Flislageret, ein liten bygning i ein stor park

Av Kjersti Sørlie Rimer

Flislageret males sommeren 2021
Flislageret males sommeren 2021Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Dei siste åra har det skjett store endringar i området bak Urbygningen.  Fyrst blei gardsbygningane, som blei kalla Sus Scrofa riven for å gi plass til SVAS sitt fjernvarmeanlegg. Deretter reiv Statsbygg dei fleste bygningane til Senter for husdyrforsøk, fleire utleigebustader til tilsette og bygningen som huste Åkebakke barnehage. 

Det er rive til saman 24 bygningar i området. Til erstatning bygde Statsbygg eit moderne anlegg (Ås gard) for Senter for husdyrforsøk, ein flott barnehage i Utveien og den unike Veterinærbygningen, som er bygt for å huse aktivitetane som har vore på Adamstuen.

Mellom Urbygningen og Nordskogen-området kan ein følgje med, på etableringa av det nye parkdraget. Dette er ein prosess som tek fleire år.

Framleis står det igjen tre eldre hus i området. Det er Hønsestigen 3, også kalla Likkista, som inneheld leilegheiter for tilsett ved NMBU og to uthus. Dei siste åra har parkavdelinga ved NMBU, gjort ein ekstra innsats for å få fram den gamle hagen rundt Likkista.

Ta ein ekstra titt på denne, på bygningar, kunst og planter i området. Her er det mykje å oppleve, til og med Stolpejakt, så det er absolutt verdt ei gjesting.

I tillegg til Likkista står det, som nemnt igjen to raude uthus. Det vesle raude uthuset, som står inn mot parken og som blir skrapa og mala i desse dagar, blir kalla Flislageret og har vore hønsehus og meir til.

Desse tre bygningane dannar eit tun som skal vitne om at det har vore trehus i området. Flislageret har i tillegg fått ein heilt ny funksjon, fordi den delen av park-aksen som ligg framfor dette uthuset, dei fyrste åra i alle fall, er sett av til studenthagar.

Landskapslaboratoriet på NMBU har ansvaret for dette og arrangerer saman med gartnarar, landskapsarkitektar og plantevitarar, sommarkurs som heiter «Urbant landbruk i praksis», for studentar frå fleire studieretningar. Dette varar heile vekstsesongen frå fyrst i juni til midt i oktober. Her får dei erfaring med dyrking av både pryd og nytteplanter i eigen parsell og i fellesområde.

Studentane dyrkar frå frø og ved å pode, dei lærer namn på reiskapar og faguttrykk frå anleggsgartnar og gartnarfaget. Studentane har sjølv ansvar for vatning og stell i Studenthagen. Dei får faglege innspel frå lærarane kvar veke. Også i dette prosjektet har NMBU jamlege møter med Statsbygg (Hege Gultvedt) og representant frå Steen og Lund for å halde tak i koordineringa. Steen og Lund driftar parkaksen dei tre fyrste åra.

Det stilles store krav til at det skal sjå bra ut midt framfor inngangen til den nye Veterinærbygningen. Flislageret blir eit samlingspunkt og eit lager for utstyr som studentane skal bruke.

Dersom somme lurer på huset i kanten av Fougnerhaugen, så blir det kalla Vaktmesterboligen. Det er i dag kontor. I fjor blei dette mala i ein tidsriktig farge frå etableringsåret, bygningen har skifta farge frå raud til mørk grøn.

NMBU ønskjer alle hjarteleg velkomen til å følgje med på kva undervisarar og studentar held på med framfor det raude huset/Flislageret, når de vandrar gjennom dei flotte parkareala på NMBU.

Publisert - Oppdatert

Del på