Mange moglegheiter for lærlingar ved NMBU

Av Elin Judit Straumsvåg

Lærlingar ved NMBU 2022
Lærlingar ved NMBU 2022Foto: Elin Judit Straumsvåg

NMBU er ei eiga læreverksemd som vegleiar og følgjer lærlingane frå start til slutt. Universitetet er knytt til faglege opplæringskontor som bidreg og støttar både lærlingar og vegleiarar slik at lærlingen får mest mogleg ut av læreperioden.

Opplæringskontoret har jamleg kontakt med lærlingane og har testfagprøve med kvar enkelt når fagprøva nærmar seg. Slik får lærlingane litt erfaring med kva som vert forventa av dei på fagprøva og dei får moglegheit til å få nyttige attendemeldingar slik at dei er enda betre rusta til fagprøva.

Store sko

–  Store sko å fylla, men eg er så takksam for at Jan Halvorsen, no pensjonert, synte meg tillit og lot meg ta over. Det er så flott å kunne arbeida med dei unge og sjå utviklinga, seier lærlingkoordinator Hanne Marie Fischer.

Lærlingkoordinator Hanne Marie Fischer ved NMBU.
Lærlingkoordinator Hanne Marie Fischer ved NMBU. Foto: Elin Judit Straumsvåg

Dedikerte og motiverte

Det å få inn skuleungdom og følgja dei i to år, sjå kor dei syg til seg kunnskap og erfaring. Unge, usikre – men motiverte. Fischer fortel om kor dei unge tek tak, blomstrar og utviklar seg innan faget dei har valt som vidare yrke. Oppslukte og dedikerte.

Lærlingane er i hovudsak gjerne frå nærområdet, (men vi hadde ein som budde og pendla til NMBU heilt frå Asker.) Flesteparten kjem frå vidaregåande skular kring Ås.

– Det er flytande opptak, men dei aller fleste startar hos oss i august eller september, seier lærlingkoordinatoren.

 Gode ressursar

Hanne Marie Fischer er ikkje i tvil:

– Fantastisk å få vera med på ei slik utvikling, vera med på å forma ungdommane og førebu dei på arbeidslivet. For mange av lærlingane er dette det første møtet med arbeidslivet og det er mange skrivne og uskrivne reglar som lærlingane får kjennskap til og ikkje minst får dei ei god fagleg plattform som dei kan byggja vidare på. Og ungdommane endar opp som gode ressursar i arbeidslivet.

Interne og eksterne krefter

Den daglege opplæringa er det dei lokale vegleiarane ute på campus som tek seg av. Det er òg interne krefter som sørgjer for opplæring i HMS og brannsikkerheit. DnB sørgjer for kursing i personleg økonomi. Fagforeiningane ved NMBU delar av sin kunnskap om arbeidsliv; det vera seg plikter og rettar. Helsestasjonen i Ås bidreg med føredrag. Det er cirka 10-12 lærlingtreff i løpet av året.

Som koordinator fortel Fisher at ein viktig del av jobben er å tala med lærlingane om korleis dei har det. Stort sett er alt veldig bra, men det hender vi støyter på  utfordringar og da tek vi tak i det og løyser det saman.

 Lærlingar – kontor og administrasjon

Vi benkar oss saman på møterom 435 i Tårn. Tre lærlingar, i ulik fase av lærlingperioden og fast tilsetting etter ferdig utdanning. Nicitha Stephensen, Vetle Røstvær og Trine Olstad. Trine Olstad er godt og vel ferdig med sin lærlingperiode. Ho hadde opplæring ved Studentane sitt informasjonskontor (SiT) frå 2016 – 2018. Etter det vart ho fast tilsett på same stad. Vetle Røstvær, hos administrasjonen ved Handelshøgskulen avla fagprøve juni 2022, mens Nicitha Stephensen som er lærling og jobbar opp mot toppleiinga er midtvegs. Alle er lærlingar innan kontor og administrasjon.

Vetle Røstvær avla fagprøva hos administrasjonen ved Handelshøgskulen NMBU i juni 2022. No studerer han ved HH.
Vetle Røstvær avla fagprøva hos administrasjonen ved Handelshøgskulen NMBU i juni 2022. No studerer han ved HH. Foto: Elin Judit Straumsvåg

Vetle Røstvær håpar òg på vidare engasjement til hausten. Ikkje på fulltid, men timebasis – sidan han tek til på det studiet han søkte seg inn på ved NMBU. Han hadde NMBU på både første og andre prioritering. Nicitha Stephensen, midt i løpet, veit ikkje heilt kva som vil passa ho best. Men trivst veldig godt så noko kontorrelatert er ikkje utenkjeleg.

Trivest

På spørsmål om trivsel og korleis dei har vorte møtt hos arbeidsgivar er dei alle samstemte på god og profesjonell mottaking. Tett oppfølging. Kollegaene er veldig flinke til å få deg inn i arbeidsmiljøet.

Trine Olstad ved Studentane sitt informasjonskontor, SiT, tidlegare lærling, i dag fast tilsett.
Trine Olstad ved Studentane sitt informasjonskontor, SiT, tidlegare lærling, i dag fast tilsett. Foto: Elin Judit Straumsvåg

Trine Olstad konkretiserer: – Mangla dei sjølve kompetansen kontakta dei andre som kunne. Eg vart mellom anna teken med til økonomiavdelinga for å få opplæring i emne som var for spesialiserte for dei sjølve.

Nicitha er glad for at arbeidsgivar tok kontakt: ­– Det var NMBU som kontakta meg for intervju for lærlingplassen. Det passa veldig bra da eg ikkje heilt visste kva for plassar eg skulle søkja på.

Nicitha Stephensen stupa rett inn i flyttinga av Veterinærhøgskulen på Adamstua i Oslo ut til campus Ås.

