Fredsprisen i 2020 til mat og fred – som i 1970. Eit femtiårsminne.

Av Mette Risbråthe

Nett det var Nobelkomiteens grunngjeving då den i 1970 – for akkurat 50 år sidan –  gav fredsprisen til Norman Borlaug og Den grøne revolusjonen. At han dette året blei æresdoktor ved Norges Landbrukshøgskole, var med på å gjera namnet kjend for Nobelkomiteen. Prisen er nå gløymd av mange og miskjent av mange som minnest den, men dei heng saman. At WFP deler ut mat der den trengst mest, føreset nemleg det matoverskotet Borlaug var med på å skape.

Åsmund Bjørnstad
Åsmund Bjørnstad Foto: Håkon Sparre

Kronikkforfatter Åsmund Bjørnstad.

Norman Borlaug (1914-2009) var ein genetisk 100% norsk, men etnisk 100% amerikansk planteforedlar vaksen opp under depresjonen. Han opplevde at Roosevelts New Deal og ny planteforsking lyfte amerikansk jordbruk frå fattigdom. Visepresident Henry Wallace ville prøve modellen i Mexico som historias første landbruksbistand, ikkje matvarehjelp. Borlaug blei sett til å foredle kveitesortar bygd på den amerikanske suksessen mot rustsjukdomar. Kortare strå gjorde dei høgtytande med kunstgjødsel og vatning. I løpet av 50-åra auka meksikanske avlingar sterkt.

I 1964–1966 fortalte verdspressa stadig om hunger i dei indiske delstatane Bengal og Bihar. Økologar skreiv bøker om «overfolka» land som India «kunne reddast». Samtidig viste Borlaugs sortar lovande resultat nett der. Statsminister Indira Gandhi forstod at utan mat var India inga stormakt, og i 1967 spadde ho opp blomsterbedet sitt og sådde kveite. Den grøne revolusjonen var i gang. India dobla kveiteproduksjonen frå 1961 til 1970. For denne innsatsen fekk Borlaug – overmåte overraska – Nobels fredspris i 1970. Då var ei tilsvarande utvikling i gang i ris.

Det finst i ettertid to «forteljingar» om Den grøne revolusjonen. I «teknoforteljinga» var den ein historisk auke i matproduksjonen, bygd på nye teknologiar  og framsynt politikk. I «miljøforteljinga» – som har dominert her til lands – var den ein lite berekraftig «fiks» bygd på importert teknologi og kunstgjødsel, den tømde jorda for grunnvatn og erstatta lokalt biologisk mangfald med storskala monokultur. Begge forteljingane inneheld korn av sanning.

Først «teknoforteljinga».

India dobla kveiteproduksjonen igjen frå 1970 til 1999, og Kina tredobla den frå 1961 til 1990. Heimeavla hybridsortar i ris var der eit ekstra sprang. Innverknaden på kinesisk matproduksjon var minst like stor som Deng Xiao Pings jordbruksreformar.

Den grøne revolusjonen var ei intensivering – meir frå same arealet. Frå 1966 til 2005 auka kveiteareala i verda med 1,6 prosent, men avlingane med 112! Trass i nær dobla folketal (+93 prosent), var det 10 prosent meir til kvar.

Realprisane på korn fall med 40 prosent frå 1965 til 2000. Dette gagna særleg fattige byfolk i fattige land og den nye middelklassen, medan mange bønder fekk ein økonomisk skvis med stigande kostnader. Overskot på kaloriar og arbeidskraft la grunnlag for veksten utanfor landbruket. Utan Den grøne revolusjonen ville prisane på ris og kveite blitt dobla og meir produsert i det langt meir produktive Nord.

Så «miljøforteljinga». Kvar revolusjon skaper vinnarar og taparar. Ei tidleg innvending var at sortane utan den rette «pakka» av vatn, gjødsel eller sprøytemiddel gav ikkje Borlaugs sortar meir enn dei gamle. Svaret er både ja og nei. Først, formålet den gong var å avhjelpe hunger, få meir korn raskast mogleg, og det var enklast der naturen er gjevmild og areala store og einsarta. Av den grunn mislukkast Borlaug i Afrika.  Langt strå trengst   i sorghum, der halmen er viktig til fôr, og nye sortar må nøye høve lokal regntid. I Mali er det nedverdigande å selje såkorn til ein granne i naud, så nye sortar blir spreidde gjennom såvaresamvirke – heilt annleis enn Borlaugs metode. Hans veikskap var at han var ein velmeinande og 100% overtydd misjonær frå Midtvesten.

Og minka mangfaldet? Også ja og nei. Sorghum i Mali yter meir med 25% nytt «blod» - om klimatilpassinga blir bevart. Same rissorten dyrka over store delar av Asia var både ein suksess og ein veikskap. Ein velfødd middelklasse etterspør nå gamle sortar med låg avling, eller heilkorn som helsekost.  I 60-åra tydde det kaloriar og protein, til verda frå 1990 blei klar over den «stille hungeren»: Høgare avling (og meir CO2 i lufta) «fortynnar» innhaldet av jern og sink i kornet.

Som nittiåring drog Borlaug i gang eit globalt samarbeid mot den nye bylgja av rust i kveite, igjen basert på fri utveksling. Land som Etiopia, Tyrkia, Kina og India har hatt stor nytte av dette – men gjev sjølve ikkje frå seg eit frø, under dekke av Biomangfaldkonvensjonen. Den grøne revolusjonen bygde på mangfaldet av sortar verda over, og gjorde avlsmaterialet tilgjengeleg verda over, gratis, i høgtytande form. Det er det stadig – medan det i mais og særleg soya er langt meir privatisert.

Frå 1990 rekna mange «nok mat» som «eit løyst spørsmål», og den internasjonale landbruksforskinga kom på sveltekur. At produksjonen stagnerte, var å vente - men den tok seg opp frå 2003 og toppa 3 milliardar tonn i 2017, ein rekord få merka seg. Den er særleg sterk i mais (og soya), driven av etterspurnad etter kraftfôr frå areala i Sør-Amerika, men gjeld òg matkorna ris og kveite. Kan vi då klare 50% meir mat i 2050? Vel, med 47% meir frå 2002 til 2017, og soya og mais i reserve? Som Den grøne revolusjonen, er spørsmålet politisk prioritering.

Borlaugs fredspris har hatt blanda ettermæle, blant andre frå den tida som den til Henry Kissinger og Le Duc Tho. Årets fredspris fornyar grunngjevinga i 1970. Skapte så Den grøne revolusjonen fred? Ikkje i seg sjølv. Ei kvar regjering som vil bli ved makta, veit at svolt avlar uro og at mat gjev makt. Ein forløpar for Borlaug, italienaren Strampelli, utvikla kveitesortar som i 1920-åra la grunnlaget for Mussolini i Italia og i 40-åra Mao Tse Tung i Kina. Syria under Assad bygde sitt sjølvstende på sjølvforsyning med «grøn revolusjon» kveite. Det same gjeld Tyrkia, som er storeksportør av kveitemjøl til granneland og Asia. Den grøne revolusjonen hjelpte mange slags regime. Må tru om den historisk var like viktig som Vietnamkrigen og datarevolusjonen?

Denne kronikken ble først publisert i Dag og Tid.

Publisert - Oppdatert

Del på