Sjå korleis laksen kan bli vegetarianar

Av Janne Karin Brodin

Den digitale laksen
Den digitale laksenFoto: NMBU

Nå skal forskarar rekne seg fram til kva slags mat som er best for fisken. Slik kan dei også spare bruk av forsøksdyr.

Lakseoppdrett skapar verdiar for mange milliardar kroner årleg og er ein av Noregs viktigaste eksportnæringar. Oppdrettslaks får i dag berre ein tredel av fôret sitt frå havet, medan resten kjem frå plantar.

– Med matematiske modellar kan vi først rekne ut kva resultat som er mest sannsynlege, og så kan vi gå vidare og gjere dyreforsøk med dei mest lovande fôrblandingane. Slik sparar vi forsøksdyr og får meir kunnskap ut av kvart dyr, seier forskar Jon Olav Vik.

– Om tjue år er det neppe lov å gjere dyreforsøk utan at hypotesane på førehand er prøvde ut med matematiske modellar.

Se animasjonen om den digitale laksen (forskning.no)

Publisert - Oppdatert

Del på