Gøy å vinna

Av Elin Judit Straumsvåg

Vinnarteikninga åt Mattis Mendoza Sveinhaug vert delt ut under immatrikuleringa. Alle nye studentar får.
Vinnarteikninga åt Mattis Mendoza Sveinhaug vert delt ut under immatrikuleringa. Alle nye studentar får.Foto: Mattis Mendoza Sveinhaug.

Bygg- og arkitekturstudent ved NMBU står attom årets kunstteikning til nye studentar ved NMBU. Kunstteikninga vert delt ut under den tradisjonelle immatrikuleringsseremonien.

Sidan 2017 har studentane laga ei kunstteikning som vert delt ut åt alle studentar. Kunsttrykket er laga i ein nummerert serie som går frå 0001 til 1500.

Det er rektor som i lag med ein jury vel ut vinnaren. Vinnaren vert premiert og NMBU ønskjer å bruka vinnartrykket ved fleire høve.

Visjon, studietilbod, campus og studentliv

Årvisst arrangerer NMBU ei teiknetevling. Studentane står fritt, men årets NMBU-trykk skal syna fram NMBUs visjon, studietilbod, campus og studentliv. Formatet er A5, 148 × 210. Ei halv A4-side er ikkje all verda å boltra seg på.

Alltid teikna

Årets vinnar, Mattis Mendoza Sveinhaug, har teikna sidan han var liten. Periodar meir enn andre. Etter at han tok til på  Byggteknikk og arkitektur-teknologi (sivil ingeniør) for nokre år sidan har han teikna meir igjen.

Her kan du lesa om den femårige mastaren i Byggteknikk- og arkitektur-teknologi.

Til hausten tek Mattis Mendoza Sveinhaug til på 4.året og teikning er svært sentralt i fleire fag. Allereie i 1.klasse får studentane tilbod om å ta Frihandsteikning (TBA110). Sentralt står grunnleggjande teikneteknikkar, akvarellmåling og meir kompliserte perspektivteikningar gjennom tridimensjonal forståing. Mattis Mendoza Sveinhaug har vore både student og øvingslærar og tilrår alle på det sterkaste å ta kurset, uavhengig av lineval, og fortset:

– På Bygg har vi òg ei rekkje arkitektur og planleggingsfag, der teikning er sentralt. Konseptteikningar, eller grafiske framstillingar av prosjekt. Mengda teikning er litt kva ein gjer det til sjølv, men det er  alltid eit nyttig middel for å kunna kommunisera idéane sine og konsept.

Urbygninga - finast

– Utruleg gøy å vinna konkurransen, og morosamt at alle førsteklassingane får kunstteikninga på immatrikuleringa, Mattis Mendoza Sveinhaug fortel vidare at vinnarteikninga var ferdig før tevlinga og med det utan føringar av noko slag. Han ser i ettertid at ikkje alle føringane er følgt til punkt og prikke, men kjenner seg trygg på at motivet fangar opp stemninga ein har på campus.

– Urbygninga er heilt unik og noko av det finaste vi har på campus!                     

Nummerering og verdisetting

Mattis Mendoza Sveinhaug var ikkje klar over at bileta vart nummererte , og kva tyding dette har. Men synes  det er kult at dei kan få ein viss verdi, utan at han ser for seg ein kraftig verdiauke. Ikkje tenkjer han det vil bety noko spesielt for karrieren heller.

– For min eigen del er det veldig givande å teikna og måla, særleg motiv av bygg, gatesituasjonar og landskap. Det har vore ein hobby lenge, og det kjem nok til å løna seg i arbeidslivet òg. Eg kjem absolutt til å fortsetja å teikna.

Unik og relevant

Stor trivsel seier årets vinnar: Eg trivest utruleg godt ved NMBU. Her er både det faglege og det sosiale miljøet heilt topp! Bygg og arkitektur er noko eg har stor interesse for. Variasjonen av fag vi har, mellom ingeniørfag og arkitekturfag, gjer denne utdanninga svært unik, - og særs relevant.

Høg kvalitet

Bygg og arkitekturstudenten fortel at det var tilfeldig at han hamna på NMBU. Han hadde andre studiar på førsteprioritet. Grunnen til at Mattis vart værande var kombinasjonen av alt dette universitetet har å tilby, både sosialt og fagleg.

– Eg vart særleg overraska over kor engasjerte og imøtekommande lærarane mine var, og kor viktig det er for dei at vi får ei utdanninga av høg kvalitet.

Største fastlandsnæring

Byggsektoren er den største fastlandsnæringa vi har får vi høyra, og står for om lag 40 prosent av utsleppa i Noreg. Draumen er å arbeida i eit arkitektfirma som set berekraft, naturen og langsiktige løysingar i fokus.

– Eg kjenner eit ansvar for å bidra til å gjera denne bransjen meir miljøvenleg, seier Mattis Mendoza Sveinhaug.

Publisert - Oppdatert

Del på