Behov for å bruka PC som tilrettelegging ved eksamen?

Søkjer du informasjon om digital eksamensavvikling for eit emne finn du informasjon om dette her Informasjon om digital eksamensavvikling ved NMBU.

Denne artikkelen gjeld bruk av PC som tilretteleggingsform. Hugs at du må gi beskjed for behovet for bruk av PC, som tilrettelegging, ved eksamen før avmeldingsfristen for kvar eksamensperiode.

PC ved eksamen?

Viktig ved behov for å bruka PC ved ein eksamen

Viss du har søkt om og fått innvilga bruk av PC, som tilrettelegging, ved avsluttande eksamen i ordinær eksamensperiode må du hugsa følgjande:

Du må gi beskjed før avmeldingsfristen om behovet for å bruka PC på ein avsluttande eksamen. Dette må du gjera for kvar eksamensperiode og gjeld sjølv om du har innvilga «bruk av PC» som tilretteleggingsform.

Dersom du ikkje gir beskjed innan avmeldingsfristen mistar du retten til bruk av PC for den eksamen/eksamensperioden. Kontakt tilretteleggingskontoret på tilrettelegging@nmbu.no for å melda inn behovet for bruk av PC ved eksamen.

 Akademisk kalender

Frist for å gi beskjed om behov for å bruka PC:     

Gjeld for eksamensperiode:

Første onsdag i augustblokk                  Augustblokkeksamen
1. november Haustparallell og konte/ny eksamen haust
Første onsdag i januarblokk Januarblokkeksamen
1. april Vårparallell og konte/ny eksamen vår
1. mai Juniblokkeksamen
  • Ved bruk av PC vil eksamen bli heldt i eigen datasal, unntak kan gjelda ved eksamener med digital eksamensavvikling.
  • Programma Textpilot og Lingdys er installerte - hjelper med rettskriving, ordval og opplesing av tekst (talesyntese).
  • Dersom du skal bruka opplesingsfunksjonen (talesyntese) i Textpilot/Lingdys, må du ta med eigne øyretelefonar.
  • Du får utdelt eksamensoppgåva i papirform så framt ikkje anna er avtala med tilretteleggingskontoret.
  • Det er berre tilgang til Word under eksamen, ikkje andre program som f. eks Excel.

Korfor blir eg ikkje automatisk plassert på datasal når eg har fått innvilga bruk av PC ved eksamen?

  • Bakgrunnen for du ikkje automatisk blir plassert på ein eksamenssal med tilgang til bruk av PC, er omsynet åt dine behov ved kvar enkelt eksamen (kan variera etter oppgåva si form), faglege krav og logistikkutfordringar ved eksamensavviklinga.
  • Informasjon om kva for sal du skal sitja i, under skriftleg avsluttande eksamen, finn du på Studentweb ca. 2 veker (ca 1 veke i blokkene) etter avmeldingsfristen. Gi beskjed dersom du er usikker på om du er plassert i rett sal.
  • Oversikt over rom/saler som vert bruka til eksamen.
  • Hugs å møta i god tid før eksamen.

Treng du oppgåva elektronisk?

Du får utdelt eksamensoppgåva på papir i datasalen. Dersom du har behov for å ha oppgåva elektronisk må du gi beskjed til tilretteleggingskontoret seinast 2 veker før eksamen.

Når du ikkje har behov for PC ved ein eksamen

Viss du ikkje har behov for å bruka PC ved ein eksamen blir du plassert på ordinær eksamenssal og får ekstra tid:  

  • 15 minutt forlenga tid ved eksamen med inntil 1,5 timers varigheit.
  • 30 minutter forlenga tid ved eksamen med 1,5 til 4 timers varigheit.
  • 1 time forlenga tid ved eksamen med varigheit meir enn 4 timar.

Behov for å bruka PC ved delprøver?

Dersom du har eit sterkt behov for PC ved ein delprøve må du kontakte tilretteleggingskontoret tilrettelegging@nmbu.no med ein gong du får vita tidspunkt for prøven, slik at det kan verta avklart om det er mogeleg å leggja til rette for bruk av PC. Ventar du for lenge med å ta kontakt vil du ikkje få bruka PC ved den aktuelle prøven.

Published 20. januar 2016 - 9:53 - Updated 7. juli 2020 - 13:51