi permitterte blir rekna som arbeidslause i Norge, medan dei blir rekna som sysselsette i Sverige. 

I Sverige innførte dei ei permitteringsordning (kortarbeid) der arbeidstakaren blir verande i jobb, men går ned i arbeidstid og tar ein lønsreduksjon, og bedriftene får støtte til å dekke størstedelen av sine lønskostnader av staten. Bedriftene meldar inn samla anslag på støttebehov utan at svenskanes NAV er involvert. I Norge ble den eksisterande permitteringsordninga til NAV utvida.

For å kunne samanlikne arbeidsløysetala på tvers av landa må vi omklassifisere tala. Dei svenske permitteringstala er basert på spørreundersøkingar, og ved å bruke desse kan vi anslå ytterligare 5 prosentpoeng koronaauke i den svenske arbeidsløysa

Alstadsæter skriv vidare at svenske myndigheiter har per i dag også veldig begrensa informasjon om dei permitterte på individnivå. Mens i Norge har vi gjennom NAV svært rike data som gjer at vi blant anna veit, gjennom forsking frå Frischsenteret i samarbeid med NAV og SSB, at det er ein sosial ulikskap i korleis krisa ramma. Dette dannar eit godt beslutningsgrunnlag for å evaluere gamle og innrette nye hjelpepakkar og tiltak.

Kronikken er bak betalingsmur, men den kan lesast gjennom denne linken.  

Les meir om vår forsking på korona og arbeidsløyse på Skatteforsk sin temaside.

Her kan du i ein tidligare kronikk lese meir om arbeid og sosiale forskjellar.

Fakta

Abonner på nyheter fra Skatteforsk ved å melde deg på her.

Publisert - Oppdatert

Del på