- Meir enn berre fisk

  • Fiskeundersøkinga som blir gjennomført i Trysil kan gje oss ny kunnskap om god fiskeforvalting og berekraftig fisketurisme.

    Fiskeundersøkinga som blir gjennomført i Trysil kan gje oss ny kunnskap om god fiskeforvalting og berekraftig fisketurisme.

    Foto
    Yngve Ask - Visitnorway.com

Fisking er ein svært viktig aktivitet for det naturbaserte reiselivet i Noreg. BIOTOUR ber no fiskarar i Trysil om hjelp til å kartleggja fisketurismen, med mål om å styrkja forvaltinga av denne sårbare naturressursen.

 

- Meir enn berre fisk

- Fiskeforvaltinga handlar om meir enn berre fisk. Me menneske påverkar fiskeressursen, seier BIOTOUR-forskar og førsteamanuensis ved NMBU, Stian Stensland.

Stensland har ansvaret for fiskeundersøkinga, som blir gjennomført av NMBU i samband med lokale aktørar, blant anna Trysil fellesforeining for jakt og fiske (TFJF). Studien inngår i BIOTOUR-arbeidspakken som omhandlar produkt- og ressursanalysar.

- Kunnskapen me får inn er viktig for å kunne nå måla i fiskeforvaltinga om at fiskeressursen skal forvaltast til det beste for naturmangfaldet og for interessentar som fiskarane, rettshavarane og samfunnet elles.

BIOTOUR ønskjer svar frå både aktive og mindre aktive fiskarar i Trysil.
BIOTOUR ønskjer svar frå både aktive og mindre aktive fiskarar i Trysil.
Foto
Åste Sætre Liberg
Fiskedestinasjon med lang historie

Spørjeskjemaet er sendt ut til fiskarar i Trysil som registrerte e-post-adressa si ved kjøp av fiskekort i 2017. Fiskarane får spørsmål om fangst, gjenutsetjing, kvar dei fiskar og kor ofte.

Andre spørsmål går på korleis Trysil blir oppfatta som fiskedestinasjon, kor nøgde fiskarane er med Trysil og kva syn dei har på fiskereglar og forvalting.

Trysil eignar seg godt for gjennomføring av ei slik undersøking, fortel Stensland.

- Trysil har vore ein klassisk sportsfiskedestinasjon i lang tid. Den moderne turismen i Noreg starta jo med dei britiske lordane som kom hit for å fiska, jakta og klatra fjelltoppar.

Trysil har vore ein klassisk sportsfiskedestinasjon i lang tid. Denne harren beit på kroken i Tysilelva hausten 2017.
Trysil har vore ein klassisk sportsfiskedestinasjon i lang tid. Denne harren beit på kroken i Tysilelva hausten 2017.
Foto
Åste Sætre Liberg
 - Artig og interessant

 Tryslingen Åste Sætre Liberg studerer naturforvalting ved NMBU og skriv masteroppgåve på bakgrunn av den pågåande spørjeundersøkinga.

 - Eg synest det er interessant og artig at undersøkinga kan vera til nytte for forvalting og tilrettelegging av fiske og reiseliv i Trysil, seier Liberg.

Liberg leverer masteroppgåva si den 15. mai. Så langt har 44 prosent av fiskarane svara, men det er behov for fleire svar for å få eit riktig bilete av kven fiskarane i Trysil er og kva dei meiner om fisket og forvaltinga i Trysil.

 - Me treng både svar frå dei som fiskar ein til to gonger i året så vel som dei som fiskar svært mykje for å vera sikre på at resultata speglar den jamne Trysilfiskaren, påpeikar Stensland i BIOTOUR.

Published 15. mars 2018 - 9:49 - Updated 15. mars 2018 - 14:00