Web-forelesingar om økonomiske konsekvensar av Covid-19

Av Annette Alstadsæter

covid-19
covid-19Foto: Shutterstock

Vi tilpasser nå undervisninga til de ekstraordinære tidene vi opplever. Her er tilgang til ei engelskspråkleg forelesingsrekke om dei økonomiske konsekvensane av Covid-19 i ein norsk samanheng. Bruk dei gjerne i andre kurs også.

Vi er nå alle del av eit stort eksperiment, der kvardagen er snudd opp ned, og vi prøver så godt vi kan å få hjula til å gå rundt. 

Alle landets universitet og høgskular har stengt og ansatte i sektoren jobbar på spreng på å lage alternative, online undervisningstilbod til studentane. La oss då dele stoff med kvarandre, for å utnytte ressursane best mogleg. 

I etterkant av finanskrisa i 2008 har vi økonomar blitt kritiserte for å ha fortsatt undervisninga som normalt, utan å i særleg grad ta inn krisa i forelesingane og pensum etter kvart som ho utvikla seg.

Som en del av omlegginga til online undervisning endrar vi nå pensum i masterkurset BUS361 - Taxes, Inequality, and Sustainability II. I første omgang legg vi inn ekstrastoff og web-forelesingar for å forklare og diskutere dei økonomiske konsekvensane av tiltaka som er tatt for å motvirke spreiing av Covid-19 viruset, og av tiltaka som er sette inn for å motvirke dei negative økonomiske konsekvensane av desse tiltaka. 

Andreas Økland er PhD-stipendiat ved Skatteforsk - Senter for skatte- og adferdsforskning ved Handelshøyskolen, NMBU. Han bruker sin erfaring frå Dagbladet og DNB Markets til å lage web-forelesingar om dei økonomiske konsekvensane av Covid-19 inn i ein norsk kontekst for studentane.

Forelesingane er på engelsk, og er kan gjerne brukast av andre kurs og institusjonar inn i eit web-opplegg. De to første forelesingane er online 17.mars, og planne er å lage fleire oppdaterte forelesingar som då fortløpande vil bli lagt ut under.

For å gje eit konkret døme på korleis omlegginga frå fysiske til digitale forelesingar kan gjerast i praksis, her er hovedtrekka på dei tiltaka vi har gjort på BUS361.

Kurset kom så vidt i gang, med første gjesteforelesning av Kjersti Løken Stavrum 11.mars 2020, og så blei campus stengt. Kurset var lagt opp til gruppearbeid, klassediskusjonar, og gjesteforelesingar, og basert på gjennomgang av forskningsartiklar. Kursgodkjenning skulle vere tredelt, med obligatorisk oppmøte, klassepresentasjon, og skoleeksamen, og det blei raskt klart at dette ikkje ville la seg gjennomføre. Følgande endringar blei då gjort umiddelbart:

  • For å lage eit best mogleg og forutsigbart alternativt opplegg for studentane, vart det straks bestemt å avvike fra emnebeskrivelsen og la kurskodkjenning baserast på ei semesteroppgave. Oppgaven blir nå lagt ut denne veka allereie med lang innleveringsfrist, og studentane blir oppmoda å starte raskt med denne for å kunne levere og få kursgodkjenning sjølv om dei seinare skulle bli sjuke. 
  • Opplegget blir lagt om, med fleire kortare web-forelesingar som dekkar ulike delar av stoffet. 
  • Eksterne gjesteforelesarar har vore sporty og vil også spille inn gjesteforelesingar som leggast ut til studentane på kurssida på Canvas:
  • Vi endrar umiddelbart pensum og legg inn ekstrastoff og web-forelesingar for å forklare og diskutere dei økonomiske konsekvensane av tiltaka som er tatt for å motvirke spreiing av Covid-19 viruset, og for å motvirke dei negative økonomiske konsekvensane av desse tiltaka spesielt og den globale økonomiske nedturen generelt. Desse er tilgjengelege for eksterne på ein nyoppretta Skatteforsk-YouTube-kanal.
  • Vi skal sette opp konferansetider for studentane for web-interaksjon med forelesarar.
  • Vi avventar utviklinga og ser om den planlagte gjesteforelesinga av Ole Christian Bech-Moen, NBIM, kan gjennomføres over påske.

Fakta

Abonner på nyheter fra Skatteforsk ved å melde deg på her.

Publisert - Oppdatert

Del på