Viltsafari på ville vegar – når turisten blir tankelaus

  • Som turist bør du krevja garanti for ein ansvarleg safari – ikkje garanti for å sjå ville dyr, meiner bloggar og BIOTOUR-forskar Kathrin Jathe.
    Foto
    Nicholas Murawski - Unsplash (illustrasjon)

"I fjor sommar reiste eg og kjærasten min på ferie til Sri Lanka, og elefantsafari skulle vera eit av høgdepunkta. Det blei ein ferie eg kom til å angra på", skriv Kathrin Jathe i eit nytt innlegg på BIOTOUR-bloggen.

Viltsafari på ville vegar – når turisten blir tankelaus

"Brått var landskapet prega av selfie-stenger, bråket frå bilmotorane og støvet som virvla opp bak dei grove dekka. Dette var først og framst ei samling av safaribilar – ikkje elefantar. Det var verkeleg urovekkjande og ubehageleg å vera vitne til at sjåførane konkurrerte om å koma nærast dei ville dyra".

Dette skriv Jathe på BIOTOUR-bloggen.

Ho tek eit oppgjer med uansvarleg viltturisme og trekkjer parallellar frå Sri Lanka til Noreg - mellom anna fugleturismen i nord.

Ifølgje forskaren er det både turisten og reiselivet sitt ansvar at vår begeistring for å sjå ville dyr ikkje går på bekostninga av dyrelivet og naturen dei lever i.

Jathe er doktorgradsstipendiat innanfor naturbasert reiseliv ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og jobbar med marknadsanalyse i BIOTOUR-prosjektet.

 Les heile innlegget her: Viltsafari på ville vegar – når turisten blir tankelaus

 

 

 

Published 9. April 2019 - 8:00 - Updated 9. April 2019 - 8:56