NMBUs lærarutdanning tildelt Utdanningsforbundets klimapris

Lærarutdanninga ved NMBU var den første i Noreg som sette eit overordna mål om å utdanna lærarar som kan bidra til berekraftig utvikling. Fokus på klima og berekraft har i lang tid vore gjennomgåande i all verksemd ved avdelinga.

NMBUs lærarutdanning tildelt Utdanningsforbundets klimapris

 

For dette arbeidet vart NMBUs Lærarutdanning ein av vinnarane av Utdanningsforbundets klimapris for 2017.

– Lærarutdanninga ved NMBU er ein spydspiss innan utdanning for berekraftig utvikling. Dei har lagt ned eit stort arbeid på dette området, og viser veg for andre, seier leiar av Utdanningsforbundet, Steffen Handal, som òg var juryleiar.

Det seier Handal i ei pressemelding frå Utdanningsforbundet i høve tildelinga av Utdanningsforbundets klimapris for 2017. Den andre vinnaren var Omvikdalen skule i Hordaland.

Prisen vart delt ut på Klimaseminaret 2017 i Lærernes hus måndag 30. oktober.

Her er juryen si grunngjeving for val av Lærerutdanninga ved NMBU:

"NMBUs lærerutdanning var den første i Norge som satte seg et overordnet mål om at de skulle utdanne lærere som kan bidra til bærekraftig utvikling. Klima og bærekraft er gjennomgående i all lærerutdanning og prioriteres også i etterutdanningen.

"NMBU har betydelig utadrettet virksomhet knyttet til kurs, seminarer og konferanser om utdanning for bærekraftig utvikling. Lærerutdanningen legger vekt på at studentene skal lære om klima og bærekraft både i teori og praksis, og legger opp til eksemplarisk undervisning med studentaktive arbeidsmåter."

50.000 til kvar

Dei to vinnarane får 50.000 kroner kvar. Prispengane skal fortrinnsvis gå til å styrka prisvinnarane sitt vidare klimaarbeid.

Juryen består av representantar frå Utdanningsforbundet, Tryg og Naturvernforbundet.
Les meir om klimaprisen og tidlegare års vinnarar i denne lenka.

Frå venstre: Gro Hartveit (Utdanningsforbundet), Silje Lundberg (Naturvernforbundet), Astrid Sinnes (lærarutdanninga NMBU), Hans Erik Lefdal (lærarutdanninga NMBU), Ingrid Eikeland (lærarutdanninga NMBU) og Monica Rimestad (Tryg).

Foto
Utdanningsforbundet
 

Published 31. oktober 2017 - 15:07 - Updated 16. April 2020 - 16:44