800 nye studentboligar til Ås

Skisse av ny studentby i Skogvegen på Campus Ås. Byggherre er Samskipnaden i Ås (SiÅs).

Foto
Arkitekt Dyrø og Moen AS

Skisse av ny studentby i Skogvegen på Campus Ås. Byggherre er Samskipnaden i Ås (SiÅs).

Oppstarten av det første byggetrinnet var så vidt i gang da meldinga om fullfinansieringa av heile prosjektet kom i slutten av mars. Dermed ligg det an til tri år med hektisk byggeaktivitet.

– Ved NMBU er vi veldig glade og letta i dag. Tilskotet som Studentsamskipnaden i Ås (SiÅs) no har fått frå Kunnskapsdepartementet, betyr at alle dei planlagde 800 nye studentbustadane kan stå ferdig til veterinær- og dyrepleiarstudentane kjem til Ås neste haust. No veit vi at vi ikkje berre har hjarterom, men også husrom nok til å ta imot ei stadig aukande mengde studentar til Ås og NMBU.

NMBU er eit universitet i stor vekst på ein liten tettstad. No kan vi gi endå fleire av studentane våre moglegheit til å busetja seg i Ås og ta del i dagleglivet her. Eg er veldig glad for at Kunnskapsdepartementet tek dette behovet på alvor, seier rektor Mari Sundli Tveit.

Stor dag for SiÅs og studentane

For SiÅs betyr fullfinansieringa at byggeprosjektet i Skogvegen kan gjennomførast fortløpande.

– Dette er ein stor dag for NMBU og for heile Ås. Det er 17. mai, julaftan og bursdag på ein gong. Samfunnsoppdraget vårt var å få bygd ferdig studentbustadane innan studiestart 2020. Det greier vi no, seier administrerande direktør i SiÅs, Einride Berg.

– Dette er veldig bra og heilt nødvendig for å vera klare til flyttinga av veterinærutdanninga frå Oslo til campus Ås i 2020. Dette er så klart veldig viktig for studentane, men òg for Ås. Det er viktig at studentane har moglegheit til å både bu og ta del i samfunnet her. Da er det grunnleggande at ein har ein stad å bu. Med den veksten som er forventa i studentmassen, er det viktig at det kjem på plass bustader, seier leiar Tord Hauge i Studenttinget NMBU.

Les mer om byggeprosjektet i Skogvegen her.

Løpende informasjon om utbyggingen finner du i denne lenken (Facebook).

 

 



 

 

Published 27. mars 2019 - 12:54 - Updated 20. juli 2021 - 13:46