Miljøtips og miljøprosjekter

  • Transport

    NMBU har satt i stand eit sykkelmotell og ein sykkelbod på campus.

    Les meir om sykkelmoteller og sykkelbua

    NMBU oppmodar om samkjøyring. Skal du til Ås med bil kan du leggja inn turen på Carmacarpool. Du kan også sjekka om andre treng å sitja på ein eller begge vegar. Med å skriva Ås eller NMBU i søkjefeltet kan du på ein enkel måte få fram moglege samkjørarar.

  • Avfallshandtering

    NMBU skal vere eit universitet som har eit bevisst forhold til å redusera eige miljø- og ressursbelasting. Institusjonen skal motivere både tilsette og studentar til eit bevisst forhold til ressurseffektivitet, materialkretsløp og berekraft. Saman med Studentsamskipnaden i Ås har NMBU laga eit avfallssystem for heile campus, som skal betre forvalting av avfallsressursar.

  • Solcelleanlegg på Ås gard

    Det er gjennom ei årrekkje jobba kontinuerleg med optimalisering av energiforbruk ved NMBU. Dette har gitt seg utslag i lågare totalforbruk sjølv om talet på studentar og tilsette har auka jamt. Campus er varma opp med fjernvarme.

    Vi skal delta i ein dugnad for styrke markedet for miljøvennlege løysingar og miljøvennleg energi, og fordi vi ønsker å senke karbonavtrykket vårt. Solcellene vil kunne bli brukt direkte i undervisninga av våre teknologistudentar. Anlegget har teoretisk kapasitet til å produsere 230 kW. Anlegget opna i 2020.

    Solcelleanlegg på Ås gård
  • Fjernvarmeanlegg

    Med fjernvarmeanlegget på campus varmast heile universitetet og bebygginga i Ås sentrumsområde opp med fornybar energi i form av skogsflis. Skogsflisa er ein kortreist, fornybar ressurs som passar god inn i miljøprofilen til universitetet. Anlegget stod ferdig i 2013.

    Les meir om fjernvarmeanlegget

  • Resirkulering

    NMBU har valt ein resirkuleringsleverandør som legger til rette for løysingar for ombruk, materialgjenvinning, og deretter energiutnytting av det avfallet som miljømessig, teknisk eller økonomisk ikkje er egna for materialgjenvinning. Det avfallet som ikkje kan eller bør gjenvinnast, skal destruerast eller deponerast på ein miljømessig sikker måte.

    • Ved val av sluttbehandlingsstad har leverandøren vår fokus på:   
    • Avfallspyramiden   
    • Helse, miljø og tryggleik ved transport, eigne produksjonsanlegg og hos eksterne behandlingsanlegg   
    • Best mogleg utnytting av ressursane   
    • Miljøvennlig transport   
    • Lokal behandling av avfallet der det er mogleg   
    • Kontroll på farleg avfall og hinder spreiing av miljøgifter   
    • Etikk og samfunnsansvar   
    • Sporbarhet og kontroll – streng kontroll av at avfallet blir handtert i henhold til lover og forskrifter

    NMBU vil gjera større betringar på sortering av matavfall, plast og gjenbruk av møblar.

  • Regnbed

    I eit samarbeid mellom landskapsarkitektar, hydrolog, hortonom, vassingeniør og parkavdelinga ved NMBU har etablert eit regnbed. Initiativet er eit tiltak for å møta klimaendringane knytt til auka nedbør. 

    Les meir om regnbedet
  • Opprydding i avfallsdeponi

    Historia sett sine spor. I 2016 fann universitetet eit gammalt avfallsdeponi på Korsegårdsmyra (gnr. 27, bnr. 4). Historisk sett tok Norges landbrukshøgskule ut brenntorv frå denne eigedommen i perioden ca. 1917 til rundt 1955. Delar av dette arealet (om lag 2 dekar) vart brukt til avfallsdeponi fram til ca. 1960. NMBU har kartlagt og laga tiltaksplan i etterkant av funnet. Tiltaka vart godkjent av Fylkesmannen. I 2020 rydda universitetet opp avfall og hindra avrenning av miljøskadelege stoff i samsvar med denne planen.