Burde vi skamme oss over å handle på Black Friday?

Av Tonje Halvorsen Walde

Når vi kommer over et godt tilbud, får vi følelsen av at det haster å kjøpe.
Når vi kommer over et godt tilbud, får vi følelsen av at det haster å kjøpe.Foto: Håkon Sparre

26 november kjem ein av årets største handledagar. Burde vi ta ansvar og stanse forbruket, eller kan gjere eit kupp med god samvit?

På fredag skjer det igjen. Grytidleg om morgonen samlar folk seg i køar utanfor butikkar. Når dørene endeleg blir opna, er kampen i gong for å sikre seg eit varp.

Black Friday er i gong. Er det galskap eller berre litt uskuldig spenning for kundane? Er det eit symbol på overforbruket eller ein viktig dag for å halde økonomien i gong? Kva meiner fagfolka om dette?

Black Friday hindrer butikkdød

Det er i alle fall ikkje galskap, meiner universitetslektor Stig Aleksander Aune ved NMBU Handelshøyskolen. Han meiner den norske detaljhandelen kan trenge slike dagar.

– Black Friday er blant tiltaka som kan utsetje ein sakte butikkdød i Noreg. Dei norske fysiske butikkane er sat i ein kjempeskvis av internasjonale nettaktørar som for eksempel Amazon, som et seg gjennom bransje etter bransje som ein Pacman. Du kan ikkje angripe bedriftene aleine for Black Friday, seier Aune.

Det er det ikkje alle som er einige i.

– Vi bruker no meir ressursar enn jorda toler. Vår prioritet nummer ein burde derfor vere å få ned forbruket, og heile idéen med Black Friday er å bruke meir, seier professor Astrid Sinnes ved Seksjon for læring og lærarutdanning på NMBU.

Ho meiner at å leggje opp til dagar som berre har som målsetjing å auke forbruket blir  feil. Handelsstanden burde i likskap med resten av samfunnet vere med på omstillinga vi trengjer for å få ned forbruket.

– Vi må kjøpe færre ting som vi må behalde lenger. Då må vi leggje vekt på meir etisk produksjon, og selje færre og meir haldbare ting. Vi må over i ein sirkulær tankegang der vi tener pengar på resirkulering og reparasjonar heller enn auka forbruk. Black Friday fører oss ikkje i den retninga, seier Sinnes.

Økonomiprofessor Atle Guttormsen ved NMBU Handelshøyskolen peikar på at mange butikkar faktisk taper pengar på Black Friday, og gjerne skulle hoppet over heile dagen.

– Men dei kan ikkje la vere å delta, for då bruker folk heller pengane sine hos konkurrentane, seier Guttormsen og peikar på at det berre er nokon få kundar og eit par butikkar som eigentleg får noko utbytte av Black Friday.

Krampaktig frå handelsstanden

Morten Jerven, Professor i utviklingsspørsmål ved Institutt for internasjonale miljø- og utviklingsstudiar (Noragric) ved NMBU, meiner forbrukarane eigentleg ikkje ønskjer dette

– Det er ikkje ein forbrukar som har ønsket seg dette her til Noreg. Dette er det butikkane som har innført, seier Jerven.

Han får stønad frå doktorgradstipendiat Ellen Stenslie frå same institutt. Ho jobbar blant anna med berekraftig entreprenørskap og sosiale/grøne føretak som maksimerer samfunnsnytte i staden for profitt.

– Black Friday er eit krampaktig påfunn av ein lite berekraftig handelsstand under sterkt press. Det er eit uttrykk for eit økonomisk system i ubalanse. Vi bruker i dag langt over jorda si toleevne og fleire og fleire forstår at vi må bruke både mindre og annleis. Det vil krevje omfattande omlegging. Både politikarar og forskarar må auke innsatsen på område som sirkulær og økologisk økonomi og nedvokster. Vi kan ikkje basere det økonomiske systemet vårt på bruk og kast av ressursar. Heldigvis er det mange bedrifter som erkjenner det no og tenkjer grøn innovasjon, seier Stenslie.

Økonomien er avhengig av at folk bruker pengar

Økonomiprofessor Guttormsen tek eit anna utgangspunkt. Han meiner at økonomien er avhengig av at folk fortsetter å bruke pengar.

– Konsekvensane kan bli ganske store om vi sluttar å handle. Når vi handlar mindre, er det nokon som taper på det, anten det er den lokale butikken eller klesprodusenten på andre sida av verda, seier Guttormsen.

Det argumentet held ikkje, meiner professor Astrid Sinnes.

– Forbruket vårt fører med altfor mykje avfall og forureining. Særleg klesbransjen er blant næringane som fører til mest klimagassutslepp, vassforbruk og giftige kjemikal og lite etisk produksjon med slaveliknande arbeidsforhold og mange brot på menneskerettane, seier Sinnes.

