Turid Katrine Gjerstad Torheim

Cancer Research UK Cambridge InstituteStudietida er ei unik moglegheit til å oppdage interesser du ikkje ante at du hadde, bruk den!

Kan du fortelle litt om din nåværende jobb?
Eg har ei postdoktor-stilling ved Cancer Research UK Cambridge Instititute, som er eit kreftforskingsinstitutt ved Universitetet i Cambridge i England. Dette er ei forskarstilling, der eg jobbar med analyse av MR-bilete av brystkreftpasientar, samt prøver å finne ut korleis vi kan kombinere informasjonen i bileta med genvariasjonar vi ser i vevsprøver fra dei same pasientane. Dette er eit stort puslespel der det målet er å kunne finne ut akkurat kva behandling som passar til kvar enkelt pasient.

Hvorfor valgte du NMBU?
Eg visste at eg ville studere noko innan realfag, men var usikker på akkurat kva eg var mest interessert i. Ved NMBU kunne eg ha eit fleksibelt studieløp, der eg nokså fritt kunne velje frå ulike fagområde. Dessutan verka Ås som ein triveleg stad å studere (eit inntrykk som viste seg å stemme).

Hvilken nytte har du av utdanningen din i nåværende jobb?
Utdanninga eg tok ved NMBU var veldig tverrfagleg, noko som kjem til nytte i den forskinga eg driv med no, der vi kombinerer kunnskap fra fleire ulike fagområde. Ein annan fordel som eg verkeleg har oppdaga etter å ha jobba saman med andre frå ulike land og institusjonar, er den nære kontakta mellom studentar og forelesarar/veiledarar. Oppfølginga eg fekk undervegs i studiet, og særleg under arbeidet med master- og doktorgrad, var noko utanom det vanlege. Eg fekk også verdifull undervisingserfaring ved å vere hjelpelærar i diverse fysikk-kurs medan eg var student, noko som er ein stor fordel om du ønskjer å arbeide i akademia.

Hva kan du si om studentmiljøet på Ås?
Ås er rett og slett skikkeleg triveleg. Sidan det er ein nokså liten stad og mange studentar bur i Ås, får du eit veldig tett studentmiljø som eg trur det er vanskelegare å finne i større byar. Ås har ei studentforeining for det aller meste, så det er gode moglegheiter for å drive med favoritthobbyen eller oppdage noko nytt.

Råd til kommende studenter?
Om du har moglegheit til det: bu i Ås. Ikkje berre er det praktisk, det gjer også at du verkeleg kjenner deg som ein del av studentmiljøet. Fagmessig vil eg tilrå at du melder deg på kurs som ser interessante ut, og ikkje berre tenkjer på kva som er mest nyttig for seinare karriere. Studietida er ei unik moglegheit til å oppdage interesser du ikkje ante at du hadde, bruk den! Eg hadde til dømes ingen planar om å drive med biologi då eg starta studiet, men endte opp med å ta ein mastergrad i biofysikk.

Fakta

Publisert - Oppdatert

Del på