Knut-Olav Øvreeide

Av Cathrine Strømø

ku på beite
ku på beiteFoto: Janne Karin Brodin

Byggrådgjevar i Tine Rådgiving

Hvor jobber du nå?

Eg jobbar som Byggrådgjevar i Tine Rådgiving

Kan du fortelle om din nåværende jobb?

Dersom det er ein mjølkebonde med kyr eller geiter som vurdera å endre på fjøset sitt, eller byggje eit nytt fjøs kan hen ta kontakt med meg og få hjelp gjennom prosessen. Mykje av arbeidstida mi går til å teikne fjøs, og føre ein konstruktiv diskusjon med bøndene som førebur seg for framtida. Det er veldig spennande og krevjande å løyse dei ulike problemstillingane og behova dei ulike bøndene har.

Hvordan var veien fra videregående til den jobben du har i dag?

Eg var nok i ein litt heldig situasjon der eg hadde sett meg ut eit mål allereie på ungdomsskulen. Planen min var å gå jordbruksskule på Tomb Vgs, så ta ei bachelorgrad i husdyr på HiNT, for deretter fullføre løpet med ei mastergrad i husdyrvitenskap på NMBU. Dette skulle etter planen resultere i ein jobb i Tine Rådgiving, noko det gjorde!
Eg syntest at eg fekk ein god kombinasjon av praksis, teori og forskning som ga meg lyst til å ta til meg kunnskap.

Hva kan du si om studentmiljøet på NMBU?

Studentmiljøet på Ås kjem eg til å hugse som innhaldsrikt og enkasjerande. Der var aktivitetar og fag for ein kvar smak. Vi på husdyrstudiet var heldige med engasjerte forelesera som ikkje var redd for å bli utfordra fagleg. Det var kort veg mellom lesesalen og kontora, og i den felles kantina var det lett å kome i prat om alt som skjedde i forskningsmiljøet.

Har du noen råd til kommende studenter

Det fine med husdyrstudiet på Ås er moglegheita til å finne eit fagfelt som engasjera! Gjennom val av fag og oppgåveskriving fekk ein god kontakt med aktørar som seinare er potensielle arbeidsgivera.

Hvordan bidrar du/jobben din/arbeidsplassen din i arbeidet med FNs bærekraftsmål?

Det er nok nr 2 av FNs bærekraftsmål som vi kjem under. I mine arbeidsoppgåver har vi stort fokus på matvaretryggleik med råvarehandtering og smitteforebygging. Friske dyr med høg velferd gir meir og betre mjølk og kjøtt

Fakta

  • Knut-Olav Øvreeide
  • Yrkestittel: Byggrådgjevar
  • Utdannelse: Master husdyrvitenskap

Publisert - Oppdatert

Del på