Meny
Utveksling
Aktuelt
+Hvor og når

Reisebrev fra INSA Toulouse, Frankrike

  • Toulouse, Frankrike.
    Foto
    Pixabay

Eit heilt år på utveksling i Toulouse, «La ville rose» (den rosa byen), er akkurat avslutta, og med fare for å høyres veldig klisjé ut, det har vore det mest fantastiske året eg nokon gong har opplevd! 

Reisebrev fra INSA Toulouse, Frankrike

Toulouse gjorde godt inntrykk frå første stund: Taxisjåføren var pratsam og skrøyt av min stotrete fransk, temperaturane var langt over 20 grader sjølv på ein sein augustkveld og natteutsikta over elva Garonne var «breathtaking.» Fordommane mange kanskje har om at franskmenn er lite imøtekommande var i løpet av mine første timar i landet nedbrotne.

For å oppleve mest mogeleg av både den franske kvardagen og bylivet i Toulouse, valde eg å bu i ei delt leilegheit i sentrum i staden for i studentbolig på campus. Toulouse er den fjerde største byen i Frankrike og har ei befolkning på størrelse med Oslo, så for ei bygdejente er dette eit bra skritt opp. Sjølve bykjerna er godt utnytta og gjer at byen kjennast koseleg og trygg samtidig som at alt ein skulle trenge er like rundt hjørnet. I tillegg blei Toulouse i år igjen kåra til den beste studentbyen i Frankrike, og dei til saman over 100 000 studentane som går på høgskulane og universiteta i og rundt byen gjer at det er eit yrande studentliv og alltid mykje kjekt å finne på. Der er ikkje mange kveldar/helger i løpet av dette året eg har sete heime for å seie det sånn! Toulouse ligg òg godt plassert sør i Frankrike med varmt og tørt klima, og berre ein 4 timars biltur unna Barcelona og billig Sangria. 

Sjølve skulen, INSA Toulouse, ligg litt utanfor Toulouse sentrum, men er lett tilgjengeleg med ein 10-15 min metrotur. INSA Toulouse er meir ein ingeniørskule enn eit universitet, i tillegg baserer den seg på det franske skulesystemet, så sjølve skulekvardagen var ganske annleis enn kva eg er vand med. Her snakkar vi kl.08-18 skuledagar med ein to timars matpause (med varm mat) på midten, og i tillegg forventas det ein god del eigenarbeid utanom desse tidene. Dette var altså ein ganske stor overgang frå den norske, nokså slappe, studiekvardagen. Skulen var òg veldig streng på at det ikkje var mogeleg å mikse fag mellom linjer og årstrinn ettersom timeplanen endrar seg kvar veke og dei franske studentane berre må følgje si «fagpakke,» som btw òg inneheld mange «tullefag» som gym, «creative writing,» «film history,» osv. Dette gjorde det sjølvsagt utfordrande for mange av oss utvekslingsstudentane, men heldigvis var det i nokre tilfelle mogeleg å få litt spesiell «erasmusbehandling.» Elles har skulen eit 5-årig ingeniørløp ganske lik sivilingeniørutdanninga på NMBU, og sidan eg fekk ta fag opp i åra var det mykje spennande å hente fagleg. Det mest interessante var nok å lære om energimarknaden og utfordringane med fornybar energi frå det franske perspektivet, ikkje berre sett i frå vår vetle norske boble. I tillegg er det ein del norske studentar på INSA Toulouse (gjennom eit spesielt utdanningsprogram kalla NORGINSA), noko som var veldig godt å støtte seg på når det var vanskeleg å finne rett informasjon eller det oppstod problem på skulen. I løpet av eit så langt utanlandsopphald var det òg til tider godt å få snakka litt norsk og å dra på t.d. norsk julebord, 17.mai-feiring og vintur med Tekna Toulouse-gjengen.

Toulouse.

Toulouse.

Foto
Pixabay
Ei stor utfordringa med Frankrike generelt var det franske byråkratiet. Det franske byråkratiet er ingen klisjé, og nokre ting kjennast så «gamaldags» at det til tider var komisk å stå midt oppi det. Dette gav oss utvekslingsstudentane mykje ekstra arbeid, men òg mange morosame situasjonar å le av over ein øl ved Garonne etter skuletid. Språket var sjølvsagt òg ei utfordring, men den franske ungdommen er overraskande flinke i engelsk (så lenge ein tåler aksenten deira) og er generelt veldig tålmodige når ein prøver seg på fransk. Elles er det naturleg at ein som utvekslingsstudent får mange internasjonale venner, og då gjekk kommunikasjonen mykje på engelsk pga. varierande franskkunnskapar. Sånn sett har det vore veldig positivt å reise til eit ikkje-engelsk-talande land, eg har tross alt fått utvikla både andre- og tredjespråket mitt dette året.

Sosialt og kulturelt sett har det vore eit år med utruleg mange fantastiske erfaringar og opplevingar. Å vere del av ein vennegjeng med ungdommar frå heile verda er ein unik følelse, og når vennegjengen er ein miks  av folk frå Spania, Hellas, Mexico, Columbia, Portugal, Sverige, Tyskland, England,  Sør-Korea osv., er det klart at det blir mykje moro!  I tillegg er det naturleg nok mange spansktalande studentar i Frankrike, og når Toulouse då òg ligger på grensa til Spania vart det mykje salsa- og latinomusikk å nyte kveld- og nattetid både i byen og i private lag. Ein kveld på byen i Toulouse kunne inkludere alt i frå ost og vin og kortspel langs Garonne, til klamme, heimekoselege barar i typiske «Toulousiske kjellarar», til klubbar med latino-musikk, hofte-shaking og flørtande bartenderar.

Året i Toulouse har altså vore fylt av så mykje meir enn berre makronar, chat noir, ost og vin og fransk kultur, og eg hadde gjort alt om igjen utan å nøle eit sekund. Utvekslingsopplevinga vil alltid vere unik avhengig av kven du er som person, kvar du reiser og kven du møter, men på grunnlag av mi personlege erfaring i Frankrike er dette noko eg absolutt vil anbefale alle å oppleve. Nokre klisjear i livet er faktisk sanne, og dette har rett og slett vore ei heilt unik oppleving. «La vie en rose» har desidert fått ny meining i mine øyrer.   

Published 8. desember 2016 - 13:16 - Updated 8. desember 2016 - 13:17