Pionane si tid er ikkje forbi

Av Kjersti Sørlie Rimer

Høytidelig åpning av rehabilitert Halvmåne, uke 26 sommeren 2021. Parksjef Bjørn Anders Fredriksen og eiendomsdirektør Kjersti Sørlie Rimer
Høytidelig åpning av rehabilitert Halvmåne, uke 26 sommeren 2021. Parksjef Bjørn Anders Fredriksen og eiendomsdirektør Kjersti Sørlie RimerFoto: Ragna Berg

I vår og sommar har det vore stor aktivitet i området ved viftebeda. I periodar har pionane vore borte. No er dei tilbake, godt støtta i nye dekorative stativ i stål.

Pionane har stått der sidan 1930-talla og er ein viktig del av det verna parkanlegget, seier Bjørn Anders Fredriksen som er parksjef og styrer rehabiliteringa av det verna anlegget med stø hand. Han har doktorgrad på nett dette anlegget.

I fleire år er det jobba med forbetringar og tilbakeføringar rundt Storplenen. Området ved Tårn er utbetra og Hirsch-trappa er oppført på nytt. Begge stader er det lagt opp til mest mogeleg historisk planter.

Denne sommaren blir jobba det med utbetringar i det halvsirkelforma feltet, der storplenen blir avslutta i sydd. Området blei opphavleg kalla Halvmånen, men går no under namnet Viftebedene, etter beda som blei laga i ei vifte, rundt år 2000 av parksjef Thor Johansen.

Litt historikk

Halvmånen blei opphavleg opparbeidd under professor Olav L. Moens leiing på 1930-talet. Den gong med eikehekk som avgrensing og med nisjar for benker. Eikehekkane er for lengst borte.  

Trea rundt voks til, og det blei for skuggefullt for nyetablering av eikehekkar. Ei stund var det barlindhekkar, men i 2015 blei desse tekne opp og erstatta av agnbøk. Plantene var gjenbruk frå eit overdimensjonert prosjekt nord for Tårnbygningen. Ved plantinga blei det gjort ein nøyaktig gjennomgang av Moens teikningar og studiar på staden, slik at hekken si plassering og nisjar blei så nær opphavleg utforming som mogeleg.

Mellom hekken, grusgangen og viftebeda ligg bogeforma bed med parvise søyletre og pioner imellom.  Har var det opphavleg planta søylealm (Ulmus glabra 'Exoniensis'), men på grunn av almesykja er det i staden planta inn søyleagnbøk (Carpinus betulus 'Fastigiata'). Desse trea må klippast eller kolles for å få proporsjonar slik søylealmane var tenkt å ha.

Pionane

Kvar sommar står dei store bune fulle av blomstrande pioner, det er eit fantastisk skode. Desse pionbeda blei etablert allereie i Moens tid på 1930-talet. Dei fleste pionane er originale og har stått på same plass heile tida, berre somme få er bytt ut.

Det er lenge sidan pionane har vore teke opp og delt, så desse 90-åringane hadde behov for deling, for å få ny vitalitet og for oppstøtting.

Moen har planta pionane slik at det er mørkeraude sortar ut på sidene, så blir fargesjatteringane stadig lysare inn mot hovudaksa. Dette er eit feiande flott skode i blomstringa. Plantinga er ei av dei mest verdifulle eldre staudeplantingane i Parken.

Pionsortane er registrerte av staudeekspert Mari Marstein og ho hadde god nytte av eit kart over beda med sortsnamna frå 1940-åra.

Våren 2021 blei alle pionane tekne opp og merka. Etter at beda var utbetra og oppgradert med stålkantar, blei pionane planta tilbake med same plassering som tidlegare. Kvar pion har fått eit stativ i stål for dekorativ og diskré oppstøtting av tunge blomsterstenglar. Grusgangen langs pionbeda har fått ny grus og det er lagt ned ny drenering.

Proporsjoner

Moen var oppteken av at bygningar og park skulle danne ein arkitektonisk hele og vere velproporsjonert. For eksempel er det sentrale feltet av Storeplenen laga slik at dei korte endane i rektangelet er halvparten så stor som dei lange. 

Urbygningen har tre framskotne parti i sørfasaden, ein i midtpartiet (inngangsdøra) og ein på kvar ende. Midtpartiet si breidd forplantar seg ut i parken, og tilsvarer bredda på trappeanlegget ned til Speildammen. Ved Viftebedene gjentek denne bredda seg mellom dei to parallelle hekkane ut mot Drøbakveien. Opninga dannar midtlinja i parken med utsikt ut i kulturlandskapet.  Den halvsirkelforma plenen med pionbeda tilsvarer kanten på dei to sideutspringa på Urbygningen.

Det er mange slike linjer og proporsjonar i Moens park. Det er særleg Tårnbygningen, Urbygningen og Cirkus som er viktige referansebygg.

Tusen takk til Bjørn Anders Fredriksen for at han alltid deler av kunnskapen sin om parken.

På neste tur i parken søk opp Garden eksplorer NMBU og følgje med på alle dei plantene du vil vite namn på. Bruk mobil, den er best der synest eg.  -

Kolling, https://trepleieforum.no/images/Samlet_4_artikler_knutekolling.pdf

Publisert - Oppdatert

Del på