Søkja om tilrettelegging

For å få tilrettelegginga du treng må du søkja og levera dokumentasjon innan fristen. Dersom du allereie har tilrettelegging må du melda behov for kvar enkelt eksamen. Det blir sendt e-post til dei som allereie har innvilga tilrettelegging om innmelding av behov, med ein frist for tilbakmelding, i forkant av kvar eksamensperiode.

Søke om tilrettelegging

Elektronisk søknadsskjema for tilrettelegging ved studie og eksamen: 

Førstegangssøknad om tilrettelegging ved eksamen

 

  • Søknaden din må vera sendt innan søknadsfristen (sjå under).
  • Dokumentasjon frå medisinsksakkyndig eller lege kan du ettersenda innan 2 veker etter søknadsdato. Er du i tvil om kva ein medisinsksakkyndig er kontakt tilretteleggingskontoret.
  • Ettsending av dokumentasjonen sender du til arkivet@nmbu.no
  • Etter fristen er det berre viss du får akutt sjukdom/skade som det vil bli vurdert tilrettelagt for ved førstkommande eksamensperiode.
  • NB: Allergi - blir du dårleg av allergi vert ikkje dette rekna som ein akutt tilstand og du må søkja om tilrettelegging innan søknadsfristen for semesteret.

Frister

Første onsdag i augstblokk - eksamen/prøver i augustblokk.

1. oktober - eksamen/prøver i haustsemesteret, og ny prøve/konte haust og eksamen/prøver i januarblokk (nye søkjarar).

1. november - innmelding av behov for tilrettelegging ved kvar enkelt eksamen (for dei som allereie har innvilga tilrettelegging).

1. mars - eksamen/prøver i vårsemesteret, og ny prøve/konte vår og eksamen/prøver i juniblokk (nye søkjarar).

1. april - innmelding av behov for tilrettelegging ved kvar enkelt eksamen (for dei som allereie har innvilga tilrettelegging).

Krav til dokumentasjon

For at vi skal kunne behandla søknaden din om tilrettelegging må du levera dokumentasjon på behovet ditt, dvs. legeerklæring, spesialistrapport, dysleksiattest eller tilsvarande.

Skjema for utfylling av lege eller medisinsksakkyndig

Dersom sakkyndig ikkje nyttar NMBUs skjema må dokumentasjonen innehalda:

  • Namn på student.
  • Fødselsnummer.
  • Kor lenge dokumentasjonen er gyldig.
  • Om tilretteleggingsbehovet er kronisk eller akutt.
  • Viss tilretteleggingsbehovet skuldast allergi må det presiserast kva for månedar det er behov for tilrettelegging.
  • Kva for tilretteleggingstiltak sakkyndig meiner er nødvendig for å kompensera for ulempene funksjonsnedsettinga di medfører.
  • Dokumentasjonen må være datert, signert av lege eller annan sakkyndig og stempla.

Spesielt ved allergi

  • Dokumentasjonen frå lege eller medisinsksakkyndig må stadfesta at plagene du har, som følgje av allergien, er så store at det er foreineleg med at du må få ekstra tid ved eksamen for å oppveia for plagene.

Hensikta med tilrettelegging er at den skal kompensera for dei ulempene funksjonsnedsettinga di medfører, samtidig som ein i størst mogleg grad skal sikra at alle kandidatar vert prøvd likt.

Dersom du er student ved NMBU og har

 
  • Lese- og skrivevanskar/dysleksi
  • ADHD
  • Asperger
  • Svaksynt/blind
  • Nedsett hørsel
  • Nedsett bevegelsesevne
  • Psykososiale vanskar
  • Kronisk sjukdom
  • Andre årsakar

kan du ha rett til tilrettelegging ved studier og eksamen.

PS: Ved Campus Ås vert det ikkje gjeve tilrettelegging som følgje av anna morsmål enn norsk.

Har du spørsmål eller ønsker et møte Kontakt oss på tilretteleggingskontoret.

 

 

 

Published 2. April 2014 - 15:10 - Updated 7. juli 2020 - 13:33