Offisiell opning av Fløy 1 i TF-kvartalet

Tysdag den 4. september er alle velkomne til den offisielle opninga av Fløy 1 i TF-kvartalet. Den markerer avsluttinga på ei gjennomgripande rehabilitering, både innvendig og utvendig av dette ikonet av ei kontorbygning frå 1960-talet.

 

 

Offisiell opning av Fløy 1 i TF-kvartalet

Fløy 1 i TF-kvartalet.

Foto
Håkon Sparre
 

Arrangementet startar klokka 12.30 tysdag 4. september og landbruksroboten Thorvald er i aksjon og vil stå for servering av drikke til dei frammøtte. Han vil både henta, opna og servera drikkeflasker.

Moderne undervisningsbygning

Fløy 1 er oppgradert for å koma i møte dagens bygningstekniske standard og krav til eit moderne undervisingsbygg. Innvendig er alle kontor, undervisings- og grupperom pussa opp og det er lagt til rette for ei langt meir fleksibel utnytting av areala enn tidlegare. Kantina er utvida med 200 kvadratmeter og bygninga har fått ein flott vestvendt takterrasse.

Stort prosjekt i NMBU-regi

Dette har vore NMBUs hittil største rehabiliteringsprosjekt i eigen regi. Målet med prosjektet har vore å oppgradera bygninga til dagens tekniske krav, laga meir fleksible areal, leggja til rette for meir grupperom, sosiale soner, læreplassar og ikkje minst ei større kantine.

Fløy 1 skal etter rehabilitering husa tilsette ved REALTEK. 

Det vert etablert 123 arbeidsplassar for tilsette og stipendiatar og 150 nye arbeidsplassar for studentar i form av leseplassar, grupperom og sosiale soner. Det vert lagt opp til at ein kan dela på areal og evt. endra forhold mellom arbeidsplassar til studentar og tilsette på ein enkel måte.

 På tysdag den 4. september står også Fløy 1 i TF-kvartalet fram i finstasen!

Foto

Kjersti Sørli Rimer

Ei bygning forma av datidas stormakter

Fløy 1 er ein del av stammen i TF-kvartalet. Det er ei tidstypisk bygning frå 1960-talet med ei interessant historie. Kvartalet vart bygd for pengar frå Marshallhjelpa, som var USAs hjelpepakke åt eit krigsherja Europa etter andre verdskrig og Kelloggs foundation. Det vart reist under den kalde krigen og utforma slik at det med enkle grep kunne verta gjort om til sjukehus.

Fløy 1 er ikkje verna, men NMBU ønskjer å ta vare på det tidstypiske. Fasaden er derfor ikkje vesentleg endra etter rehabiliteringa.

Fakta om Fløy 1 i TF-kvartalet

Det er lagt stor vekt på å halda ein klar miljøprofil gjennom bevisste val av material. 

  • Godt isolerte vindauge som gir lite varme- og kuldetap – reduserer behovet for både kjøling og oppvarming
  • Gjenbruk av material, som for eksempel teglstein 
  • Massivtre i nye konstruksjonar som kantine, rømingsvegar på utsida av bygninga og 4. etasje (tekniske rom)
  • Sedumtak (av planten bergknapp) som dryger avrenning av takvatn og synlege overvatn løysingar på bakkenivå 
  • Solceller i fasade med ein forventa energiproduksjon på 50-60 000 kWh årleg som utgjer 10 % av det totale forbruket for Fløy 1
  • Prosjektet er finansiert av KD med 35 millionar og NMBU 100 millionar

Denne artikkelen er omsett til nynorsk:

Offisiell åpning av Fløy 1 i TF-kvartalet
Tirsdag den 4. september er alle velkomne til den offisiell åpning av Fløy 1 i TF-kvartalet. Den markerer avslutningen på en omfattende rehabilitering, både innvendig og utvendig av dette ikonet av en kontorbygning fra 1960-tallet.

Published 31. august 2018 - 15:22 - Updated 17. April 2020 - 12:53