Kronikk i DN: Krisetiltaka funkar

kjøpesenter
kjøpesenterFoto: Shutterstock

Støtte til bedriftenes lønskostnader er den viktigaste forsikringa mot konkursar på kort sikt, skriv Annette Alstadsæter.

I ein kronikk i Dagens Næringsliv 6. august skriv professor Annette Alstadsæter om ny forsking på korleis dei statlege støttepakkane kan ha bidratt til å redusere konsekvensane av koronakrisa for norske selskap.

Resultata viser at problema for selskapas likviditet, og dermed konkursrisiko, aukar di lengre krisa varer. Krisepakkane er med på lindre dette, ved å halvere andelen selskap som får likviditetsproblem som i neste instans kan føre til konkurs.

For å sikre at elles levedyktige bedrifter overlever den umiddelbare krisa ser det ut til at det viktigaste tiltaket var å gi støtte til å dekke lønskostnader kort sikt. Frå bedriftas perspektiv ser det dermed ikkje ut til å vere så viktig om støtta går til bedriftene i form av lønstilskot eller til dei ansatte gjennom permitteringsordninga. Det viktigaste er å hindre konkurs og bevare relasjonen mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar for raskt å kome i gang igjen når etterspurnaden tar seg opp.

Alstadsæter skriv vidare at innan neste koronautbrudd bør politikarar og bedrifter ha lært av erfaringane frå denne hektiske våren. Det er ikkje gitt at framtidige ordningar skal vere like rause som dei som kom i full fart i mars. Bedriftene har lært meir om korleis dei skal tilpassa seg og tene pengar i endra marknadssituasjonar. Og ikkje alle bedrifter som var levedyktige før krisa er det nødvendigvis etter, og dei skal dermed ikkje reddast ved statlege tiltak for ein kvar pris.

Forskningsartikkelen kronikken omtaler er skriven av Annette Alstadsæter (NMBU), Julie Brun Bjørkheim (NMBU), Wojciech Kopczuk (Columbia University) og Andreas Økland (NMBU). Alle fire er frå Skatteforsk.

Norwegian and US policies alleviate business vulnerability due to the Covid-19 shock equally well blir publisert i National Tax Journal, og kan i mellomtida lesast her

Les heile kronikken her.

Fakta

Abonner på nyheter fra Skatteforsk ved å melde deg på her.

Publisert - Oppdatert

Del på