Erter, bønner og bakteriar et opp klimagassar

– Vi treng belgvekstar i berekraftig landbruk. Samtidig gir dei veldig mange gode næringsstoff til både menneskemat og dyrefôr, seier Frostegård. 

Belgvekstar hjelp til med å løyse nokre av problema. I Noreg vil det fyrst og fremst seia kløver, erter og bønner. 

Mindre gjødsel 

Det er ikkje noko nytt at belgvekstane er god hjelp til å gje andre planter næring. Bakteriar i knollar på røtene kan binde nitrogen frå lufta. Det blir kalla «nitrogenfiksering». Når belgvekstane gjer om nitrogenet i lufta til nitrogen som korn og grønsaker kan bruke som næring, så er det ikkje naudsynt å bruke kunstgjødsel for å få meir nitrogen i jorda. 

– Belgvekstane tek til seg nitrogen og bygger protein. Dei kan minske bruken av gjødsel i landbruket, slår Åsa Frostegård fast. 

Bakteriar i knollar på røtene kan binde nitrogen frå lufta. Det blir kalla «nitrogenfiksering».

Bakteriar i knollar på røtene kan binde nitrogen frå lufta. Det blir kalla «nitrogenfiksering».

Photo
Shutterstock

Passar saman 

Ho forskar på korleis bakteriane og vekstane passar saman. Forskarane har berre så vidt byrja med å finne dei beste kombinasjonane. Riktig bakteriesort saman med riktig plante gjer nitrogenfikseringa mykje meir effektiv. 

– Forskinga vår viser kor stor variasjon du kan få i vekst og nitrogeninnhald i plantene ut frå kva for ein bakterie du har brukt, fortel ho. 

– Ofte må vi pode plantefrø med utvalde bakteriar for å få den beste nitrogenfikseringa. I dag er utvalet av slikt potemateriale avgrensa til nokre få bakterietypar. Det blir arbeidd intenst for å utvikle fleire og betre variantar. 

Bakteriane kan eta lystgass 

Den forskinga som ligg nærast hjartet hennar akkurat nå, handlar om lystgass. Nokre av bakteriane som arbeider saman med belgvekstane når dei fikserer nitrogen, kan òg danne lystgass når dei lever i jorda.

Lystgass er ein av dei tre verste klimagassane, saman med CO₂ og metan. Når det blir lite oksygen, så byrjar ein del bakteriar å puste nitrat og nitrittar i staden.

– Det er ille for bonden, for da blir det danna lystgass, seier Frostegård.

Men mange av desse «denitrifiserande bakteriane» kan òg gjera det stikk motsette. Dei et lystgass.

– Blant de bakteriane som fikserer nitrogen, finn vi ganske mange som er gode til det. Dei fungerer som sterke lystgass-sluk, seier Frostegård.

– Når vi leiter etter nitrogenfikserande bakteriar som vi kan bruke til podemateriale for å auke proteinproduksjonen til belgvekstane, skal vi velje bakteriar som både er effektive nitrogenfikserarar og effektive lystgass-etarar. Da når vi fleire berekraftsmål samtidig.

Enzym 

Eit enzym som finst hos ein del bakteriar, gjer om lystgassen til vanleg nitrogengass. Nitrogen utgjer allereie 78 prosent av atmosfæren, og denne nitrogengassen er ikkje noko problem for klimaet. 

– I desse bakteriane er det dette enzymet som vinn fram slik at dei tek lystgassen og gjer han om til nitrogen, forklarer Åsa Frostegård. – Forskingsgruppa vår arbeider med innovative metodar for å minske lystgassutsleppa. 

Det vil seia at dei arbeider for å få til fleire bakteriar som kan eta lystgass.

– Ein måte er å bruke podemateriale for belgvekstar som både betrar nitrogenfikseringa og bruker lystgass. Ein annan er å opprike biogassrestar med bakteriar som et lystgass før dei blir spreidd på jorda, seier Frostegård.  

Referansar: 

Published 17. august 2021 - 9:18 - Updated 10. september 2021 - 14:48