Med internship på Færøyene

Av Janne Karin Brodin

Mye frisk luft på Færøyene
Mye frisk luft på FærøyeneFoto: Privat

Søgni Mogstad Strand studerer på NMBU. Som en del av studiet har hun vært tre uker på internship i akvakultur hos bedriften Fiskaaling på Færøyene.

Internship er en praksisperiode i en bedrift i Norge eller i utlandet hvor du kan ta alt fra 5 til 15 studiepoeng. Det kan være i selskaper som jobber med avl, fôr, produksjon, eller innen forskning og teknologi.

En av oppgavene i forbindelse med intership er å skrive en rapport, og her er noen smakebiter fra rapporten til Søgni, hvor hun forteller litt om tiden i intership:


Bakgrunn for val av praksisstad og framgangsmåte

Eg er oppvakse på Nordmøre, har ein bestefar som er ute og fiskar kvar dag. Lukta av fisk og sjø er heimkjær. Etter eit år med å bo i Lofoten vert interessa for havet enda større. Etter tre år på husdyrvitskap ved NMBU ser eg igjen mot havet. Eg ville sjå litt meir på kva moglegheiter som var der ute for vidare utdanning og om seinare yrke innan akvakultur kunne passe meg. Etter ein samtale med studievegledar fekk eg tips om kven eg burde kontakte. Dette stemte godt og berre etter 2-3 dagar hadde kontaktperson ved NMBU laga ein avtale med eit selskap på Færøyene som kunne passe. Slik gjekk det til at eg starta nyåret litt sjøsjuk etter å i storm ha segla ut i Atlanteren og til Torshavn. 

Litt om bedrifta, målet med internshipet og forventningar til praksisperioden

Bedrifta Fiskaaling vert grunnlagt i 1970. Den er eid av regjeringa, men jobbar som eit uavhengig selskap. Fiskaaling har bidrege i eit stort spenn innanfor akvakultur-bransjen. Det gjer dei fortsatt, med fleire forskjellige avdelingar, hovudtyngda ligg på langsiktig og avansert forsking mot berekraftig akvakultur. Ganske midt i blinken for mine interesser. I tillegg til å få være mesteparten av tida hos Fiskaaling vert det gjort ein avtale med Bakkafrost om å være ei veke hos dei. Bakkafrost er eit havbruksselskap og dei er store på oppdrett av laks. Målet med internshipet var å få vore så mykje som mogleg ute i felt og sjå praksisen til næringa. Få innsikt i korleis kvardagen til ein forskar ser ut og sjå arbeidet som vert gjort i forskjellige avdelingar.  

Eg hadde ein hovedkontaktperson hos Fiskaaling, i tillegg fekk eg vegledarar hos dei forskjellige avdelingane og nokre enkeltpersonar for dagar med spesielt opplegg. Mine eigne forventningar til internshipet var i tillegg til å lære mykje å kjenne på om dette var noko eg kan tenke meg å drive med i framtida. Ein får gjerne ein anna følelse av kva det inneber ved å sjå i praksis og ikkje berre lese om det. Internship er ei veldig god moglegheit for å på forhånd teste ut ei mogleg retning for vidare studie og arbeid

I løpet av de tre ukene hos Fiskaaling var Søgni med delta på praktisk forskningsarbeid og fått introduksjon hos bioteknologi-laben.

For Søgni var målet med internshipen å være mye ute i felt og se hvordan forskningen foregår i praksis.
For Søgni var målet med internshipen å være mye ute i felt og se hvordan forskningen foregår i praksis. Foto: Privat

Refleksjon og oppsummering av læringsutbytte

Gjennom desse tre vekene på internship fekk eg mykje betre innsikt i korleis kvardagen i ein forskningsbasert jobb er. Med å jobbe ut i felt, samle inn prøvar og analyse etterpå. Eg fekk og sett ein bit av korleis oppdrett- og akvakulturnæringa arbeider. Fagleg fekk eg lært mykje ved å følgje og få dele observasjonar med ansatte. Mykje her var og ting eg har vore gjennom i teori som eg no fekk sjå i praksis. Dette bidreg til ei heilt anna og betre type forståing. 

Eg vart teke utruleg godt imot og alle svara velvillig og begeistra på spørsmål eg hadde. Heile internshipet gav meg god erfaring ved å kome på nye arbeidsplassar og kome inn i deira rytme. Kanskje særleg ein stad med litt forskjellar i språk krev det at ein viser interesse og er på for å henge med. Var det noko eg lurte på var det alltid nokon å spørje og eg fekk tildelt relevant litteratur og artiklar for å best mogleg henge med på prosessane i arbeidet. 

Sjølv om eg fagleg lærte mykje vil eg seie den største verdien er erfaringa ved å møte folk, sjå i praksis kva arbeid ein kan få og skape nettverk for eventuell framtid. Å få kjenne på at dette er noko ein kan tenke seg å drive meir med kan gi stor motivasjon i vidare studie og arbeid. Noko som forhåpentlegvis og gagnar bedrifta på sikt. 

I følgje kontrakten skulle eg gjennom Fiskaaling delta på praktisk forskningsarbeid og få introduksjon hos bioteknologi-laben. Seinare sjå litt av Bakkafrost som eit oppdrettsselskap. Sjølv med hindringar ved været og koronasmitte fekk eg delteke på så mykje. I forhald til mine eigne forventningar som var å bli klokare på om dette var noko for meg kom eg og lengre. Eg følar meg tryggare på vidare studie innanfor havbruk/akvkultur/biologi, og mykje er på grunn av gode samtalar ved fleire ansette i begge bedriftene. Det er nok ikkje siste gong eg er på Færøyene, verken i jobb eller privat samanheng. 

Publisert - Oppdatert

Del på