Håvard Øyrehagen: Utmarksrådgjevar med breitt nedslagsfelt

Håvard Øyrehagen har ein mastergrad i økologi. No er han utmarksrådgjevar hos Norsk Sau og Geit, og jobbar med alt frå rovviltproblematikk til gjengroing av kulturlandskapet. Han mener at utdanninga hans har gjort han attraktiv for mange ulike delar av næringslivet.

Kan du fortelja litt om din nåværande jobb?
Eg jobbar for tida for Norsk Sau og Geit. Det er ein medlemsorganisasjon for saue- og geitebønder og har lokallag, fylkeslag og eit sentralt sekretæriat. Eg vart ansett hjå NSG 1. juli 2008 og har stillinga Utmarksrådgjevar og jobbar med alle utmarksrelaterte problemstillingar som rovviltproblematikk, flått og snyltarar, veg og jernbane, attgroing av kulturlandskapet, verneplanar, utfordringar knytt til gjerdehald og so skriv eg litt i medlemsbladet Sau og Geit.

Kvifor valde du å studera på UMB?
Grunnen til at eg valde UMB var fordi eg alltid har hatt interesse av naturen og gjerne ville studere biologi/naturforvaltning. I tillegg hadde eg høyrt at UMB hadde eit framifrå studentmiljø og det lokka ein del.

Kva for nyte har du hatt av utdanning di?
Den utdanninga eg har teke på Ås gjort meg til ein attraktiv arbeidssøkar både hjå aktørar i landbrukssamvirket og andre aktørar. Eg har fått gode jobbtilbod både før og etter eg starta her i NSG. Om ein vel utdanning frå UMB er ein attraktiv for mange ulike delar av næringslivet.

Råd til kommande studenter?
Mitt råd til kommande studentar må vere å ta ei brei fagleg utdanning og ikkje minst engasjere seg i samfunnet og UKA! Viser du at du er ein person som kan samarbeide med andre er det minst like mykje verdt som å berre sitje på lesesalen og pugge.

Publisert - Oppdatert

Del på