Nicitha Stephensen ved Leiing og veerksemdstyring.
Nicitha Stephensen ved Leiing og veerksemdstyring. Foto: Elin Judit Straumsvåg

– Det var jo vi i Leiing og verksemdstyring som hadde mykje ansvar med flyttinga og ho minnest hektiske dagar.

Lærling – korfor?

Nicitha trong pause frå skulen. Jobberfaring sto høgt på ynskjelista. Erfaringa gjev fordelar på arbeidsmarknaden og det betyr ein del.

– Litt usikker på kva eg ønskjer meg i framtida, men eg har vorte veldig glad i NMBU. Og eg er så mykje meir motivert no, eg trong denne motivasjonen. Så kanskje eg blir viss sjansen byr seg.

Trine  valde  Salg, service og sikkerhet på vidaregåande. Påbygg. Sjølv trudde ho at løpet som lærling var køyrd da ho vart tipsa av ei veninne, eldre enn ho sjølv, som akkurat var ferdig. Glad ho oppdaga moglegheita og enda gladare da ho oppdaga utlysinga frå NMBU. Ikkje lenge etterpå var ho inne på intervju og resten er historie som det heiter.

– Eg  trivest veldig godt og enno veit eg ikkje kva eg vil studera. Men – korfor hast, eg ser jo sjølv kor stor aldersvariasjon det er på studentane som tek kontakt med oss ved SiT.

Trine Olstad presiserer at ho var heldig, det er ingen automatikk i å få fast tilsetjing etter lærlingperioden. Ho søkte på eit vikariat og seinare på fast stilling.

Vetle Røstvær starta på ei heilt ny line den gongen, YSK – Yrkes og studiekompetanse, 4- årig studium der ein får både studiekompetanse og fagbrev.

To år som lærling og to år med fag og til slutt sit ein att med full studiekompetanse. Vetle seier det er positivt å arbeida med dei konkrete arbeidsoppgåvene og yrkeserfaring er flott.

– God startkapital som ung. Betalt for å læra og studera, og eg slapp å arbeida ved sida av studia.

 Tips andre

Alle tre har tipsa andre om NMBU si lærlingordning og kjem til å fortsetja med det.

Hovudtillitsvald i Norsk tenestemannslag (NTL) ved NMBU Signe Kroken.
Hovudtillitsvald i Norsk tenestemannslag (NTL) ved NMBU Signe Kroken. Foto: Eivind Norum

 

Nøye og hardtarbeidande

Ein spør seg om ungdommen i dag er opptekne av arbeidstakarrettar. Og det er dei seier hovudtillitsvald i Norsk tenestemannslag (NTL) ved NMBU Signe Kroken.

– Unge i dag er i stor grad nøye og hardtarbeidande, og som ein del av det opptekne av at ting blir gjort riktig og at dei får behandlinga og kompensasjonen dei fortener. Vi opplever at mange, og stadig fleire, forstår at sikringa for dette er eit sterkt fellesskap. Dei søkjer også kunnskap. NTL Ung hadde i 2021 rekordmange lærlingar på sine kurs og konferansar, og merkjer der tydeleg at dette er unge som vil ta ansvar for eiga læring, ta ansvar for eige arbeidsforhold og som ynskjer å jobba for eit fellesskap som styrkjer kvarandre.

 Tilbakemeldingane frå lærlingane ved NMBU, seier Signe Kroken; dei er nøgde med opplæringa og utdanninga dei får ved NMBU. Det er eit mangfald av miljø, arbeidsoppgåver, tilsette og studentar som gjer det inspirerande å vera ved NMBU.

– Eit konkret innspel er å lysa ut jobbar ved NMBU, tilpassa NMBU-lærlingane sin spesielle kompetanse.

Curt Rice Lærlingordninga ved NMBU
Curt Rice Lærlingordninga ved NMBU Foto: Håkon Sparre

Klassisk vinn – vinn situasjon

Lærlingar skal vi ha her ved NMBU. Sjølvsagt skal vi ha det. Det er så sjølvsagt at ein mest ikkje treng å seia at det er ein klassisk vinn-vinn situasjon. Rektor påpeikar at lærlingane får ei solid og «up to date» og «hands on» utdanning. Og universitetet får heile tida tilbakemeldingar frå lærlingar og vegleiarar og på det viset får eit ekstra skyv til å sjå på eigne rutinar og kompetanse. Og det er kulturbyggjande for alle partar. For heile campus. Det er mange som arbeider rundt ei lærlingstilling og mang ein kompetanse er trekt inn i den daglege undervisinga og ved samlingar.

– Vi har ein lærling som jobbar opp mot toppleiinga og det har eg hatt stor glede av, seier Curt Rice. Og for mest å understreka dette legg rektor til:

Vi kan og vil bli betre

Curt Rice vil ha fleire lærlingar ved NMBU og vil vera med å leggja til rette for at det skal verta mogleg og så fort som råd. På spørsmål om kva som kan gjerast føreslår han tøffe tiltak.

– Vi må kunna stilla krav åt underleverandørane våre. Dei vi kjøper varer og tenester av må innføra eller  eventuelt vidareføra gode lærlingordningar. Sjølvsagt må vi på same viset leggja vilje og kraft attom NMBUs lærlingordning. Vi kan og vil bli betre.

Fakta

Ved NMBU har desse ansvaret for dei ulike sikkerheitstiltaka:

Gro Holter: HMS-koordinator

Bård Tollefsen: Fysisk sikkerheit

Anette Thorkildsen : Digital sikkerheit

Berit Ingebriktsen: Labsikkerheit

Heidi Randberg: Strålevern

Søk lærlingplass.

Publisert - Oppdatert

Del på