Har du ei meining om kollektivtilbodet?

  • Buss i morgenlys
    Foto
    Shutterstock

Velkommen til ei marknadsundersøking blant studentar og tilsette ved NMBU. Undersøkinga inkluderer òg tilsette frå NIBIO, Nofima og Veterinærinstituttet.

Har du ei meining om kollektivtilbodet?

Bakgrunnen for undersøkinga er at Veterinærinstituttet og Veterinærhøgskulen skal flytta til Ås i 2020.

Dermed er det viktig å få meir kunnskap om reisevanar og reisebehov både for dei som er tilsette og studentar ved universitetsmiljøet i Ås i dag, og dei som vil få ein endra reisekvardag som følgje av flyttinga av veterinærmiljøet frå Oslo til Ås.

Undersøkinga blir gjord i samarbeid med Ruter, og vil bli brukt aktivt for å vurdera betringar av kollektivtransporttilbodet. Svara vil bli behandla anonymt og undersøkinga tek rundt fem minutt. Svarfrist fredag 3. april.

Lenke til undersøkinga

Fakta om reiser til og frå Ås i dag

For å reisa kollektivt mellom Oslo og Ås kan ein reisa direkte med tog, eller nytta toget mellom Oslo og Ski, og ta Ruters buss 510 mellom Ski til Ås. Toget går to gonger i timen mellom Oslo og Ås i rushtid, og fleire gonger i timen mellom Oslo og Ski. Ruters buss 510 mellom Ski og Ås går 12 gonger i timen i rushtida. Bussen tek 16 minutt frå Ski stasjon til NMBU. Det tek mesta seks minutt med bussen frå Ås til NMBU. Du kan òg gå eller sykla frå Ås stasjon. Det er omtrent to kilometer å gå eller sykla frå Ås stasjon til Veterinærhøgskulen. Det  tek nærare 25 minutt å gå og tett på sju minutt å sykla denne strekninga.

Ruters billettsamarbeid med Vy inneber at reiser du med tog i Oslo og deler av Viken (tidlegare Akershus fylke), kan du bruka Ruters ordinære billettar. Billettsamarbeidet omfattar i dag ikkje reiser med Vy ekspressbusslinjer 3 og 6 som stoppar ved Korsegården i Ås.

I tillegg til ovannemnde reisemoglegheiter kan du reisa med Vy ekspressbusslinjer 3 og 6 som køyrer mellom Oslo Bussterminal og Korsegården - sjå tider her. Billettar for Vy sine ekspressbussar kan i dag berre kjøpast på Vy sin eigen app, og er som nemnt ikkje omfatta av Ruters billettsystem. Det er nær ein kilometer å gå eller sykla frå Korsegården til Veterinærhøgskulen. Som eit alternativ til å gå eller sykla, er det òg mogleg å nytta Ruters buss 510 med seks avgangar i timen på strekninga mellom Korsegården og NMBU.

 

 

Kollektivtransport i Ås

Foto
Ruter

 

Published 12. February 2020 - 16:49 - Updated 10. august 2020 - 14:08