Detaljer om emnet EIE202

EIE202 Eiendomshistorie

English course Information

Søk etter andre emner

Viser emnet slik det undervises i studieåret med start i 2018 .

Emneansvarlige: Håvard Steinsholt
Medvirkende: Erling Berge, Einar Anders Hegstad
Studiepoeng: 10
Ansvarlig fakultet: Fakultet for landskap og samfunn
Frekvens: Årlig
Undervises på språk: NO
(NO=norsk, EN=Engelsk)
Undervises i periode:
Emnet starter i vårparallellen. Emnet har undervisning/vurdering i vårparallellen, .
Første gang: Studieår 2012-2013
Fortrinnsrett: -
Emnets innhold:
Det blir forelest i følgjande tema: 1. Innleiing - eigedomsteori 2. Allmenn historisk ramme 3. Jordeige og jordleige i mellomalderen og utetter 4. Garddelinga 5. Overgangen til bondesjølveige 6. Husmannsskipnaden 7. Småbrukspolitikken og bureisinga på 18- og 19-hundretalet, og utviklinga i eige- og leigeforholda i landbruket frå 1945 til i dag 8. Hovuddraga i utviklinga av eigedomsregistersystema i Norge 9. Teigdeling, sameiger og allmenningar. Jordskfifte. 10. Urban eigedomshistorie 11. Trekk frå eigedomshistoria i Finnmark. Studentane arbeider med stoffet ved 4 øvingsarbeid .
Læringsutbytte:
Studentane skal kjenne til viktige utviklingsliner og fakta i norsk eigedomshistorie, i ulike landsdelar og i bygd og by, som underlag for profesjonsutøving i eigedomsfag og arealplanlegging. Dei skal kjenne til dei viktigaste utviklingslinene i tid og rom m.o.t. dei tema som blir tatt opp, i samsvar med emneoversikten. Dei skal kjenne hovuddraga i norsk historisk eigedomsgeografi, og dei skal kunne bruke og forstå dei mest vanlege dokumenttypane i eigedomsfaget, så som kjøpekontraktar, skøyter, delingsforretningar, utskiftingsforretningar og kart, i sin historiske samanheng.
Læringsaktiviteter:
1. Lesing av tilrådd litteratur i tilknyting til ei liste over tema som vert tatt opp. 2. Forelesingar 3. Øvingsoppgåver 4. Filmen \"Havråtunet\"
Læringsstøtte:
Hjelpelærere bidrar med gjennomgang og kommentarer til studentenes øvingsarbeider. Veiledning og spørsmålsbesvarelse knyttet til oppsatte forelesninger.
Pensum:
Sevatdal, H. (2017). Eigedomshistorie, Universitetsforlaget. 485 sider
Anbefalte forkunnskaper:
EIE100 eller EIE101
Obligatorisk aktivitet:
4 øvingsoppgaver som må godkjennes for å kunne gå opp til eksamen.
Vurderingsordning:
Skriftleg prøve: 3,5 timar.
Sensor:
Ekstern sensor deltek ved vurdering av eksamensoppgåvene frå alle eksaminandane. Evaluering - også av emnet, opplegg, litteratur mm. av den eksterne sensoren, frå faghistorikarmiljø. Ein legg stor vekt på å få ein sensor som er villig til å gå inn i ei rolle som medspelar i kvalitessikringa, og ein har same sensor over fleire år, slik at sammenlikning over tid vert mogeleg. Sensor vert systematisk og grundig informert om emnets mål, innhold, opplegg og gjennomføring, og vert trekt inn i utforminga av eksamensoppgåvene.Til slutt vert det gjennomført ei samtale mellom sensor, lærere og ev. eit lite antal studentar.
Merknader:
-
Normert arbeidsmengde:
Forelesing. ca. 40 timar Sjølvstudium: ca. 220 timar
Opptakskrav:
GSK
Overlapp:
Tidlegare EIE102, 10 stp
Undervisningstid:
Ca. 30forelesingar.
Hjelpemidler ved skriftlig eksamen(er): A1 Ingen kalkulator. Ingen andre hjelpem.
Eksamensdetaljer: Skriftlig eksamen: A - E / Ikke bestått