NMBUs Læringsfilosofi

Læringsfilosofien gjenspeglar korleis vi ønsker at studentane utviklar evne til å lære heile livet under studietida ved NMBU.

NMBU er dedikert til ypparleg undervising og læring.

Læringsfilosofien ligg ved hjartet av visjonen vår om ypparleg undervising og læring. Han understrekar dedikasjonen vår til å hjelpa studentane våre til  å læra heile livet, og å tileigna seg nødvendige evner for å takla globale utfordringar.

NMBU skal skapa inkluderande læringsmiljø og gode faglege heimar, både for studentar og tilsette. Dette oppnnår ein gjennom å legga til rette for at studentane kan vera aktive deltakarar i fagmiljøet, og veit at undervisarar rettleier og støttar studentane i læringsprosessane deira.

Læring er ein studentaktiv prosess som fremmar refleksjon og sjølvstende. Ved å oppmoda og utfordra studentar får dei dei nødvendige verktøy for å kunna ta ansvar for og styra si eiga læring.

Gjennom konstruktive tilbakemeldingar og strukturert refleksjon aukar sjansen for læring. Studentane må derfor sjåast på som ein viktig læringsressurs for kvarandre og må delta aktivt i undervisninga av medstudentane sine. Vi bør derfor oppmoda studentar til å undervisa, evaluera og læra av kvarandre gjennom akademisk dialog.  

Samanhengen mellom læringsutbytteskildringar, læringsaktivitetar og vurdering utgjer ei stor rolle i NMBU sin Læringsfilosofi. Gode læringsutbytteskildringar må utviklast både for ulike program og fakultet, slik at ein har gode forskingsbaserte læringsaktivitetar som bidrar til at studentane når læringsmåla sine.

For å sikra at ein lagar gode læringsutbytteskildringar, læringsaktivtetar og vurderingsmetodar er måten ein vurderer eit emne på viktig. Dette blir gjort tradisjonelt med ein summativ evaluering i slutten av kvart semester. Gode formative, langsgåande vurderingar bidrar òg til konstruktiv vidareutvikling av eit emne. Ved å nytta begge metodar blir det gitt verdifulle tilbakemeldingar på læringa til studentar, samtidig som ein samlar verdifulle tilbakemeldingar frå studentar om korleis ein kan støtta, legga til rette for og guida læringa deira. Undervisarar kan fritt velja korleis dei utfører formative vurderingar.

I ei sluttvurdering er undervisarar forplikta til å gi refleksjonane sine og arbeida med å kontinuerleg forbetra emna sine.

    • Vi skaper inkluderende læringsmiljøer og gode faglige hjem
    • Studentene er aktive deltakere i fagmiljøet
    • Læring er en studentaktiv prosess som fremmer refleksjon og selvstendighet
    • Studentene tar ansvar for og og styrer egen læring
    • Lærerne tilrettelegger, veileder og støtter studentene i deres læringsprosess
    • Studentene er en viktig læringsressurs for hverandre og deltar aktivt i undervisningen av sine medstudenter
    • Lærerne fremmer studentenes læringsprosess underveis gjennom konstruktive tilbakemeldinger

    NMBUs Læringsfilosofi fremmes ved at:

    • Instituttene videreutvikler undervisningen mot mer studentaktive læringsformer
    • Et veiledende mål ved NMBU er at 25% av tiden studenten bruker i et emne skal være kontakttid med fagpersoner, og 75% er ulike former for tilrettelagte oppgaver, læringsaktiviteter og selvstudier
    • Studieadministrasjonen sentralt sørger for et høyt nivå på støttefunksjoner for utviklingsarbeidet