Pusterom: Bokprat om "Odelsskam"
I boka «Odelsskam» skildrar odelsjenta Maria Lavik oppveksten på eit småbruk på Vestlandet. Ho veks opp med sauesanking, store avstandar, bokbuss annankvar torsdag og historier om ei livskraftig og motkulturell slekt. Men alt som sekstenåring flyttar ho ut. Burde ho koma tilbake?
Dato:
Sted:
Universitetsbiblioteket, Veterinærbygningen
Adresse:
Elizabeth Stephansens vei 15, 1433 ÅS
Kontaktperson:
«Odelsskam» skildrar ein gard, ein plass og ein tilstand som held på å gleppa mellom hendene på forfattaren. Boka skildrar den evige reisa som mange utflyttarar er på, i stadig rørsle mellom bygda og byen, mellom «heim» og heim.
Samanvoven med hennar historie er den særnorske, over tusen år gamle odelsretten. Lova som koplar jorda og slekta saman til ein nesten heilag symbiose. «Odelsskam» er ei nær og rørande historie om tradisjonar og endring.
Korleis påverkar odelsskam ditt nærmiljø? Korleis snakker me om odel, og korleis finn me løysingar som både er gode for einskildmenneska og lokalmiljøet?
PUSTEROM
Pusterom er en arrangementsserie hvor Universitetsbiblioteket inviterer til musikk og små foredrag fra studenter og ansatte ved NMBU, og andre flinke folk.
Pusterom er støttet av Velferdsutvalget på NMBU. Arrangementet er gratis og åpen for alle.