Ni av ti Trolltunga-turistar trur dei er godt nok rusta

Naudbu på vegen til Trolltunga
Naudbu på vegen til TrolltungaFoto: Rolf Bøen

Veggene i Trolltunga-naudbua fortel om turopplevingar av den uhyggelege sorten. I forkant av turen trur nesten alle turistane at dei har med nok mat og klede, syner ny forsking frå BIOTOUR.

«This place saved my life».

Den svarte tusjen på det lyse treverket vitnar om dramatiske opplevingar blant Trolltunga-turistar som har søkt dekning i den eine av to naudbuer.

Naudbuene blei sett opp i 2016, etter ein sommar med dramatisk oppgang i talet på redningsaksjonar. I løpet av heile 2016-sesongen rykte Raudekrossen ut på ikkje mindre enn 40 redningsoppdrag relatert til Trolltunga.

Knapt to år etter at den vesle hytta kom på plass, har mange søkt tilflukt her frå kulde, utmatting og svolt. 

Den store majoriteten av turistane trur likevel dei er svært godt førebudde før dei legg ut på den 10-12 timar lange turen, syner resultata frå ei omfattande spørjeundersøking som BIOTOUR  har gjennomført.

Sikre på at dei er godt nok rusta

BIOTOUR oppsøkte Trolltunga-turistar i Odda sommaren 2017. Turistane fekk mellom anna spørsmål om kor godt utstyrte og førebudde dei var (mat og drikke, klede, tursko, kart og kompass, førstehjelpsutstyr m.m.) og om dei hadde sjekka vermeldinga og vanskelegheitsgrad.

Av om lag 1500 spurde, svara over 98 prosent at dei hadde med seg nok mat og drikke.

Nesten 97 prosent hadde tiltru til at dei hadde med nok varme og regntette klede. Ni av ti meinte dei var klare over kor lang og krevjande turen var og hadde sjekka vêrmeldinga i forkant.

Datainnsamling til BIOTOUR sommaren 2017 i Skjeggedal, Odda
Datainnsamling til BIOTOUR sommaren 2017 i Skjeggedal, Odda Foto: Kathrin Jahte

Tidleg den same sommaren som spørjeundersøkinga blei gjennomført, hadde frivillige frå Raudekrossen vore ute på 15 redningsaksjonar ved Trolltunga, mot fem på same tid i 2016.

- Eg er ganske nyfiken på om personane som deltok i spørjeundersøkinga har same oppfatning i etterkant av turen. Altså om det er samsvar mellom forventningar i forkant og erfaringar i etterkant, seier BIOTOUR-forskar Petter Dybedal, som også forskar på regional utvikling og reiseliv ved Transportøkonomisk institutt (TØI).

 

Forskar Petter Dybedal (TØI) har ansvaret for marknadsundersøkingane i BIOTOUR sine caseområde.
Forskar Petter Dybedal (TØI) har ansvaret for marknadsundersøkingane i BIOTOUR sine caseområde. Foto: TØI

- Treng forsking for å ta dei rette vala

Dybedal er ansvarleg for marknadsanalysane i det fireårige forskingsprosjektet BIOTOUR, om naturbasert reiseliv i norsk bioøkonomi. Doktorgradsstipendiat Kathrin Jathe har ansvar for store delar av planlegginga og gjennomføringa av datainnsamlinga.

I slutten av april presenterte forskarane resultata frå forundersøkinga av Trolltunga-turistane på eit dialogmøte med reiselivet i Hardanger. Blant aktørane som deltok på møtet var reiselivsdirektøren i regionen, Hans Jørgen Andersen og Jostein Soldal i guidefirmaet Trolltunga Active.

Soldal fortel at nye tiltak som fjellvaktar og ei naudbu midtvegs på stien til Trolltunga har ført til færre redningsaksjonar. Erfaringane til Trolltunga Active, som utfører fjellvakt-tenesta på oppdrag frå Odda kommune, er likevel i samsvar med resultata i BIOTOUR-undersøkinga. Det er framleis mange som ikkje veit kva dei går til.

Den daglege leiaren i Trolltunga Active seier det er viktig for næringslivsaktørar som Trolltunga Active at det blir forska på vilkår for berekraftig reiseliv i norsk natur.

- Me treng eit grunnlag for å gjera dei rette vala med omsyn til turisten sin "reason to go". Gjennom kunnskap kan me unngå å ta val som gir gevinst på kort sikt, men svekkjer produktet vårt på lang sikt, poengterer han.

