Veit for lite om turistar i norsk natur – har samla inn svar frå over 5000

  • Sykkelturistar i Trysil, fuglekikkarar i Varanger og Trolltunga-vandrarar er blant dei 5300 turistane som har delteke i BIOTOUR sine marknadsundersøkingar. Resultata skal etter planen vera klare i 2020.
    Foto
    Fredrik Otterstad/Trysil

5300 turistar i mellom anna Trysil, Varanger og Hardanger bidreg gjennom forsking til eit meir attraktivt og berekraftig reiseliv i norsk natur.

Veit for lite om turistar i norsk natur – har samla inn svar frå over 5000

Dramatiske fjell, pittoreske fjordar og mektige fossefall. Naturen er trekkplasteret for majoriteten av turistane som ferierer i Noreg, men natur-turistane er langt ifrå like. Per i dag har me likevel mangelfull kunnskap om etterspurnaden etter naturbaserte reiselivsprodukt i Noreg.

Marknadsanalysar er difor ein viktig del av BIOTOUR-prosjektet. Det dreier seg om undersøkja og forstå potensialet for ulike produkt innan naturbasert reiseliv i Noreg.

– Meir kunnskap om ulike turistgrupper sine preferansar og behov er viktig når me skal utvikla, pakka og marknadsføra attraktive og berekraftige reiselivsprodukt. Slik kan me ivareta både turistar og lokalsamfunn, utan at naturressursane tek skade, seier Kathrin Jathe, BIOTOUR-forskar og doktorgradsstipendiat ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

MELD DEG PÅ BIOTOUR SITT NYHEITSBREV!

5300 turistar har talt

Totalt har 5300 turistar bidrege til BIOTOUR sine marknadsanalysar.

I sin doktorgrad, studerer Jathe produktpreferansar og betalingsvilje for ulike reiselivsprodukt blant ulike turistgrupper i det naturbaserte reiselivet.

Preferansane varierer på tvers av ulike naturbaserte aktivitetar, men også innanfor turistgrupper som oppsøkjer den same aktiviteten.

– Eg ønskjer å finna ut kvifor visse reiselivsprodukt er meir attraktive for einskilde grupper enn for andre. Me trur at turistane sine preferansar blir påverka av erfaring, evner og dedikasjon, i tillegg til reisefølgje og sosio-demografiske karakteristikkar, seier doktorgradsstipendiaten.

Trolltunga, Varanger og Trysil

2800 Trolltunga-vandrarar, sykkelturistar i Trysil og fuglekikkarar i Varanger har mellom anna fått spørsmål om kven dei reiser saman med, korleis dei har førebudd seg og kva som var utslagsgjevande for val av destinasjon.

Mange av informantane har i etterkant delteke i eit omfattande, nettbasert oppfølgingsundersøking der dei blei spurde om haldningar til miljø og til spesifikke aktivitetar, ferdigheitsnivå og betalingsvilje for ulike pakkeprodukt.

Her nytta forskarane også metoden «valeksperiment», og gav deltakarane i studien valet mellom fleire hypotetiske produktpakkar og destinasjonar. Utifrå vala dei tek, kan forskaren analysera seg fram til preferansar for spesifikke produktpakkar og stadseigenskapar.

Fuglekikkarar på Hornøya er blant dei 5300 turistane som har svara på BIOTOUR-forskarane sine spørsmål.

Fuglekikkarar på Hornøya er blant dei 5300 turistane som har svara på BIOTOUR-forskarane sine spørsmål.

Foto
Christian Roth Christensen

Kan motverka «overturisme»

Kunnskap om korleis ulike grupper av turistar og friluftsutøvarar verdset naturressursane, nye tenester og opplevingar er avgjerande for å lukkast med bevarings- og utviklingstiltak i stadig meir belasta naturområde.

BIOTOUR si pågåande kartlegging av den naturbaserte reiselivsmarknaden vil difor kunne bidra til meir berekraftige destinasjonar, Ifølgje Jathe.

– Marknadsundersøkinga vår kan til dømes gje destinasjonar innsikt i kva ulike grupper turistar er villige til å betala for økosertifiserte tilbydarar og for bevaring av natur. Reiselivsnæringa kan bruka denne kunnskapen til å marknadsføra seg opp mot dei segmenta som i størst grad bidreg til både berekraftig og lønsam drift. På denne måten kan ein også redusera trengsel og motverka “overturisme”,  forklarar Jathe.

I tillegg til feltundersøkinga ved Trolltunga, i Trysil og Varanger, gjennomførte BIOTOUR i 2018 ei spørjeundersøking blant over 2500 utanlandske turistar ved utreise frå Noreg. Også denne undersøkinga skal bidra til å kartleggja kven turistane er og kva dei ønskjer av kommersielle tilbod medan dei er her på ferie.

Kathrin Jathe i BIOTOUR forskar på turistane i det naturbaserte reiselivet. Her er ho sjølv naturturist i Bend, Oregon.

Kathrin Jathe i BIOTOUR forskar på turistane i det naturbaserte reiselivet. Her er ho sjølv naturturist i Bend, Oregon.

Foto
Privat

Resultata klare våren 2020

BIOTOUR-forskarane jobbar no med å analysera det omfattande datamaterialet.

Marknadsundersøkinga skal etter planen vera ferdig og rapporten tilgjengeleg våren 2020.

– Så langt kan me sjå at datamaterialet er bra og gir grunnlag for gode analysar, fortel Petter Dybedal ved Transportøkonomisk institutt (TØI), som er ansvarleg for marknadsanalysane i BIOTOUR.

Nokre overordna funn er likevel klare. Undersøkinga stadfestar mellom anna at naturbaserte opplevingar er ein langt sterkare motivasjonsfaktor for å reisa til Noreg enn opplevingar som er knytte til kultur og til urbane område. Turistane oppsøkjer både fjell, skog og kystområde.

– Me ser at oppleving av landskap og fotografering av natur er viktig for majoriteten av turistane. Fiske, kajakkpadling og korte og lange (over fire timar) fotturar i naturen er også ettertrakta, seier Dybedal.

LES OGSÅ: Ni av ti Trolltunga-turistar trur dei er godt nok rusta

Published 17. juni 2019 - 13:24 - Updated 18. juni 2019 - 12:18