Norske kyst- og sjøområde under press

- Ein må ta lærdomen av det som har hendt i Indre Oslofjorden, der nå 70 % av strandsona er nedbygd, seier forskar Knut Bjørn Stokke.
- Ein må ta lærdomen av det som har hendt i Indre Oslofjorden, der nå 70 % av strandsona er nedbygd, seier forskar Knut Bjørn Stokke.Foto: Shutterstock

85 % av alle søknadar om dispensasjon for å få byggje i strandsona blir innvilga, etter Sivilombudsmannens undersøking. Den store delen innvilga dispensasjonar blir og stadfesta i ei fersk masteroppgåve ved NMBU. Strandsona vår står i fare for å bli bygd ned.

I 2008 ble byggjeforbodet gjennom plan- og bygningslova stramma inn for å forsøke å bremse nedbygginga av 100-metersbeltet langs sjøen, der det i prinsippet skal vere byggjeforbod.

– Men det hjelper ikkje stort når så mange som vil byggje i strandsona, får dispensasjon frå lova og gjeldande planar, fortel førsteamanuensis Knut Bjørn Stokke.

NMBU-forskaren er medredaktør for den ferske boka Integrert kystsoneforvaltning og held til dagleg til på Institutt for by- og regionplanlegging. Boka er eit resultat av det fleirfaglege forskingsprosjektet PlanCoast, som er leia av NMBU.

– Summen av mange dispensasjonar og utbygging gjennom kommunale planar gjer at byggjeforbodet blir uthola, friluftstilboda til publikum blir reduserte, og verdifull kystnatur blir bygd ned bit for bit. Kommunane og våre lokala  folkevalde er pålagde eit stort ansvar for å ta vare på vår felles strandsone gjennom plan- og bygningslova, og forskinga vår viser at det i mange tilfelle er behov for å klargjere kva handlingsrom dei faktisk har, og ikkje har.

Samtidig ser forskaren lett optimistisk på framtida til strandsona. For noko ser ut til å ha hendt i befolkninga, meiner han. Eit auka medvit rundt kva vi er i ferd med å miste, ei større forståing for at vi ikkje kan ta fjordane og havet for gitt. For nokre år tilbake samanlikna Stokke forvaltinga av bynære markaområde og bynær strandsone i Kristiansand og Bodø, og la merke til ein interessant forskjell. Mens markaområda blei omtykt nærmast som heilage, blei strandsona bygde ned bit for bit. Og det trass i at strandsona lenge har vore underlagt eit generelt vern, noko markaområda manglar. Markaområda har vore gjenstand for den forskaren omtalte som eit «stille vern», der sivilsamfunnet slo ring om desse områda.

– Det blei danna venneforeiningar med ein einaste gong det var snakk om utbygging av noko slag i markaområda rundt byane. Slik har det ikkje vore for strandområda. Men eg trur det er ein endring på gong gjennom auka tilgang for å gå langs sjøen på grunn av det flotte arbeidet med kyststiar mange stader, og det hadde vore spennande å sjå nærmare på om auka bruk også har  ført til større engasjement i sivilsamfunnet for  å ta vare på vår felles attverande strandsone, seier forskaren.

Presset er særleg stort i Oslofjorden, både langs strandsona, men også på sjøområda. Sommaren sine medieoppslag med grumsete bilete av handlevogner og død fisk viste oss alle at ryktet om dårlege miljøtilstand i Oslofjorden ikkje er overdrive, heller tvert imot. Situasjonen for Oslofjorden minner også om at utbygginga av strandsona på land  påverkar arealbruken i sjø, ved at fleire hytter og hus gjerne også fører til fleire bryggjer og småbåthamner, som gjerne blir lokaliserte i lunare bukter og viker som  er viktige for ålegrasenger. Ålegras er ein veldig viktig naturtype, m.a. fordi det er eit viktig oppvekstområde for mange marine artar, men er truga av både utbygging og forureining. Gjennom det pågåande PLanCoast-prosjektet såg vi likevel at presset på strandsona dei siste åra har vore størst i Vestland, men aukande også i Trøndelag og Nord- Noreg.

– Regjeringa har utarbeidt statlege planretningslinjer for differensiert strandsoneforvalting, som blei revidert i år, og der poenget er at det skal vere lettare å byggje der presset er minst. Ein må etter mi meining vere veldig påpasseleg med at ikkje verdifull strandsone også blir bygd ned der. Ein må ta lærdomen av det som har hendt i Indre Oslofjorden, der nå 70 % av strandsona er nedbygd.

Stokke forklarer at i strandsoneområda på Vestlandet er det gjerne reiselivet som utgjer ein del av presset, men også grunneigarar som gjerne alltid har hevda retten til å byggje ei eiga bryggje og eit eige naust på eigedomen sin i strandkanten.

Fungerer ikkje plan- og bygningslova slik den er meint her?

– Eit problem er at Staten er ambivalent og seier at lova skal vere restriktiv, men samtidig differensiert. Her kjem ikkje staten med nokre klare retningslinjer til kommunane, som handhevar lova, berre nokre generelle retningslinjer i dei nemnde statlege planretningslinjene for strandsona. Frå 2008 blei det krav om at kommunane skulle teikne inn anna byggjegrense i plan, som då vil erstatte det generelle byggjeforbodet i 100-metersbelte. Poenget er å sikre ei meir planstyrt og samtidig differensiert utvikling. Dette kan vere eit fornuftig grep, men det krev at staten gir klare føringar for kommunane korleis denne grensa i kommunale planar skal setjast, og at planane ikkje blir uthola gjennom dispensasjonar. Ingen av desse vilkåra ser ut til å vere til stades.