 

Reiselivsforskarar frå NMBU på guida tur i Elvadalen i Lofthus, Hardanger
Reiselivsforskarar frå NMBU på guida tur i Elvadalen i Lofthus, Hardanger Foto: Gunn Evy Auestad

Ber turistane fortelja om si Trolltunga-oppleving

Eit søk på «Trolltunga» i norske papiraviser gir 869 treff i løpet av 2017.

Eksplosiv vekst i besøkstala og turgåarar som måtte bergast fordi dei var for medtekne, svoltne og kalde til å fullføra den over to mil lange fjellturen var bakgrunnen for mange av medieoppslaga.

Denne våren sender forskar Petter Dybedal og kollegaer i BIOTOUR ut ei ny spørjeundersøking på epost til Trolltunga-turistane som har gitt samtykke til det.

I denne hovudundersøkinga vil opplevinga av turen bli sentralt, i tillegg til andre spørsmål om miljømedvit og ferdigheiter i fjellvandring.

- Det blir interessant å sjå kor bra eller strabasiøs og slitsam dei synest turen var. Er det nokon som føler seg lurt? Dei ser fantastiske bilete i turistbrosjyrane, og trur det er enkelt å koma seg dit, seier Dybedal.

Reiselivsdirektøren i Hardanger, Hans Jørgen Andersen, tek vel imot BIOTOUR si forsking på det naturbaserte reiselivet, som er ei viktig næring i regionen.

- Det er interessant at leiande forskingsmiljø i Noreg gjer seg kjende med kva som rører seg blant turistar og bedrifter som lever av å levera naturbaserte opplevingar. Auka kunnskap er i seg sjølv alltid eit gode, seier Andersen etter dialogmøtet med BIOTOUR på Hotel Ullensvang. 

Luksusbehov og betalingsvilje

Hovudføremålet med BIOTOUR si marknadsundersøking blant Trolltunga-turistane er å få betre kunnskap om kven som etterspør naturbasert reiseliv i Noreg og kva slags aktivitetar og produkt dei er villige til å betala for. Vil dei ha luksus eller enkel standard? Er miljømerking viktig? Kva vil dei driva med på ferie i norsk natur? 

Trolltunga-turistane er interessante fordi mangfaldet er blant turgåarane er så stort, seier doktorgradsstipendiat Kathrin Jathe. 

- Barrieren for å gå tur i fjellet er låg, samanlikna med terrengsykling og andre aktivitetar som krev spesielle evne og kompetanse. Til Trolltunga går alt frå erfarne fjellvandrarar til dei som aldri har gått i fjellet før.

Forskarane håpar å få svar frå minst 500. Resultata frå epost-undersøkinga skal etter planen vera klare hausten 2018. Data frå marknadsundersøkinga vil bli brukt i doktorgradsavhandlingar og masteroppgåver ved NMBU i tida framover.

Fakta

Nær 1500 Trolltunga-turistar deltok i BIOTOUR si spørjeundersøking i Odda i perioden 30.juli-19.august 2017. Tala under er runda av til nærmaste heile prosent.

  • Fleirtalet kjem frå Aust-Europa (21 prosent) og Tyskland (19,7 prosent).
  • Berre åtte prosent er nordmenn (underrepresenterte).
  • Aust-Europearar er overrepresenterte og nederlendarar og engelskmenn underrepresenterte, samanlikna med turistar i resten av landet.
  • To tredelar (65 prosent) er under 30 år. Berre 13 prosent er 40 år eller eldre.
  • Gjennomsnittleg storleik på reisefølgje er 2,8 personar.
  • Trolltunga var for 81 prosent av respondentane svært viktig eller svært viktig for avgjerda om å koma til Hardanger.
  • Berre seks prosent brukar guide, størst er prosentdelen blant dei frå USA, andre land utanfor Europa, Asia og Storbritannia.
  • Ni av ti oppgir at dei kjende til vanskelegheitsgrad, lengde på turen og vêrmeldinga på førehand.
  • Prosentdel som oppgir at dei har med:
    - nok mat og drikke: 98 prosent
    - nok varme og regntette klede: 97 prosent
    - tursko: 88 prosent
    - Førstehjelpsutstyr: 46 prosent
    - kart /GPS/kompass: 51 prosent
    - telt/sovepose: 22 prosent

Publisert - Oppdatert

Del på