Nitrogenet i grøngjødsel kan utnyttast betre

Grønngjødsling med traktor
Grønngjødsling med traktorFoto: Anne Kjersti Bakken

Gode avlingar krev tilstrekkelege mengder nitrogen. Det er viktig at tilførsla er mest mogleg synkronisert med plantane sitt behov sidan nitrogen også kan bidra til forureining av luft og vatn. Når korn dyrkast økologisk og det ikkje er tilgang på husdyrgjødsel, blir heilårs grøngjødsel nytta som næring for kornplantane som skal vekse der året etter. Ei eittårig grøngjødseleng er oftast samansett av kløverplanter, som samlar nitrogen frå lufta, og gras.

Nitrogenet i grøngjødsla er ikkje direkte tilgjengeleg for andre vekstar. Først må grøngjødsla brytast ned og nitrogenet mineraliserast. Ulike måtar å handtere grøngjødselenga på kan vere utslagsgjevande for gjødselverdien, og det er dette Randi Berland Frøseth har undersøkt i doktorgradsarbeidet sitt. Målet med avhandlinga var å gje eit bidrag til betre nitrogenutnytting frå grøngjødseleng i ulike jordtypar under norske klimatilhøve.

- Dagens praksis med å la grønmassen ligge å rotne har positiv effekt på etterfølgjande kornavling, men utnyttinga av nitrogenet var ikkje god nok, seier Frøseth.

Fermentert grønmasse er best
Ho har gjennomført feltforsøk i ulike delar av landet for å undersøkje korleis kornplantene utnytta nitrogenet etter ulike måtar å handtere grøngjødselenga på. Feltforsøka blei gjennomført på to stader i Trøndelag og på to stader på Austlandet, og tre ulike måtar å handtere grønmassen på blei undersøkt. Etter kvar slått av grønmasse blei den anten liggjande på jordet, den blei fjerna eller den blei fermentert i ein biogassreaktor og delvis tilbakeført som gjødsel til byggplanter neste vår.

- Samanlikna med å la grønmassen liggje eller å fjerne han, var fermentering av grønmassen i ein biogassreaktor og tilbakeføring av bioresten som gjødsel det mest lovande alternativet med omsyn til redusert risiko for nitrogentap og betra utnytting av nitrogenet i ein etterfølgjande byggkultur, seier Frøseth og held fram:

- Men for å setje dette ut i praksis på den einskilde gard trengst det kostnadseffektive og praktiske løysingar for plantebaserte biogassanlegg under kalde klimatilhøve

Publisert - Oppdatert

Del på