Ny rapport: sterk optimisme i naturbasert reiseliv, men mange gir opp

  • Soloppgang på Fanaråken i Jotunheimen.
    Foto
    Asgeir Helgestad/Artic Light AS/visitnorway.com

Naturbaserte reiselivsbedrifter i Noreg generer årleg opptil åtte milliardar kroner i omsetnad. Tilbydarane ser lyst på framtida, men stor utskifting vitnar om ein tøff bransje, viser ei ny, nasjonal kartlegging som BIOTOUR har gjennomført.

Ny rapport: sterk optimisme i naturbasert reiseliv, men mange gir opp

BIOTOUR har laga rapporten "Naturbaserte reiselivsbedrifter i Norge. Statusoversikt, resultater og metode fra en nasjonal spørreundersøkelse" (2018).
BIOTOUR har laga rapporten "Naturbaserte reiselivsbedrifter i Norge. Statusoversikt, resultater og metode fra en nasjonal spørreundersøkelse" (2018).
Foto
.
Den ferske rapporten frå BIOTOUR si landsdekkjande undersøking av naturbaserte reiselivsbedrifter er no tilgjengeleg på nett. Eit samandrag blei også presentert på BIOTOUR-konferansen i slutten av oktober. 

– Resultata er spesielt viktige for offentleg forvalting som utformar rammeverket for bedriftene, men rapporten er også ei kunnskapskjelde for bedriftene og organisasjonane dei er med i. Den synleggjer næringa og kva den bidreg med nasjonalt og lokalt, seier BIOTOUR-forskar Stian Stensland, som har stått i spissen for bedriftsundersøkinga.

Få nyheiter som denne i din innboks - meld deg på BIOTOUR sitt nyheitsbrev!

Dagny Øren, bransjesjef i NHO Reiseliv.
Dagny Øren, bransjesjef i NHO Reiseliv.
Foto
NHO Reiseliv

– Viktig å talfesta økonomien

Kartlegginga viser at det finst mellom 2000 og 3500 naturbaserte reiselivsbedrifter i Noreg, og aller flest i dei tre nordlegaste fylka i landet: Nordland, Troms og Finnmark.

Men mørketala er høge. Naturbaserte reiselivsbedrifter er krevjande å innhenta statistikk om, fordi dei ofte kombinerer verksemdene sine med andre typar næring, som landbruk, fiskeri, eller dei har det som ein deltidsjobb. Kartlegginga som BIOTOUR har gjennomført gir dermed statistikk og informasjon om ei gruppe tilbydarar som me per i dag har mangelfull kunnskap om. 

NHO Reiseliv stadfestar at det for dei er viktig å få statistikk på dei naturbaserte tilbydarane i næringa.

– Dei naturbaserte tilbydarane har ei svært viktig rolle i opplevingsturismen, som er den raskast veksande delen av reiselivet. Det er utan tvil viktig å få talfesta økonomien i det naturbaserte reiselivet, både for bransjen, næringa og i eit samfunnsøkonomisk perspektiv, seier bransjesjef i NHO Reiseliv, Dagny Øren.

Ifølgje BIOTOUR-rapporten er topp tre produkttilbod blant naturbaserte reiselivsbedrifter i Noreg fiske (62 prosent), vandring (48 prosent) og båt utan motor, som kano, kajakk, robåt (43 prosent). Biletet viser turistar på fuglekikking ved Hornøya naturreservat i Finnmark.
Ifølgje BIOTOUR-rapporten er topp tre produkttilbod blant naturbaserte reiselivsbedrifter i Noreg fiske (62 prosent), vandring (48 prosent) og båt utan motor, som kano, kajakk, robåt (43 prosent). Biletet viser turistar på fuglekikking ved Hornøya naturreservat i Finnmark.
Foto
Christian Roth Christensen / Visitnorway.com

Tøff bransje

Det er sterk optimisme i den naturbaserte delen av reiselivsnæringa, der majoriteten av tilbydarane er livsstilsentreprenørar. Åtte av ti trur på auka lønsemd og like mange reknar med å auka omsetnaden i løpet av dei neste tre åra, viser den ferske BIOTOUR-rapporten.

Optimismen var også stor i den førre nasjonale kartlegginga av naturbaserte reiselivsbedrifter, som NMBU gjennomførte i 2014. Men mange av bedriftene som blei identifiserte den gongen, er no nedlagde. At ein tredel av dei eksisterande bedriftene har starta opp etter 2010, er også eit teikn på stor utskifting.

–  Reiselivsbedrifter generelt har ofte vore kjenneteikna av ei meir optimistisk haldning enn resten av næringslivet. Ei fersk måling gjort av NHO viser derimot at reiselivsbedriftene var mindre optimistiske til marknadsutsiktene i siste halvår 2018 enn snittet i næringslivet forøvrig, opplyser Øren i NHO Reiseliv.

Kvifor så mange naturbaserte reiselivsbedrifter legg ned, gir ikkje denne rapporten grunnlag for å svara på. NHO Reiseliv trur årsakene kan vera mange.

– Det er krevjande å starta bedrift - spesielt livsstilsentreprenørskap. Ein skal læra seg alt på ein gong, både å byggja bedrift og å koma ut i marknaden. Å få til heilårsdrift med stabile inntekter kan også vera vanskeleg for mange. Bransjen består av mange tilbydarar som er avgrensa av sesong, dermed kan det ta tid, seier Øren i NHO Reiseliv.

Skal gå djupare til verks

BIOTOUR-prosjektet (2016-2020) utforskar nøkkelvilkåra for norsk reiseliv i den nye bioøkonomien. No vil forskarane i prosjektet finna årsakene til at så mange naturbaserte reiselivsentreprenørar legg inn årene etter relativt kort tid.

– Det naturbaserte reiselivet er ei ønska næring. Er det mangel på nettverk, kompetanse, finansiering eller andre høve som gjer at folk sluttar? Med meir kunnskap om årsakene kan verkemiddelapparatet setja inn målretta tiltak, seier Stensland.

Rapporten gir også eit godt grunnlag for vidare forsking på andre aspekt ved bransjen som lønsemd, bruk av IKT / digitale tenester, produktkategoriar, kva rolle bedriftene har i lokalsamfunna og bruk av naturressursar. Dette arbeidet skal BIOTOUR-forskarane ta fatt på i 2019.

Få nyheiter som denne i din innboks - meld deg på BIOTOUR sitt nyheitsbrev!

Published 5. desember 2018 - 9:34 - Updated 10. desember 2018 - 15:23