ECN380 Energimarkeder og regulering
Studiepoeng:10
Ansvarlig fakultet:Handelshøyskolen
Emneansvarlig:Olvar Bergland
Campus / nettbasert:Undervises campus Ås
Undervisningens språk:Engelsk
Frekvens:Kvart år
Undervisnings- og vurderingsperiode:Emnet startar i haustparallellen. Emnet har undervisning/vurdering i haustparallellen.
Om dette emnet
Emnet tek opp sentrale problemstillingar kring marknader og regulering i energisektoren og samfunnsøkonomisk analyse av energiprosjekt. Spesifikke emne er: 1) organisering av energimarknader, 2) regulatoriske, driftstekniske og kommersielle tilhøve i kraftsektoren, 3) regulering av nettselskap ved hjelp av dynamisk målestokk konkurranse, 4) måling av effektivitet ved hjelp av DEA (data envelopment analysis) og SFA (stochastic frontier analysis), 5) samfunnsøkonomisk analyse av prising og tariffering, og 6) energitryggleik. Drøfting av utfordringar knytt til nye kjelder for fornybar energi, ny teknologi og nye forretningsmåtar.
Dette lærer du
Utbytte:
- forstå korleis den samfunnsøkonomisk effektiviteten i elektrisitetsmarknader heng saman med utforming av og samspel mellom ordningar og reglar for energi handel, systemansvar, flaskehals handtering, risikostyring, og miljøomsyn,
- identifisere og samanlikne skilnader marknadsstruktur og -design i ulike land,
- identifisere og forklare ulike marknads design for energi handel, systemansvar, flaskehals handtering, risikostyring, og miljøomsyn,
- har kunnskap om energimarknadsdesign for å kunne forstå og evaluere ulik politikk og verkemiddel for å betre den samfunnsøkonomiske effektiviteten av marknaden, integrere miljøomsyn og/eller ny teknologi, og
- kunne kommunisere profesjonelt resultat og meiningar om design av energi marknader
- Forelesningar over utvalde emne, og sjølvstudium. Øvingar med innhenting, analyse og presentasjon av energimarknadsdata, og effektivitetsanalyse av lokale nettselskap. Presentasjon og diskusjon av ein energipolitisk relevant forskningartikkel.
Creti and Fontini (2019): "Economics of Electricity: Markets, Competition and Rules", Cambridge University Press.
Detaljere pensumplan vert delt ut på fyrste forelesning.
- ECN280 Energiøkonomi, ECN210 Mikroøkonomi II - Konsument, produsent, marked og velferd
- ECN311 Mikroøkonomi III, og kurs i økonometri eller regresjonsanalyse.
- Muntleg eksamen (100%) i eksamensperioden.
Muntlig eksamen Karakterregel: Bokstavkarakterer Hjelpemiddel: A1 Ingen kalkulator, ingen andre hjelpemidler - Ekstern sensor deltek i vurdering av emneinnhald og -organisering, og karakterrsetjing på avsluttande muntleg eksamen.
- Øvingsoppgave og presentasjon. Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i 2 år. Ikkje høve til konte eksamen.
- Emnet vil blir undervist på engelsk. Innvekslingsstudenter kan ta kontakt med studieveiledere ved Handelshøyskolen (studieveileder-hh@nmbu.no) for å få vurdert om de kan få plass på emnet.
- Forelesningar: 40t. Organiserte øvingar 16t.
- GSK