NMBU får nytt skattesenter

Av Per Christian Langset

Annette Alstadsæter
Annette AlstadsæterFoto: Håkon Sparre

Forskningsrådet løyver 30 millionar til eit nytt senter for skatteøkonomisk forsking ved NMBU. Metodane senteret skal utvikle kan brukast av skatteetatar verda over til å forbetre regelverket og til sjuande og sist gjere det grøne skiftet mogleg.

— Løyvinga betyr at vi kan auke innsatsen for at velferdssamfunnet vi ønskjer kan ha ei stabil finansiering. Dette hadde ikkje vore mogleg utan dei fantastiske forskarane vi har med på laget frå heile verda, og hjelp og støtte frå Handelshøyskolen og heile NMBU, seier professor i skatteøkonomi og senterleiar Annette Alstadsæter. 

— I botn av eit berekraftig velferdssamfunn ligg gode strukturar og system for skatt og rettferdig fordeling, men og kunnskap om ulikheit og kva som reduserer han. Dette er heilt essensielt for moglegheitene våre til å finansiere og gjennomføre det grøne skiftet, seier ho. 

 

— Stor anerkjenning

— Dette er også godt nytt for studentane, fordi vi bruker nye forskingsresultat og internasjonale partnarar som gjesteforelesarar i undervisninga vår, seier Alstadsæter. 

Rektor Curt Rice meiner at sosial rettferd og dermed også økonomisk forsking er fundamentalt for NMBU sitt strategiske prosjekt og for berekraftig utvikling. Han er glad for at NMBU no får i oppgåve frå Forskingsrådet å vere med i kunnskapsutviklinga på skatteområdet. 

— Dette er ei stor anerkjenning av kompetansen på NMBU Handelshøgskulen. Eg vil gratulere professor Annette Alstadsæter og teamet på Senter for skatte- og åtferdsforsking med ei løyving som er særs viktig for NMBU og for kunnskapsgrunnlaget for skattepolitikken. Oppslutning og tillit til viktige samfunnsinstitusjonar som til dømes skattesystemet er ein føresetnad for å lukkast med omstilling til ein berekraftig verden. Det er denne omstillinga som er drivkrafta for NMBU, seier Rice. 

 

Skal avdekke svakheiter i regelverket 

Ofte baserer regelverka for skatt seg på at aktørane i samfunnet ter seg forutsigbart. 

Men verkelegheita er ofte annleis, forklarer Alstadsæter. Ikkje minst blir terrenget uoversiktleg når internasjonale forhold speler inn. Dette terrenget skal senteret prøve å kartlegge. 

— Dei som ønskjer å lure seg unna skatt, vil bruke dei omvegane som finnest for å gjere nettopp det. Og da må enten andre betale meir eller vi må senke nivået på velferdstenestene. Det kan ha utilsikta konsekvensar som ulikheit, sosial segregering, uro og ustabilitet som vi har sett i mange andre land, for eksempel med de gule vestane i Frankrike, seier Alstadsæter. 

Ho peikar på at utviklinga av nye metodar derfor er viktig.  

— Om vi berre bruker data frå Skatteetaten, kan vi berre sjå det som er rapportert. Vi må leite andre stader etter indikasjonar på at grupper ikkje betaler det dei skal. Og vi må forsøke å forstå korleis folk responderer på insentiv og reglar og korleis kan vi endre regelverket for å tette hull eller fordele byrden betre, seier prosjektleiaren. 

 

Samlar forskarar frå ti land 

Med seg på laget har Alstadsæter forskarar i Norge, Danmark, Sverige, Finland, Storbritannia, Irland, Frankrike, Tyskland, Belgia, USA, Japan og Israel. 

Senteret skal bruke datasett som allereie finnast på nye, innovative måtar og skal finne nye kjelder til data.  

— Vi skal talfeste det som er forsøkt skjult og bidra til å teikne ut eit enno betre grunnlag for utviklinga av den økonomiske politikken, seier Alstadsæter. 

Et godt døme på slike kunnskapshol, er det såkalla Dubai Uncovered-prosjektet. Her avdekka journalistar og forskarar frå fleire land saman korleis kriminelle gøymer store verdiar i eigedomsinvesteringar i skatteparadiset Dubai. Alstadsæter leia ei internasjonal forskargruppe som viste at utanlandske privatpersonar og selskap til saman eig for over 146 milliardar dollar, tilsvarande 1380 milliardar kroner, i Dubais eigedomsmarknad. 

70 prosent av eigedomane i Dubai som var eigd av nordmenn som var busett her, var ikkje rapportert på skattemeldinga. 75 prosent av verdiane var ikkje rapporterte til skattemyndigheitene. 

— Skatteetatar rundt omkring i heile verda har allereie begynt å bruke kjedene som vi har funne i dette arbeidet. Vi skal og arbeide med prosjekt i land som treng å få utvikla evna til å skatte og generere inntekter. Det er essensielt for det grøne skiftet at ikkje midlar som skal gå til omstilling i staden ender opp i nokon si lomme, seier Alstadsæter.

Oppretter to sentre for skatteøkonomisk forskning (forskningsradet.no)

Se video om skatteforskningen til NMBU:

[video:https://youtu.be/sMTW4D0o-_8]

Publisert - Oppdatert

Del på