Industriell bioteknologi – grønt skifte etter naturmetoden

– Vi skal få til det grøne skiftet med verktøya som naturen sjølv har laga, seier Vincent Eijsink.

Eijsink er professor ved NMBU. Saman med Håvard Sletta på SINTEF og ei rekke andre forskarar og næringslivsfolk arbeider han for å gjera bioteknologi til industri.

– Vi må få opp nye eksportmarknader når olje og gass går ut. Det tek tid, seier Sletta. Han er leiar for eit nye forskingssenter for industriell bioteknologi.

– Industriell bioteknologi kjem til å vera heilt sentralt i den store, grøne omstillinga vi skal gjennom i åra som kjem, slår Vincent Eijsink fast. Han peiker på kjemikaliar og plast, akvakultur og karbonfangst, vaksinar og medisinar som døme på produkt som kan bli laga etter naturmetoden.

NMBU-professor Vincent Eijsink skapar grønt skifte med enzym og mikrobar. Her snakkar han til årsmøtet i SFIen Industriell bioteknologi i november 2022, på NMBUs campus Ås.
Foto
NMBU/Tommy Normann

«Ny månelanding»

Alle er opptatt av det grøne skiftet. – Ei ny månelanding, seier forskingsminister Ola Borten Moe om det å skaffe berekraftig fôr til husdyr og oppdrettsfisk. Den nye månelandinga er som heile det grøne skiftet: Det er ikkje mogleg utan bioteknologien.

– Det er verktøya til naturen sjølv. Vi bruker enzym og mikrobar til å få meir ut av ressursane, ifølgje Vincent Eijsink.

Han fortel om korleis forskarane tek fornybare ressursar og bruker dei naturlege metodane for å få meir ut av dei. Ikkje berre utnyttar desse metodane ressursane betre, men dei forureinar mindre.

Mat og medisin

Produkta som bioteknologien lagar, spennar vidt. Effektive vaksinar for folk og fisk. Nye antibiotika. CO₂ som blir til nye produkt i staden for å bli sloppe ut som ein klimagass. Og det finst mykje meir:

– Tenk på laksen som kan eta skogsavfall. Det er ikkje fordi vi gir tre direkte til laksen. Det er på grunn av industriell bioteknologi. Vi bruker enzym til å laga sukker av tre, så bruker vi mikrobar til å laga protein av sukker, skildrar han.

Forskarane gjer det på laboratoriet. Men eksperimenta og forsøka der er berre byrjinga. Bioteknologien må byggast ut til industri.

– Skal vi lukkast med månelandinga og alle ambisjonane våre, må vi få ny enzym- og fermenteringsteknologi ut i industrien, seier Vincent Eijsink.

Lærer av kvarandre

Senterleiar Håvard Sletta omtalar det nye senteret som eit landslag i industriell bioteknologi. Bioteknologien er i svært rask utvikling.

– Her utnyttar vi potensialet med å jobbe saman i staden for å sitta på kvar vår tue, seier han.

Marije Oostindjer er einig i at når du set forskarane og industrien saman, så kjem det nye idéar og nye løysingar.

– Vi får inspirasjon og lærer mykje. Det er ting som vi kan arbeide direkte med, men vi kan òg lære om kva som er mogleg og om ulemper med forskjellige teknologiar, seier ho.

Råvarer kan bli meir verdt og samtidig bli brukt til noko som er betre for verda, forklarer Marije Oostindjer, fagsjef for bioprosessar og forretningsstrategi i Norilia.
Foto
NMBU/Tommy Normann

Aukar i verdi

Oostindjer er fagsjef for bioprosessar og forretningsstrategi i Norilia. Det er dotterselskapet som Nortura har oppretta for å utnytte alle produkta frå kjøtt- og eggindustrien som ikkje blir brukt til mat til menneske i Noreg.

– Alle råvarene våre har ein bruk, men det er mange som kan auke i verdi og bli brukt til noko som er enda betre for verda og enda meir berekraftig. For å få til det er bioteknologi svært viktig, seier Oostindjer.

Ho bruker enzym for å få betre protein ut av råstoffet, saman med olje og mineral. Det skjer på bioraffineringsanlegget Bioco, som Norilia eig saman med Felleskjøpet Agri. Fermentering er eit anna døme på bioteknologi som kan få meir ut at restråstoffa frå produksjonen av kjøtt og egg.

– I tillegg er det ting som vi ikkje har tenkt på sjølve, slår Marije Oostindjer fast.

Grisebust og gass

Akkurat no arbeider Norilia saman med NMBU om å bryte ned fjør slik at dei kan bli til mat.

– Får vi til det, kan vi gjera det same med grisebust. Vi ser etter nøkkelprosjekt som kan gi oss fleire gode prosessar om vi lukkast, seier ho.

– Noko av det vi gjer, går veldig spesifikt på produkt som har verdi, seier senterleiar Håvard Sletta.

– Farmasiprodukt og helse. Tare som kan brukast til materiale, fôr og mat. CO₂ frå industrien som mikrobar kan gjera om til kjemikaliar og til protein til fôr. Vi må tenkje på korleis vi skal ta vare på absolutt alt.

Da snakkar Sletta om alt frå daud fisk og slam til det som er til overs frå produksjonen av fisk og kjøtt, strå, tare og trevirke. Bioteknologien kan løfte det opp til mat til menneske og dyrefôr.

– Norske bioraffineri eksporterer allereie for fem milliardar kroner i året. Teknologien hjelper oss å utnytte ressursar som vi elles ikkje ville kunna bruke, seier Håvard Sletta.

Industriell bioteknologi hjelper oss å utnytte ressursar som vi elles ikkje ville kunna bruke, seier Håvard Sletta SINTEF Industri og senterleiar for SFIen.
Foto
NMBU/Tommy Normann

Relatert innhold
Kyllingfjær kan bli til fiskefôr

Kyllingfjær kan bli til fiskefôr

Fjær fra kyllingene du spiser, kan bli til mat eller dyrefôr. Det er vanskelig, men nå vet forskerne hvordan de kan få det til.

Kaster lys over plantenes nedbrytning

Kaster lys over plantenes nedbrytning

Sollys gjør at planterester råtner raskere og blir til jord. Eirik Kommedal har funnet ut hvorfor.

Slik kan gjenstridig, norsk gran bli til plast, drivstoff og biokjemikalier

Slik kan gjenstridig, norsk gran bli til plast, drivstoff og biokjemikalier

Hvordan kan et grantre bli til biokjemikalier, bioplast eller flytende biodrivstoff som fylles på tanken? Line Degn Hansen har skrevet doktorgrad om hvordan restråstoff fra norske skoger kan omgjøres til andre produkter på en mer effektiv måte.

Published 30. november 2022 - 9:22 - Updated 1. desember 2022 - 11:55