Lindy Hansen, geoanalytiker

Lindy Hansen gir mange treff på internett. Stikkordet er skyting. Her dukkar det opp både olympiske og verdsmeisterskap i fleng. Ho har drege i land over 40 norske meisterskap, fleire nordiske og eit verds meisterskap. Samstundes som ho sikta seg inn mot blinkane, utdanna ho seg til sivilingeniør ved Universitetet for miljø- og biovitenskap (då Noregs landbrukshøgskole). Utafor skytebanen var det òg eit fokusert blikk som måtte til, studiedagane gikk med til GIS (geografiske informasjonssystemer) og satellittkartlegging.

Satelittbilete
I dag er Lindy Hansen tilsett i Forsvarets militærgeografiske tjeneste. Jobben dreier seg blant anna om analysering av satelittbilete. Stikkordet er krig.
– Satelittbileta er gode informasjonskjelder for geografiske data. Ikkje minst er dei oppdaterte. Vanlege kart vert fort forelda. Krig krev høgt presisjonsnivå. Seier Lindy Hansen og er takksam for dagsgamle kartinformasjonar.

Sivile bruksområde
Skyttar og geoanalytikar med krig som arbeidsfelt. Om dette høyres krigersk ut så kan utdanninga og kompetansen hennar like godt brukast til sivile og humane føremål; det vera seg miljøvern eller naturkatastofer.

Innertiar
– Utdanninga ved UMB er fagleg relevant. Løysingsorientert og midt i blinken for oppgåvene eg møter i kvardagen min. Lærarane var knall og det var medstudentane mine òg. Vi jobba i lag for at alle skulle få til best resultat. Ikkje nok med det; studentmiljøet var romsleg og robust, noko for ei og kvar. Ikkje merkeleg at Lindy Hansen smiler varmt over studievalet sitt.

Published 4. januar 2005 - 11:48 - Updated 14. February 2014 - 9:38