Hopp til hovedinnhold

Frå fjøravfall til verdifulle ressursar

Av Clémentine Isembart

Person i laboratoriefrakk og blå hanske holder opp en hvit fjær foran en laboratoriebenk med sikkerhetskabinett og laboratorieutstyr i bakgrunnen
Foto: NMBU

Doktorgradsarbeidet til Clémentine Isembart viser at mikrobiell nedbryting kan gi ein berekraftig måte å utnytte fjør på, eit rikeleg, men lite brukt biprodukt frå industrien. Forskinga hennar stadfesta dei fjørnedbrytande eigenskapane til to bakteriestammar og viste at dei nyttar ulike strategiar. I tillegg isolerte og karakteriserte ho ein ny soppstamme som effektivt kan bryte ned fjør.

Tenk tilbake på den siste kyllingmiddagen du åt. Tenk så på fjørene kyllingen ein gong hadde. Kvar vart dei av?

Kvart år produserer den globale fjørfeindustrien millionar av tonn fjør, og dei fleste endar opp med å bli brende eller lagde på deponi. Det er sløsing på fleire måtar, fordi fjør nesten berre består av protein, eit verdifullt råstoff som kunne vore nytta mykje betre.

Utfordringa er at fjør er bygde for å vare. Dei består av keratin, det same sterke proteinet som finst i hår og negler, og i skjell, klør og hovar hos dyr. Keratin er svært godt eigna til å verne dyr nettopp fordi det er så vanskeleg å bryte ned. Den same eigenskapen gjer òg fjør krevjande å resirkulere. Dagens industrielle metodar for å bryte ned keratin er avhengige av høg temperatur, høgt trykk eller sterke kjemikaliar. Dette krev mykje energi og kan vere belastande for miljøet.

Naturen har si eiga løysing. I naturen hopar ikkje fjør seg opp for alltid. Enkelte bakteriar og soppar bryt dei gradvis ned. Målet med doktorgradsarbeidet til Clémentine Isembart var å forstå korleis desse mikroorganismane gjer dette, og korleis vi kan nytte dei til å gjere fjøravfall om til noko nyttig.

Gjennom fire år med forsking fann ho tre sentrale resultat:

1: Litt førearbeid har mykje å seie. Ei kort behandling av fjør med damp under trykk, på same måte som i ei trykkokar, før bakteriane blir sette til arbeidet, gjer det mykje lettare for bakteriane å bryte dei ned.

2: Ikkje alle fjørnedbrytande bakteriar er like. Isembart samanlikna ein velkjend bakterie som bryt ned fjør med ein nyoppdaga bakterie som trivst i kulde. Ho undersøkte både korleis dei fungerer som levande kulturar, og korleis enzymane deira arbeider. Kuldetilpassa mikroorganismar er særleg interessante fordi dei kan gjere prosessen mindre energikrevjande.

3: Ein ny sopp som et fjør. Isembart isolerte og skildra for første gong ein sopp som er særs effektiv til å bryte ned fjør.

– Til saman viser desse resultata at dersom vi klarer å bryte ned fjør på ein effektiv måte, går dei frå å vere eit krevjande biprodukt til å bli ein verdifull ressurs. I staden for å ende opp i forbrenningsanlegg kan fjør bli nytta som ingrediensar i dyrefôr, gjødsel eller andre verdifulle industriprodukt, seier Clémetine Isembart.

Og historia sluttar ikkje her. Med utgangspunkt i denne forskinga har NMBU fått finansiering til eit nytt fireårig prosjekt kalla Keranor. Eit nytt lag av doktorgradsstudentar og forskarar skal arbeide vidare med nedbryting av fjør, med mål om å skalere opp dei mikrobielle prosessane til industrielt nivå.

Clémentine Isembart
Stipendiat

Fakultet for realfag og teknologi
Institutt for maskinteknikk og teknologiledelse

FAKTa:

Clémentine Isembart

  • Doktorgrad: NMBUs Fakultet for realfag og teknologi. Finansiert av SFI Industriell Bioteknologi.
  • Tidligere utdanning: Ingeniørutdanning i bioteknologi/mikrobiologi
  • Tittel på avhandlinga:
  • Norsk: Undersøkelser av mikrobiell nedbrytning av fjær: Innsikt i nye keratinolytiske bakterier og sopp
  • Engelsk: Exploring Microbial Degradation of Feathers: Insights into Novel Keratinolytic Bacteria and Fungi

Clémentine Isembart skal forsvare doktoravhandlinga si fredag 23. oktober 2026. Sjå disputasoppslaget her.

Publisert - Oppdatert