Berekraft bør inn i all undervisning

  • Bærekraftig
    Foto
    Shutterstock

— Dagens studentar krev å vera ein del av å finna løysinga. Dei står ikkje fast i dei faglege tradisjonane, men er ei innovativ kraft. Det er ein ressurs me må bruka.

Berekraft bør inn i all undervisning

Det seier Solve Sæbø, prorektor ved NMBU, som deltek på ein større berekraftskonferanse i Bergen denne veka.

Solve Sæbø leiar ei arbeidsgruppe som det siste året har jobba med ei felles plattform for berekraftig undervisning. Der skal institusjonane kunne dela døme på korleis ein jobbar med berekraft innanfor undervisning.

— Me viser fram nokre døme på korleis ein kan setja fokus på berekraft. Ein kan til dømes snakka om bereraftdilemma i eit eksisterande kurs, ein kan ha eigne kurs knytt til berekraft, og ein kan ha eigne program, til dømes masterprogram. I tillegg kan ein ha institusjonelle tiltak som til dømes berekraftspilotar, som dei byrja med ved UiT, seier Sæbø.

Endra utdanning

Då det vart bestemt i fjor at ein skulle ha eit felles arbeidsverktøy, var det sagt at det særleg var utdanning som skulle stå i fokus. Slik har det òg vorte. Det trengs ein ny pedagogikk, heiter det i rapporten.

— Universitetspedagogikken har stort sett vore retta mot djupnelæring innanfor ein dispilin, men for å rusta studentane med det dei treng for å løysa berekraftsutfordringane er ikkje dette nok. Dei treng både tverrfagleg samarbeid, kritisk sans og kreativitet, seier Sæbø.

Gruppa som har jobba fram plattforma har sett på både kva som trengs av utvikling av pensum og læringsformer, og kva hinder ein kan sjå.

— Me må utdanna studentar som kan forstå eit system. Dersom ein løyser ei berekraftutfordring risikerer ein å øydelegga innafor andre felt. Studentane må forstå dette samspelet, seier Sæbø frå berekraftskonferansen i Bergen.

Les heile artikkelen i Khrono

Published 7. February 2020 - 10:10 - Updated 7. February 2020 - 10:10