Energilaben

Sparer ein noko energi på å ha solfangar på taket i vinterlandet Noreg? Er treflis eit reelt alternativ til fyringsolje? Og kor mykje olje er det i eitt rapsfrø? Ved Tekniske fag på NMBU er det bygd opp ein bioenergilab kor ein kan ta med klassen og finne ut dette.

P taket: Petter H Heyerdahl demonstrerer solfangeren, og forklarer studentene hvordan den kan spare miljet for CO2- utslipp. På taket: Petter H Heyerdahl demonstrerer solfangeren, og forklarer studentene hvordan den kan spare miljøet for CO2- utslipp. Photo: Håkon Sparre

Når ein snakkar om energimangel i verda er det hovudsakleg fossilt brennstoff og elektrisk straum som er meint. Samstundes er det mange energikjelder som ikkje er utnytta til fulle enno, men som kan bli ein del av den framtidige energisatsinga.

Det meste av energien me kan utnytte på jorda har sitt opphav i sola, nokre energiformer meir direkte enn andre. På taket til bioenergilaben står det to solfangarar som varmar opp vatn. Kor langt kan ein elbil køyre på den straumen som vert spart på denne måten?

Gjennom fotosyntesen vert solenergi bunde i plantevirke. Ved å brenne planterestar, som flis, får ein utnytta denne energien att. Men korleis fungerar eigentleg eit flisfyringsanlegg, og kor effektivt er det? På laben er det konstruert ein spesiell flisfyr kor elevane kan fylgje kvart steg i prosessen.

Ein annan måte å utnytte sollyset indirekte på er å dyrke oljevekstrar, som raps, og utvinne olje frå dei. Denne olja kan brukast som biodrivstoff på bilmotoren som står på laben og vidare generere elektrisk straum. Men kor effektiv energiutnytting er dette? Bør ein bruke dyrkajorda til noko anna?

TittelBioenergilab
Tilpassa fag/nivåFysikk1 og 2, Geofag2
Varigheit45 min - 1 t og 30 min
TilbysVår 2015

Publisert - Oppdatert

Del på