Forskar på radioaktivitet i vatn

Av Marte Skjerping

Aleksander Sverdrup Aarsand forskar på radioaktivitet i vatn
Aleksander Sverdrup Aarsand forskar på radioaktivitet i vatn.Foto: Tommy Normann

For snart tre år sidan fullførte Aleksander Sverdrup Aarsand ein master i kjemi og bioteknologi ved NMBU. No er han tilbake som forskar i eit stort internasjonalt forskingsprosjekt der han ser på radioaktive stoff i vatn.

Aleksander Sverdrup Aarsand ber ei stor plastkanne i den eine handa og ein liten koffert i den andre. Han er på veg ned ein skogssti han har gått fleire gongar før. Sjølv om sola skin frå blå himmel, er vinden bitande kald. Han er på veg til ein brønn med førekomstar av radioaktive stoff, og skal hente inn prøvar som seinare skal analyserast på laben.

Radon og andre naturleg førekommande radioaktive stoff er ei stadig kjelde til bekymring i samfunnet, særleg med tanke på risiko for kreft.

I Statsbudsjettet vart det løyva pengar til NMBU til 20 nye studieplassar innan nukleære fag, som skal vere med på å sikre Noregs behov for kompetanse i framtida.

Aarsand dreg av det tunge brønnlokket, hopper oppi brønnen og opnar kofferten. Med seg har han mellom anna elektrodar for måling av pH og leiingsevne samt trakt, sprøyte og røyr for å samle prøvar til analysar på lab. Den store tiliterskanna fyller han med brønnvatn for poloniumanalyse.

Aleksander har med seg elektrodar for måling av pH og leiingsevne samt trakt, sprøyte og røyr for å samle prøvar til analysar på lab.
Aleksander i brønnen for å samle prøvar til analysar på lab. Foto: Tommy Normann

Forskar, bassgitarist og småbarnsfar

Ein time seinare er vi tilbake på campus og inne på laben.

For Aarsand var det å komme tilbake til NMBU litt som å komme heim. Han har mange gode minne frå studietida. Som student spelte han bassgitar i studentstorbandet på fritida, ein hobby han håper å kunne ta opp att på sikt.

Akkurat no kombinerer han forskarkarriera med livet som småbarnsfar, og det er velsedottera Vera som tek opp det meste av fritida.

Kontrasten til papparolla er stor der han står og handterer etsande kjemikaliar på laboratoriet.

Prøvane viser innhald av naturleg radioaktivitet

Han sørgjer for at hanskane sit godt på før han dreg fram konsentrert saltsyre og ammoniakk. Kort fortalt blir saltsyre og ammoniakk tilsett for å trekke ut jernhydroksid og polonium, som til slutt blir deponert på ein nikkeldisk.

– Det artige med denne metoden er at 10 liter vatn skal deponerast på ein nikkeldisk på størrelse med ein tjuekroning, smiler Aarsand engasjert.

Ute i felt blei prøvetakinga for radon gjort med sprøyte og trakt for å minimere luftkontakt med vatnet, og overført til eit prøveglas med organisk tellevæske. Aarsand rista prøveglaset for å ekstrahere radon frå vatnet til tellevæska. Tilbake på laboratoriet set han glaset i eit instrument og startar analysen.

Prøvane viser innhald av naturleg radioaktivitet i tillegg til andre metall og vasseigenskapar.

Dersom vi vil vite kor farleg radon er, vil vi vite både kva forhold som gir høge radonkonsentrasjonar, og om radon opptrer saman med andre skadelege stoff som til dømes polonium.

Aleksander Sverdrup Aarsand

Vi veit framleis lite om betydninga av radioaktive stoff i vatn

I omkring eit år har Aarsand vore del av RadoNorm, eit stort internasjonalt forskingsprosjekt om radon og naturlege radioaktive stoff. Sjølv ser han på førekomst av radioaktive stoff i vatn.

Vi veit framleis lite om betydninga av nokre radioaktive stoff i vatn. Det er spanande å kunne bidra til å auka kunnskapsnivået om dette.

Aleksander Sverdrup Aarsand

Han er stadig heime i Hardanger for å ta feltprøvar, ein stad der radon er ein kjent problemstilling.

Kor mange forbrukarar som har radioaktive stoff i drikkevatnet sitt er uvisst. Vi veit at førekomsten er hyppig og at dei lokale variasjonane er store.

Hushald kan ha si eiga drikkevasskjelde, så vi veit lite om kva som faktisk kan finnast rundt omkring i landet. I nokre område er radon er eit kjent problem, men dei lokale variasjonane er store, og det har ikkje forbrukarane oversikt over, fortel Aarsand.

Radon i vatn blir ikkje like nøye følgt opp av reinseanlegga som til dømes E. Coli, og helseeffekten vet vi lite om enno.

– Radon er ein gass, så sjølv om han er løyst opp i vatn, så har han lett for å fordampe ut i lufta. Har du mykje radon i vatnet og set på dusjen, vil du få ein høg konsentrasjon av radon i lufta òg, forklarer han.

Aleksander Sverdrup Aarsand er stadig heime i Hardanger for å ta feltprøvar.
Aleksander Sverdrup Aarsand er stadig heime i Hardanger for å ta feltprøvar. Foto: Tommy Normann

Glad han valde kjemi og bioteknologi

Etter å ha jobba med kvalitetskontroll av legemiddel i nokre år, førte nysgjerrigheita han tilbake til akademia. Ein naturlig ibuande nysgjerrigheit og trong til å forstå og setje seg inn i komplekse problemstillingar, gjer at forskarrolla fell han naturleg.

Aarsand bestemde tidleg at han ville jobbe med realfag. Han har aldri angra på valet av mastergrad.

– Kjemi og bioteknologi er jo eit tverrfagleg ingeniørstudium der du har både naturfag, fysikk og biologi i studiet, i tillegg til matte og jus. Eg er veldig glad for at det var denne graden eg enda opp med, fortel Aarsand.

Radonnivå høgare enn tilrådd

Funn frå drikkevassprøvar teke i Noreg på 90-tallet, viste radonnivå mange gonger høgare enn det som er tilrådd. Medan forskriftene set ein grense på 100 Bq/L, vart det denne gongen funne verdiar på opptil 31900 Bq/L. Banks et. al. (1998) The chemistry of Norwegian groundwaters: I. The distribution of radon, major and minor elements in 1604 crystalline bedrock groundwaters.

Publisert - Oppdatert

Del på