Førstekonsulent i Samferdselsdepartementet

Øyvind Stokka fullførte mastergrad i samfunnsøkonomi med profil i miljø- og ressursøkonomi våren 2015. Hans masteroppgave ble kåret til beste masteroppgave ved Handelshøyskolen i 2015 og nå jobber han som førstekonsulent i Samferdselsdepartementet.

Hva gjør du i din jobb? 
- Eg jobbar som sakshandsamar i Samferdselsdepartementet, med vegbudsjettet og etatsstyring av Statens vegvesen som hovudarbeidsoppgåver. I tillegg jobbar eg mellom anna med stortingsmeldinga Nasjonal transportplan 2018-2029, miljøspørsmål knytte til transportsektoren og utgreiingsprosjekt.

Hvilken utdanning tok du? 
- Før eg kom til NMBU, tok eg bachelorgrad i utviklingsstudiar med spesialisering i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Bergen.

Øyvind Stokka

Øyvind Stokka

Foto
Privat

Hvor relevant var utdannelsen hos oss? 
- Utdanninga er i stor grad relevant. Eg har ennå til gode å utføre derivasjon på jobb, men den samfunnsøkonomiske innsikta eg fekk ved NMBU, er viktig i mange av problemstillingane eg vert stilt overfor. 

Hvorfor valgte du å studere ved NMBU? 
- Som austlending ønskte eg meg, etter fire år i Bergen, attende aust over fjellet. Under studiane ved UiB fekk eg sansen for miljøøkonomi. Eg valde å søke meg til NMBU fordi eg visste at universitetet hadde eit sterkt miljøøkonomimiljø og fordi dei tilbydde ein studieprofil som passa meg godt.

Hvilke råd har du til kommende studenter? 
- Ikkje set din lit til motivasjon. Motivasjon kjem og går, same kor glad du er i det du held på med. Disiplin er langt meir påliteleg. Med tvang skal vondt fordrivast!

Dine erfaringer med NMBU? 
- Eg er svært nøgd med opphaldet ved NMBU. Studentmiljøet er bra og ein kjem tett på dyktige forelesarar. Mi erfaring frå jobbsøkarprosessen er at kandidatar frå Handelshøgskulen ved NMBU har eit gjennomgåande godt rykte blant arbeidsgivarar.

 

Published 28. oktober 2016 - 11:19 - Updated 3. February 2017 - 9:45