Om dette emnet

Emnet gjeves ei innføring i grunnleggjande aspekt av praksis og teori i datahandtering og logikk, med fokus på både relasjonelle databasar og ikkje-relasjonelle kunnskapsbasar. Tema som skal diskuterast omfattar:

  • Prinsipp for god praksis i datahandtering: FAIR-prinsipp, data- og metadatakvalitet, handsaming av utilstrekkeleg annoterte data.
  • Relasjonsdatabasar: Innføring i SQL som dataspørjespråk, databaseskjema, brukargrensesnitt, entitet-relasjonsdiagram og tilknyting til objektorientert programmering.
  • Kunnskapsgrafteknologi: Ressursbeskrivingsrammeverket RDF, semantisk karakterisert datautveksling, ontologiutvikling.

Dette lærer du

Deltakarane utviklar evna til å

  • bedømme behov og vurdere/forbetre framgangsmåten i datahandtering etter etablerte anbefalingar for god praksis;
  • arbeide med relasjonsdatabasar på ein systematisk måte og stytte brukarane gjennom utvikling av brukargrensesnitt;
  • bruke ikkje-relasjonelle databasar, spesifisere metadata og kommunisere informasjon i tråd med formalismen basert på RDF/OWL.

Kompetansen frå emnet kan fordjupast vidare igjennom DAT230 (Datahandtering og dataanalyse).

  • Læringsaktiviteter

    Førelesingar kombinert med øvingar tilpassa studentane sine forkunnskapar og ferdigheiter.
  • Læringsstøtte

    Den emneansvarlege + hjelpelærar(ar) vil rettleie og stytte studentane.
  • Pensum

    Blir kunngjort ved kursstart.
  • Forutsatte forkunnskaper

    Programmering og databehandling (INF120) eller tilsvarende
  • Vurderingsordning, hjelpemiddel og eksamen

    Gjennomgåande vurdering/Mappe vurdering. Karakterregel: A-F
  • Om bruk av KI

    K2. Spesifisert bruk av KI. Det er ikkje lov å bruke KI-verktøy på noen måte til utarbeiding av innleveringane som inngår i mappevurderinga. Elles kan dei brukast fritt.

    Bruk av KI må vere i tråd med retningslinene for bruk av kunstig intelligens (KI) ved NMBU.

    Her finner du KI-kategoriene beskrevet.

  • Sensorordning

    Ekstern sensor deltek saman med intern sensor ved utforminga av eksamensoppgåvene og sensorrettleiinga.
  • Obligatorisk aktivitet

    • Bidrag/presentasjon under øvingstimane
    • Kollokvium
  • Undervisningstider

    Fyrstesamling: 2 timar plenum.

    Forelesningar: 4 x 2 timar per veke (plenum).

    Øvingar: 2 grupper à 4 x 2 timar per veke.

  • Overlapp

    2½ stp overlapp med INF131A og INF131B

    3 stp overlapp med INF132

  • Opptakskrav

    REALFAG