Det veterinære fagmiljøet NMBU Sandnes og SEARCH vert styrka

  • _
    Foto
    Øystein Johnsen

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) og landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) vitjar NMBU i Sandnes 29. juli 2019 blant anna for å gjera greie for avgjerda om å styrka det veterinære fagmiljøet.

Det veterinære fagmiljøet NMBU Sandnes og SEARCH vert styrka

Nyetableringa av det biomedisinske forskings- og undervisingssenteret Sandnes Education and Research Center Høyland (SEARCH) vil bidra til betre dyrehelse og fører til at seksjonen kan utvida sitt aktivitetsnivå.

Varig styrking

Stortinget tildelte 8 millionar kroner som eingongsmiddel til nybygg til SEARCH i 2016, og 12 millionar kroner som eingongsmiddel til medisinsk utstyr og inventar i 2018. I 2019 tildelte Stortinget 10 millionar kroner til SEARCH.
No stadfestar statsrådane at denne tilrådinga vil verta vidareført, gjennom den årvisse rammetilrådinga åt NMBU, slik at det veterinære fagmiljøet ved NMBU Sandnes og SEARCH får ei varig styrking.

Obligatorisk undervising ved NMBU Sandnes 

NMBU Sandnes ligg midt i landbruksfylket Rogaland kor det er kort avstand mellom gardsbruk. Tett samarbeid med velvillige bønder og praktiserande veterinærar gjer det mogleg å tilby god, rikeleg og variert undervising. Alle veterinærstudentar har for tida obligatorisk undervising i innleiande besetningsmedisin på småfe ved NMBU Sandnes, og dei som vel fordjuping innan produksjonsdyrmedisin kjem attende for undervising i ulike tilleggskurs med hovudvekt på dyreartene sau og gris.

  

Bildet viser Prosjektleder for Search Marianne Oropeza-Moe og Nils Petter Oveland, overlege ved Stavanger Universitetssykehus.

Foto
Øystein Johnsen

NMBUs samfunnsoppdrag er å vera ein konstruktiv, framtidsretta og kritisk utdannings- og forskingsinstitusjon som samarbeider med universitet og forskingsinstitusjonar over heile verda for å utvikla ny kunnskap. Veterinærmedisinske forskingsprosjekt og undervising ved SEARCH / NMBU Sandnes hjelper til med å oppfylla samfunnsoppdraget innan tverrsektoriell forsking, utdanning og innovasjon

SEARCH-fasilitetane gir NMBU og partnerane SUS og UiS ein unik posisjon som trekkjer til seg både nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar. SEARCH har state-of-the-art lokaler og utstyr som mellom anna vert bruka til «high tech» kurs og forsking for helsepersonell.

NMBU har driftsansvar for SEARCH og andre partnarar er Helse Stavanger – Stavanger Universitetssjukehus (SUS) og Universitetet i Stavanger (UiS). 

Denne artikkelen er omsett til nynorsk:

Det veterinære fagmiljøet NMBU Sandnes og SEARCH styrkes

Forsknings- og høyere utdanningsminister Iselin Nybø (V) og landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) besøker NMBU i Sandnes 29. juli blant annet for å redegjøre for beslutningen om å styrke det veterinære fagmiljøet.

Published 29. juli 2019 - 8:00 - Updated 17. April 2020 - 15:03