Overforbruk må inn i skuleverket

Ho meiner berekraft og omlegging til eit sirkulært samfunn må få ein mykje meir sentral plass i utdanninga i Noreg. Sinnes har skrive boka «Action, takk!» om temaet som blei utgitt i 2020.

– Unge over heile verda streikar for klimahandling. . Ein føresetnad for å få dette til er å endre måten vi bruker på. Dei unge er flinke til å snu seg rundt og er villige til å endre handlingane sine for ei meir berekraftig verd. Samtidig som enkeltindivid kan påverke gjennom sitt eige forbruk, blir det store kravt strukturelle endringar i alle delar av samfunnet for å få til den endringa vi no må gjennom.

Ho seier vidare at handelsstanden også må ta delen sin av ansvaret og stille krav til leverandørar om meir berekraftig og etisk produksjon av varer heller enn å leggje opp til å selje meir på billigsal.

I boka sin tek ho blant anna for seg brukt av klede, noko det blir seld mykje av på Black Friday. Klesforbruket aukar stadig på verdsbasis, noko som er ei stor utfordring. Masseshopping på Black Friday hjelper ikkje på dette problemet.

– Folk må bruke kleda sine lenger. No bruker vi kleder mykje kortare enn før og kjøper heller nye klede. Det er ikkje bra. Klesproduksjon krev for eksempel enorme mengder vann. Hugs at dei fleste klesprodusentane held til i land som slitar med vasstilførsla, seier ho. Det tek 2700 liter vann å produsere ei T-skjorte og 10 000 liter for ei dongeribukse.

– Rådet mitt til kundane er heilt klart: Dropp Black Friday. Ikkje kjøp meir enn du treng!

– Ja, dei fleste berekraftige butikkane i dag kan ikkje konkurrere på pris, men tipset mitt er å handle hos grøne eller sosiale bedrifter for å skape positive ringverknader. Og aller helst: byte, dele, reparere, resirkulere og redesigne framfor å kjøpe nytt, supplerer Ellen Stenslie.

Handling har blitt harry

Dette er ikke Guttormsen enig i.

– Det har blitt ein trend å bruke lite, og mange vil nok sjå på det å engasjere seg veldig i Black Friday som litt harry. Det er jo gjerne ikkje dei rikaste som gjer mest på denne dagen. Men den er ein morosam greie for vanlege folk, som synest sal og kupp er litt spennande, seier Guttormsen.

Han meiner vi ikkje burde skamme oss.

– Nei, vi nordmenn liker jo eit godt sal! Ikkje skam deg, men kos deg på Black Friday og handle med glede, seier han.

Morten Jerven meiner at det verken er rasjonelt eller moralsk å handle på slike dagar. Han meiner butikkane lurer oss til å handle meir enn vi treng.

–  Menneska er sånn innstilt at vi ikkje vil kjøpe sko til 1000 kroner, med mindre det står at dei har kosta 2000 kroner før. Når vi kjem over eit godt tilbod, får vi kjensla av at det hastar - og vi må slå til på dette gode tilbodet, seier Jerven.

Han meiner at det hadde vore betre for forbrukarar om butikkane hadde selt varene til same pris heile året. Då kunne vi handla varene når vi faktisk trong dei og når det passet oss.

No kostar varene litt meir når dei ikkje er på sal, slik at butikkane ikkje skal tape for mykje på dei når det kjem på sal.

– No er det vi som handlar resten av året som er med på å betale for dei få som gjer eit kupp på Black Friday. Blant kundane er det berre ein fyr som vinn på dette, og det er han fyrst i køen som gjer eit kupp, mens resten av oss står i kø, seier Jerven og minner om at tida ein bruker i kø på sal også har ein verdi og ein kostnad.

Bedriftene må ta ansvar for både økonomi og berekraft

Jerven si råd til forbrukarane er å skrive ned kor mykje ein har tenkt å bruke i året på ting som flatskjermar og sko og sånt, og så halde seg til det.

Stig Aune ved NMBU meiner at bedriftene allereie er sosialt medvitne, men at dei også må vere økonomisk berekraftige.

– Nokre bedrifter vel å ikkje delta på Black Friday-køyret anten av økonomiske grunnar eller for å grønvaske seg. Men fleire og fleire bedrifter tenkjer meir langsiktig nå og ønskjer å hjelpe til eit berekraftig samfunn, men samtidig kan dei ikkje slutte å tene pengar. Det blir ikkje berekraft utan økonomisk overleving. Da er det «game over», så du kan ikkje henge grisehalen på butikkane her. Ansvaret kviler til sjuande og sist på konsumentane, som har eit eige moralsk ansvar for å ikkje kjøpe ting ein ikkje treng, seier Aune.

Publisert - Oppdatert

Del på