Superrike skattesnytarar

Av Annette Alstadsæter

Tusenvis av kroner
Tusenvis av kronerFoto: Shutterstock.com

Nærare 12 prosent av dei rikaste norske hushalda har sjølv meldt frå om at dei har snytt på skatten - og så startar dei å varig betale meir skatt.

Skatteunndraging påverkar alle, om det så er via skatten vi betaler og dei offentlege tenestene vi mottar, eller meir indirekte via fotballresultata. Fotballfans kan anten juble eller fortvile, avhengig av favorittlag, etter at Ronaldo trua med klubbskifte fordi han blei skulda for skatteunndraging i Spania. Medieoppslag viser at skatteunndraging ser ut til å vera ganske så utbreidd blant dei rike i fotballverda, både blant spelarar, trenarar og agentar.

Ut frå det skattemyndighetene har oppdaga av skatteunndraging gjennom tilfeldige kontrollar har ein pleidd seie at det er folk flest som unndrar skatt, t.d. gjennom svart arbeid, medan dei rike bruker lovleg skatteplanlegging for å redusere skatten sin.

Ein ny studie viser at når ein inkluderer ein av dei tinga som skattemyndighetene ikkje kan observere i kontrollane sine, nemlig skjulte formuer i utlandet, så er det er dei aller rikaste som unndrar mest skatt. I 2006 unndrog dei nærare 1100 rikaste hushalda i Skandinavia 30 prosent av den skatten dei skulle ha betalt, mot gjennomsnittleg tre prosent i befolkninga. 

Dersom skatteunndraging blir oppdaga må skattytaren betale både den skatten han skulle ha betalt for opptil ti år tilbake, pluss tilleggsskatt. Men dersom han på eige initiativ melder frivillig retting kan han sleppe å betale tilleggsskatten.

Frivillig retting er ei ordning som har eksistert i mange år, men som ikkje var særleg i bruk før 2007. Då vart det auka fokus både på skjulte utanlandsformuer og frivillig retting. Advokatar reklamerer nå for at dei kan hjelpe til med frivillig retting.

Men ordninga gjeld ikkje viss ein melder frivillig retting på grunn av konkret mistanke om komande kontroll. Til dømes vil brevet som DNB Luxembourg sende til kundane sine som advarsel i forkant av Panama-avsløringane kunne diskvalifisere frå å bruke frivillig retting.

Skatteetaten opplyser at rundt 2000 nordmenn har meldt frivillig retting dei siste ti åra. Kven er det som sjølv melder at dei har unndrege skatt? Den nye forskinga på anonymiserte data bekreftar alle fordommar ein måtte ha om at det er rike, eldre menn som gøymer pengar i utlandet. Samanlikna med gjennomsnittet i befolkinga er denne gruppa eldre, i større grad menn, i større grad gift, og har i større grad utanlandsk bakgrunn, anten ved at dei er utanlandske statsborgarar eller er føydde i utlandet. Men framfor alt er dei rike.

Folk frå alle samfunnslag melder frivillig retting, men stort sett er andelen nesten null. Bortsett frå når ein ser på dei aller rikaste. Ein stadig større andel melder sjølv om skatteunndraging di rikare hushalda er. Nærare 12% av dei vel 270 rikaste norske hushalda i 2006 har dei seinare åra meldt frivillig retting.

Dei ferdigbehandla sakene har totalt skaffa 1,5 mlrd. kroner i tilbakebetalt skatt til statskassa. Men kva skjer etterpå? Er det slik at dei som har meldt frivillig retting fortset å betale skatt på den formuen som dei har ført heim, eller startar dei med kreativ skatteplanlegging for å redusere skatten sin?

Det første ser ut til å vere tilfelle. Etter å ha ført skjulte utanlandsformuer heim til Norge melder dei som har brukt frivillig retting om varig høgare formue og betaler meir i skatt enn dei gjorde før.

Så det kan virke som om frivillig retting er ei god ordning som gjer det mogleg for skattesnytarar å rette opp i gamle synder og føre skjulte formuer heim, samtidig som dette fører til varig auke i statens skatteinntekter.

Den auka bruken av frivillig retting heng også saman med fleire internasjonale informasjonsutvekslingsavtalar, medieoppslag, og stadig nye lekkasjar frå skatteparadis og bankar. Dette reduserer muligheita for hemmeleghald, aukar risikoen for å bli oppdaga og reduserer incentiva til å skjule formuer i utlandet.

Samtidig med at det har blitt stadig fleire informasjonsutvekslingsavtalar så har talet på klientar i sveitsiske bankar gått ned. Det kan sjå ut som om tilbydarane av slike tenester nå konsentrerer seg om færre og rikare kundar for å redusere risikoen for å bli oppdaga.

Nyleg skreiv Niels Johannesen, Gabriel Zucman og eg i The Guardian at ein ikkje kan forvente at dei same aktørane som i mange tiår har hjelpt til med å skjule formuer i utlandet nå med stor iver skal jobbe på lag med skattemyndighetene.

Denne verksemda vil ikkje ta slutt før dei som legg til rette for hemmeleghald og skatteunndraging – bankar, advokatar og rådgjevarar – opplever ein reell risiko for å bli straffa for å utføre slike tenester.

Denne teksten blei også publisert som gjestekommentar på side 3 papirutgaven av Dagens Næringsliv tirsdag 4.juli 2017.

Publisert - Oppdatert

Del på