Kvar er det det buttar?

– Kommunestyret har rett til å vedta både planar og dispensasjonar, under visse rammar. Staten har innsett at vi ikkje kan ha eit rigid vern av heile 100 metersbelte og har derfor gitt kommunane denne fullmakta til å fråvike byggjeforbodet - utan klare nok retningslinjer. Problemet er at summen av planar og dispensasjonar om utbygging i strandsona er massiv, seier Stokke.

Forskaren fortel at prinsippet om kommunalt sjølvstyre står sterkt i Noreg, og han meiner at løysinga er todelt: Det eine er å stramme inn på høva til å få dispensasjon. Det andre er å ha klarere prinsipp om korleis kommunane kan setje den nye byggjegrensa langs sjøen i planane sine. I tidlegare Vestfold fylke har fylkeskommunen laga ein eigen rettleier for korleis kommunane kan teikne anna byggjegrense, saman med utarbeiding av ny regional kystsoneplan. Eit viktig prinsipp i rettleiaren er at ein ikkje kan setje ny byggjegrense nærmare sjøen enn 15 meter og at ein ikkje kan teikne ny byggjegrense i ubygde område, såkalla LNFR-område (landbruks-, natur-, frilufts- og reindriftsområde) i arealdelen av kommuneplanen.

– Denne rettleiaren blir i stor grad følgt opp av kystkommunane i tidlegare Vestfold, og kommunane sjølv meiner den regionale planen med tilhøyrande rettleiar har vore viktig i eige planarbeid for strandsona. Alle kystkommunane i landet burde ha slike klare prinsipp, slår Stokke fast.

Noregs kyst er lang, og boka Integrert kystsoneforvaltning, som Knut Bjørn Stokke har vore redaktør for, tek for seg fleire tema enn utbygging i strandsona. Konfliktpotensialet - og ikkje minst klimaavtrykket - blir stort om ikkje ein så viktig ressurs som kystsona blir rett regulert og forvalta.

Vindkraft på land langs kysten, akvakultur i sjø, gjestingsforvalting av nasjonalparkane i kystsona og eit berekraftig naturbasert reiseliv og sjøsamane sine fiskerettar er tema som blir klargjorde i boka gjennom både planfaglege, samfunnsvitskaplege og juridiske perspektiv. 

– Å regulere reiseliv er nytt i Noreg. Det har ikkje vore noko ein har forvalta tidlegare, berre noko ein marknadsfører så flest mogeleg internasjonale turistar kjem. Vi må verne naturen og  lokalsamfunna som får auka trykk av turisme, samtidig som vi sikrar den lokale verdiskapinga. Nå ser vi eit behov for å styre den aukande turismen på ein berekraftig måte, noko som er knytt til det framveksande fagfeltet besøksforvalting. På dette feltet har også Stokke i samarbeid med Morten Clemetsen ved Institutt for landskapsarkitektur i 2021 hatt ansvar for etterutdanningskurset «Bærekraftig besøksforvalting og levende lokalsamfunn i Nordland fylke», i samarbeid med Nordland fylkeskommune.

Forskaren er oppteken av at kunnskapen som er opparbeidd gjennom PlanCoast-prosjektet og formidla gjennom boka skal nå ut til alle som arbeider med praktisk forvalting og planlegging av kystsona på ulike nivå, både i kommune, fylkeskommune og statleg forvalting.

– Vi kan utnytte plan- og reguleringsverket som finst enda betre enn vi gjer i dag, slår Stokke fast.

– Det er kanskje i seinaste laget for Oslofjorden, men vi kan sørgje for at vi bevarer naturen og forvaltar kystsona på ein berekraftig måte i resten av landet vårt.

Saka finst og hos Forskning.no

Fakta

Integrert kystsoneforvaltning - planfaglege, samfunnsvitskapelege og juridiske perspektiv
Katrine Broch Hauge (red.) Knut Bjørn Stokke (red.). Universitetsforlaget 2021

Boka blir lansert 1. oktober - klikk her for meir informasjon.

Denne boka er eit resultat av eit fireårig tverrfagleg forskingsprosjekt, PlanCoast, finansiert av Norges Forskningsråd. Ein raud tråd i prosjektet har vore konseptet om ei integrert kystsoneforvaltning gjennom kommunal og regional planlegging etter plan- og bygningslova og forvaltning etter sektorlovverket. Forventninga om å sjå sjø- og landområde i samanheng på tvers av kommune- og sektorgrenser er også sentral i boka.

Felles for alle artiklane i boka er at dei tek opp og diskuterer dagsaktuelle fenomen i den norske kystsona. Boka inneheld både planfaglege, samfunnsfaglege og juridiske fagartiklar. Enkelte artiklar er skrivne i samarbeid mellom forfattarar med ståstad i ulike fag for å sikre tverrfaglege tilnærmingar. Boka inneheld også artiklar frå fagpersonar i forvaltninga som dagleg handterer problemstillingar om bruk og vern av sjø.

Eit gjennomgåande trekk i boka er korleis planlegging etter plan- og bygningslova fungerer som integrerande reiskap i kystsona, i samspel med sektorlovverket, og kva forfattarane meiner er dei viktigaste utfordringane for å oppnå ei slik meir integrert forvaltning av kystsona i åra som kjem.

Boka er redigert av Knut Bjørn Stokke, førsteamanuensis ved Fakultet for landskap og samfunn, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) og prosjektleiar i PLANCOAST Katrine Broch Hauge, førsteamanuensis ved Nordisk institutt for sjørett, Universitetet i Oslo.

Publisert - Oppdatert

Del på