INF131A Datahandtering - grunnemne
Om dette emnet
Emnet gjev ei innføring i grunnleggjande aspekt av praksis og teori i datahandtering, med fokus på både relasjonelle databasar og ikkje-relasjonelle kunnskapsbasar. Tema som skal diskuterast omfattar:
- Prinsipp for god praksis i datahandtering: FAIR-prinsipp, data- og metadatakvalitet, handsaming av utilstrekkeleg annoterte data.
- Relasjonelle databasar: SQL (strukturert spørjingsspråk), databaseskjema, brukargrensesnitt, entitet-relasjonsdiagram og tilknyting til objektorientert programmering.
- Kunnskapsgrafteknologi: RDF, semantisk karakterisert datautveksling, ontologiutvikling.
Dette lærer du
Deltakarane utviklar evna til å
- bedømme behov og vurdere/forbedre framgangsmåten i datahandtering etter etablerte anbefalingar for god praksis;
- arbeide med relasjonelle databasar på ein systematisk måte og stytte brukarar gjennom utvikling av enkle grensesnitt i Python;
- bruke ikkje-relasjonelle databasar, spesifisere metadata og kommunisere informasjon i tråd med formalismen basert på RDF/OWL.
Kompetansen frå emnet kan fordjupast vidare igjennom INF131B (Logikk - grunnemne).
Læringsaktiviteter
Læringsstøtte
Pensum
Forutsatte forkunnskaper
Vurderingsordning, hjelpemiddel og eksamen
Om bruk av KI
Sensorordning
Undervisningstider
Overlapp
Opptakskrav