Urbant landbruk i praksis - det gror seg til i studenthagane

Av Elin Judit Straumsvåg

Urbant landbruk
Urbant landbrukFoto: Shutterstock Joshua Resnick

Medan mange tek seg nokre velfortente veker sommarferie veks det jamnt og trutt i Studenthagane nede ved Veterinærbygninga. Arbeidet studentane og lærarane byrja med i vår bærer frukter. Her tek det meste til å openberra seg i fasong og farge. Storleik. Mat og pryd, ofte i ei og same plante.

Spanande å sjå kor spesialiserte vekstane er. Florlette planter og med «klatrefingrar» som slyngar seg opp i kvarandre og andre støtter som er sett opp. Det vera seg bambus eller metall. Andre heng i klasar og greier seg mest sjølve. Medan andre ligg tungt nede på marka.

Nye sortar bær

Konstruksjonar og design som ber om polinering og framtidige generasjonar. Her er det arbeid og forska fram nye sortar. Kva med jostabær, ei blanding av  solbær og stikkelsbær – utan tornene!

Jostaplanta - ei blanding mellom solbær og stikkelsbær. Utan torner!
Jostaplanta - ei blanding mellom solbær og stikkelsbær. Utan torner! Foto: Elin Judit Straumsvåg

Sensuelle og vakre

Når ein kikkar og finkikkar på det som kjem opp av jorda. Er der litt saman med dei, er det ikkje vanskeleg å sjå kor vakre, spesialiserte og sensuelle – på kvart sitt vis, dei er. Og fotograferte og skildra i faglitteratur og poesi er dei òg.

Ny brytsukkerert, 'Aslaug',  utvikla ved NLH (no NMBU)

Lærar ved Urbant landbruk i praksis Ragna Berg syner fram brytsukkererta som mor hennar, Aslaug Berg var med i forsøket på. Sorten vart utvikla ved NLH av professor Marie Bragdø-Ås. Aslaug Berg var ein av teknikkarane, og brytsukkererta vart oppatkalla etter henne. Ragna Berg rakk å jobba med forsøket i ein liten sommarjobb på slutten av 70-talet sjølv minnest ho.

Ny sort brytsukkerert registrert.

Ragna Berg, lærar ved Urbant landbruk i praksis syner fram brytsukkererta 'Aslaug'. Aslaug Berg, mor hennar var med i forsøket som resulterte i godkjenning av den nye sorten.
Ragna Berg, lærar ved Urbant landbruk i praksis syner fram brytsukkererta 'Aslaug'. Aslaug Berg, mor hennar var med i forsøket som resulterte i godkjenning av den nye sorten. Foto: Elin Judit Straumsvåg

Sommarenga

Når ein stiller i frisk fuksiafarga skjorte, midt i sommarblomsterenga da må ein berre rekna med å bli fotografert. Og det vart ho og det var ho gjerne med på. Og det viser seg at ho heiter Helene Sylvarnes, nytilsett på heiltid i AU. Med ansvar for læringsmiljø, velferd og studiekvalitet. I denne samanhangen, fargemessig, heilt kontrapunktisk – Åse Vigdisdatter Nytrø. Nytt AU-medlem med ansvar for berekraft, innovasjon, forsking og marknadsføring. 

Pink is the new Black. Når ein stiller seg attmed ei bugnande blomstereng i fuksiafarga skjorte - da må ein verta fotografert. Helene Sylvarnes og Åse Vigdisdatter Nytrø, nytilsette i AU.
Pink is the new Black. Når ein stiller seg attmed ei bugnande blomstereng i fuksiafarga skjorte - da må ein verta fotografert. Helene Sylvarnes og Åse Vigdisdatter Nytrø, nytilsette i AU. Foto: Elin Judit Straumsvåg

Publisert - Oppdatert

Del på